Klassekampen.no
Mandag 2. oktober 2017
Venstresida treng ein større debatt enn den valtaktiske.
Ikkje for dei få

Valresultatet var ein etterlengta opptur for oss til venstre for Ap. Raudt kom inn på Stortinget, og SV har snudd tilbakegang og stagnasjon til ein markert framgang. Det er grunn til å gleda seg, og dei par tusen nye medlemmene gir håp om ytterlegare framgang. Samtidig er det grunn til å stilla spørsmåla: Kvifor gjekk me ikkje endå meir fram? Kva må til for å styrka venstresida endå meir?

Eg sympatiserer med dei som argumenterer for eit tettare samarbeid mellom dei to partia. Men om det skulle bli alvor av slike planar no, ville det snarare føra oss ned i skyttargraver enn opp på målingar og i valresultat. Det er å starta diskusjonen i feil ende, og å redusera venstresida sine utfordringar til den valtaktiske: korleis få betre utteljing i folkevalde organ for ei gitt oppslutning i folket.

Målet bør vera vesentleg høgare oppslutning enn i dag. Ved å sjå ut over landegrensene kan me enklare forstå den politiske og strategiske utfordringa, og kva som står på spel. Ap sin tilbakegang her heime er berre eit svakt ekko av sosialdemokratiet sin kollaps i Europa. I Frankrike, Hellas og Nederland har tidlegare statsberande sosialdemokratiske masseparti brått blitt reduserte til vanlege, små parti. Valet i Tyskland viste den same tendensen.

Dette er parti som har slutta å vera sosialdemokratiske. Dei har gitt opp kampen for kjerneveljarane sine interesser og ønske om små forskjellar og eit regulert arbeidsliv. Leiarsjiktet i partia kjenner konsernleiarar betre enn arbeidsfolk, og har erstatta interessekamp med tannlaus «sosial dialog». I valet mellom sosialdemokrati og EUs indre marknad har dei valt det siste.

Dei lèt etter seg eit stort politisk rom. Spørsmålet er kven som fyller det – og med kva.

Kva skjer den dagen endå mange fleire oppdagar det same i Noreg, som mange allereie har oppdaga elles i Europa: at såkalla sosialdemokratiske parti ikkje leverer? Står venstresida klar til å ta over? Har me eit politisk program som famnar breitt nok, utan å vera innhaldslaust og vassent? Er me klare til å ta dei konfrontasjonane som trengst, og la symbolsaker liggja? Har me tilstrekkeleg organisatorisk styrke, blanda med ei open haldning til nykomarar?

Når denne dagen kjem, kan me ikkje vita. Kanskje er han her allereie, utan at me har forstått det. Difor bør dette perspektivet vera med i det daglege politiske arbeidet frå no av.

Her er tre synspunkt til diskusjonen framover:

1. Ei samlande venstreside må invitera folk til eit breitt interessefellesskap. Me bør dyrka ein identitet som ekskluderer eigarane av storkonserna, og inkluderer dei fleste andre. Profittfri velferd og kamp mot dei superrike si skattesnyting er veleigna saker for å illustrera den sentrale interessemotsetninga.

2. Venstresida må ha ein plan for korleis me kan sikra både velferdsstaten, trygge jobbar og felles eigarskap til naturressursar og infrastruktur. Det betyr at me ikkje kan vika unna konfrontasjonar med konkurransereglane på EUs indre marknad eller i «handelsavtalar» som Tisa.

3. Venstresida må vera av og for folk flest. Det forpliktar til eit større mangfald i kven som er tillitsvalde, folkevalde og aktive. Det må vera kort veg frå erfaringane folk gjer seg i arbeids- og kvardagsliv, til arbeidet i politiske organ. Dei som har politikk som yrke må vera i klart mindretal.

Ein debatt om det politiske prosjektet er både viktigare og meir interessant enn den om dagens partiskiljer. Også diskusjonen om venstresidas framtid må vera for dei mange, ikkje for dei få.

ingrid.fiskaa@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 9. oktober 2017 kl. 11.57

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk