Klassekampen.no
Lørdag 30. september 2017
Kierkegaard: Kunna ha teke ein rundvask frå tid til anna.
Sjølvdisiplin er ein startmotor som ikkje bør bli ståande og kinna.
Lukka i arbeidet

Eit vindkast grip fatt i plasten som eg har lagt utover til dekke, heiser han til vêrs som eit segl. Døra som eg held på og målar, slår att, målingsboksen tek overhaling, eg greier så vidt å berga han mens lange dropar av blått flyg frå penselen.

Så skiftar vinden, slepper taket i plasten og gjev seg til å dansa rundt i ring med det første tørre haustlauvet, sopar det ihop i små dungar under hagebord og hagebenk.

Fire dagar har vêrmeldinga gjeve meg til å få gjort alt som gjerast må før det blir vått og kaldt igjen. Dei to ytterdørene hadde vel kanskje tolt ein vinter til, men det er fælt så slitne dei er. Og stresset med å koma i gang er verre enn sjølve jobben. Kan ein bruka vanleg måling på teakdører, og i så fall kva farge? Kva har eg igjen frå tidlegare år av penslar og white spirit, og kor har eg gjort av det? Skal eg dekkja glasrutene med maskeringstape, må eg verkeleg skru av lås og handtak, er det sant at det må gå to døgn mellom impregnering og første strok med maling?

Eg er ikkje den einaste som nyttar tørkevêret. Det er slik støy her ute på landsbygda at eg knapt kan høyra kråkene som sit og kra-ar i lønnetreet over meg. Utanfor steingjerdet mot sør driv nokre digre maskinar og samlar opp flathøy. Utanfor steingjerdet i nord bergar dei kornet. Dei lagar djupe gjørmespor i både eng og åker, og rundt omkring står det att teigar på fleire mål med vissent gras og rotnande bygg fordi det er så vått at maskinane søkk nedi. Dei utanlandske leigekarane inni styrehusa skal berre raska med seg mest mogleg forteneste på kortast mogleg tid, og bryr seg ikkje om eit jordsmonn som ikkje eingong dei innfødde gidd ta vare på.

Under slike tilhøve er ein nøydd til å ta seg sjølv i nakken om det skal bli måling på dørene. Men sjølvdisiplin er ein startmotor som ikkje må stå og kinna for lenge. Det gjeld om å koma i flyt, slik at målinga glir jamt og presist frå penselen til trevirket i kraft av sin eigen natur.

Når ein har arbeidd ei stund, gløymer ein seg sjølv og blir rein handling. Ein stig opp i ein tilstand av himmelsk sæle, heilt utan den stusslege sjølvoppgjevinga i «vil du gjerne lukka nå, då fyrst deg sjølv du gløyma må». Egoet blir berre verande ein stad der nede, saman med namn og adresse og kjensla av ikkje å vera god nok. Hadde Søren Kierkegaard gjeve tenestejenta fri og rundvaska huset i staden for å gå omkring og kjenna på dei angstfylte fornemmingane sine, hadde filosofien hans fått ein mykje lysare tone.

Ja, det gjer nok sitt at dei larmande innhaustingsmaskinane har køyrt sin veg saman med traktorar og tilhengjarar. Endåtil kråkene er borte. Alt som er att, er kjøtmeis og trast og leikande vind. Eg lèt penselen søkkja og tek eit par steg tilbake. Det er ingen flekkar på glasrutene. Målinga dekkjer tett og jamt, med ein himmelsk blåfarge som skal stråla mot meg kvar gong eg kjem heim i haustmørket og lukkar meg inn til meg sjølv.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Når ein har arbeidd ei stund, gløymer ein seg sjølv»

Artikkelen er oppdatert: 9. oktober 2017 kl. 11.07

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk