Klassekampen.no
Egenmelding:

Siste kulturoppleving: Krimromanen «Cash» av Jens Lapidus. Den er så dårleg.

Politisk enkeltsak: Tvangs­samanslåinga av Troms og Finnmark. Eg er heilt imot.

Kva trur du på: At gode ting kan skje.

Førebilete: Farmor.

Kva les du dagleg: Lokalavisene Finnmarken og Ságat.

Ditt lydspor: Stein Torleif Bjella. Han har mellom anna låten «Nordnorske kjærleiksdikt».

Kva er det verste du veit: Å stryke klede. Det er ikkje så ille å stryke elevar, det er ein del av jobben.

Kva er det folk ikkje veit om deg: Eg var veldig fan av prinsesse Diana, og eg blir veldig opprørt når eg ser folk rakke ned på henne på Facebook. Eg har sett alle programma om henne på NRK i haust.

Hausten 2001: Arbeidarpartiet har gjort sitt dårlegaste stortingsval sidan 1924 og må gje opp regjeringsmakta. Ein av dei som må flytte ut av regjeringskontora, er Helga Pedersen, politisk rådgjevar i Handelsdepartementet. På dette tidspunktet er ho 28 år. Tilbake i Finnmark deltek Helga på oppsummeringa hos Finnmark Arbeidarparti. Den eine etter den andre av delegatane på Rica Vadsø Hotell går opp på talarstolen og peikar på det same.

– Alle peika på leiinga og det som hadde skjedd i Oslo. Då gjekk eg på talarstolen og sa at om vi berre skulle leggje skulda på andre og vere sure, då kom ikkje dette til å gå bra. Det var ein ekstremt upopulær ting å seie. Den kvelden sat eg heilt åleine ved eit bord under middagen. Eg fekk verkeleg ei kald skulder. Då tenkte eg at dette var nok det siste parti­møtet for min del.

Partikarrieren til Helga kunne dermed ha bråstoppa der, ein haustkveld i Vadsø for 16 år sidan. I staden blei ho statsråd, nestleiar og parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet. Og så ein dag pakka ho sakene og stakk nordover: heim til sauane i Vestertana.

Helga vaks opp på gard i Vestertana. Mor var sjukepleiar og far var bonde og fiskar.

– Du var ein heilt vanleg ungdom?

– Ja, men det var vel ingen av oss som var «heilt vanleg», for vi var jo berre fire. Vi gjekk på skule her i Vestertana. Det var høgst uvanleg. Då eg starta på skulen, var vi berre to.

Fakta:
Helga Pedersen

Alder: 44 år.

Sivilstatus: Gift med Erik (dei brukte pengane på takshingel i staden for gifteringar). To barn, éin katt og nokre hundre sauar.

Aktuell med: Etter 14 år som fylkes­ordførar, fiskeriminister, Ap-nestleiar og parlamentarisk leiar er Helga Pedersen tilbake som lærar og sauebonde i Vestertana.

Skulen heldt til i det vesle kapellet i Vestertana. Det såg ikkje veldig ut som ein skule.

– Vi hadde rett og slett ingen leikar. Vi skreiv ein gong brev til rektor og spurde om vi kunne få eit tau og ein spade, sånn at vi kunne klatre i trea og lage snøholer, og det fekk vi.

Det var fyrste gong Helga Pedersen prøvde seg på å påverke makta.

Vestertana, ja. Her snakkar vi om ei skikkeleg lita bygd i utkanten av Tana kommune. Frå hovudvegen er det eit par kilometer på ein humpete småveg før huset til Helga Pedersen og familien dukkar opp. Inne ser det ut akkurat som hos småbarnsfamiliar flest: leikar og bøker overalt. Halve stova er okkupert av eit hus ungane har konstruert av pappkasser. Det ser påfallande vanleg ut: ikkje akkurat som huset til eit av dei store namna i den moderne Ap-soga.

Vidaregåande tok Helga i Bayeux i Frankrike. Nokon ertar Oslo-elitisten Jonas Gahr Støre fordi han snakkar fransk. Helga Pedersen er berre ein heilt vanleg finnmarking som kan norsk, samisk, engelsk, fransk og russisk. Då Helga kom tilbake frå Frankrike, jobba ho eit år heime. Då fekk ho sitt fyrste verv i partiet.

– Arbeidarpartiet har alltid vore ein del av mitt liv. Mamma og pappa diskuterte alltid politikk heime. Pappa var i Arbeidarpartiet, mamma i KrF. Og så hadde eg bestemor som gjekk hakket lengre. Mamma og pappa sa «du må setje deg inn i ting og gjere deg opp di eiga meining». Farmor var sånn: «Då Høgre hadde makta, kom dei og tok den einaste kua.» Ho hadde opplevd trettitalet. «Alt vi nyt godt av i dag, kan vi takke Ap for. Så du må aldri røyste noko anna enn Arbeidarpartiet.»

Helga studerte i Bergen og i Tromsø, og så bar det heim att. Det var fyrst då politikken tok henne for alvor.

– Det var då eg byrja ta verv.

– Det er vel ofte sånn at ein oftare får verv enn tek dei?

– Ja, det var ikkje veldig hard kamp. Då blei eg sekretær i Tana Arbeidarparti, vara til fylkestinget og medlem av samepolitisk råd og styremedlem i kvinnerørsla i partiet.

Våren 2000 kom Helga inn som politisk rådgjevar for handelsminister Grete Knudsen.

– Det var ei veldig viktig erfaring. Eg var nok ikkje ein spesielt god rådgjevar, men det var nyttig å lære prosessar og sjå korleis ting fungerte.

Men Stoltenberg 1-regjeringa kræsjlanda så det song då valnatta kom. Ap-veteran Martin Kolberg har kalla den reformivrige regjeringa «ein skandale og ein katastrofe», og Helga seier seg ikkje usamd i skildringa. Og det er altså denne regjeringa Helga ville snakke om den dagen i Vadsø i 2001. Ho tenkte med seg sjølv at om dei var så sure, var ikkje det ein plass å bli verande. På den andre sida: Sjansen var vel heller ikkje så stor for at partiet ville bruke henne til noko.

– Men dagen etter gjekk Karl Eirik Schjøtt-Pedersen opp og sa at han ikkje var einig i det eg hadde sagt, men «Helga hadde kanskje nokre poeng». Då kom det faktisk mange eldre bort og sa dei hadde vore litt tøffe med meg, og så blei det litt betre stemning, forklarer Helga.

– Kva slags liv levde du utanfor politikken?

– Eg var jo næraste nabo med Foxy pub og disco i Tana bru, då. Eg var kanskje meir der enn eg er stolt over å kunne seie i ettertid.

– Lever Foxy i dag?

– Nei, no er det kyrkjelydshus, seier Helga og ler høgt.

– Dei siste åra har eg vore der på babysong. Det var litt rart.

For nokre veker sidan var ho på skulestartgudsteneste i gamle Foxy.

Apropos: Ap har aldri vore nokon søndagsskule, ei heller nordpå. Men Helga var ikkje av typen som heldt kjeft om det ho var misnøgd med:

– Eg skreiv nokre lesarbrev i avisa om gubbekulturen i partiet, og om at det ikkje var noko greitt å vere ung i partiet og ha andre syn enn resten. Det var ein kommentator i ANB som skreiv i Finnmarken at det ikkje var nokon gubbekultur i Ap. Då skreiv eg eit svar om at «jo, det er det faktisk».

Men desse gubbane hadde ein plan for Helga. Året etter tok Alf Jakobsen, mangeårig ordførar i Hammerfest, kontakt. Han ville at Helga skulle stille som fylkesordførarkandidat. I Finnmark er dette eit vesentleg meir sentralt verv enn i meir folkerike fylke sørpå. Helga hadde framleis ikkje fylt 30 år.

– Men du sa berre ja?

– Tja. Eg følte jo at no var livet over.

Ho hadde sett korleis forgjengaren hadde fått hard medfart av både media og partifellar.

– Eg tenkte at det der hadde eg absolutt ikkje lyst til å gje meg ut på sjølv. Eg måtte sove på det. Men det er litt sånn at bordet fangar. Når eg hadde skrive lesarbrev om gubbe­kulturen og sagt at ungdomen ikkje slepper til, då hadde eg ikkje noko val.

Det skulle vise seg at toppkandidat Pedersen var ein suksess for Finnmark Ap. I 2003-valet fekk Finnmark Ap 40,2 prosent. Det var 9,2 prosent­poeng betre enn førre fylkestingsval. Framgangen var klart størst i landet. 30-årige Helga blei landets yngste fylkesordførar.

– Eg likte det. Men det eg hadde tenkt på førehand stemte ganske bra: Livet slik eg kjende det, var jo over.

– Det blei ikkje så mykje Foxy?

– Nei, det blei veldig lite Foxy.

Sørpå hadde Ap, SV og Sp samla seg om eit felles prosjekt. Og fire år etter det bitre valnederlaget kunne Jens Stoltenberg entre scena i Folkets hus i Oslo som den store sigerherren: I 2005 var Ap igjen i regjering. Og no var det bruk for ein fiskeriminister.

– De vinn valet. Og så ringjer Jens. Korleis var det?

– Å, det var heilt forferdeleg. Eg synst verkeleg det var ille. Eg gråt og eg gråt. I fleire dagar. Og så måtte eg pakke – eg skulle jo dra dagen etter.

Helga ville helst vere fylkes­ordførar. Arbeidet med arbeidsplassar, kulturnæring og mykje anna i nord var spanande. Kva skulle ho i Oslo å gjere? Men sånn blei det, altså.

Den nye arten kongekrabbe hadde krabba inn i norske farvatn, og finnmarkingane hadde ikkje lov å fiske på den. Det fekk ho endra.

– Det har gjeve eit oppsving i fisket her i Aust-Finnmark.

På andre sida av fjorden frå huset til Helga ligg det eit fiskemottak.

– Det var ikkje der for 15 år sidan, seier Helga nøgd.

I oktober 2005 hadde Pedersen kofta på seg då ho kom ut på Slottsplassen som statsråd. Aldri før hadde ein same fått sete ved Kongens bord.

– Mange, særleg eldre samar, sa at det var eit sterkt augeblikk.

Og ja, kofta er politikk:

– Eg hugsar ein kommentar i VG skreiv: «Tenkte man at minoritets­kvoten ble dekket da én statsråd i samedrakt svinset rundt på Slottsplassen?». Det var ganske sårande. Ein ting er at det ikkje er noko særleg å bli oppfatta som ein svinsande same. Men for det andre underkjenner det kor tøft samane har hatt det opp gjennom åra. Kor tøff fornorskinga og den personlege fornedringa har vore.

2005 blir til 2006. Dette byrjar bli ein gjengangar, men igjen var det nokon som ville ha Helga vidare.

– Det hadde gått nesten eitt år i regjering då eg fekk telefon om å møte på partikontoret. Det var mykje som gjekk bra, men vi hadde òg krevjande diskusjonar. Det var mykje kjeft å få. Og så ringde Martin Kolberg og sa «du må kome på Youngstorget. Rådgjevaren min sa: «Berre smil og sei at du har alt under kontroll.» Då svarte eg at «nei, han skal nok seie at no må eg reise heim». Der sat eg og drakk kaffi med Martin på partisekretærkontoret, der det er bilete av alle dei gamle partisekretærane. Eg sa at «no skulle bestemor sett meg, ho ville aldri trudd at eg skulle hamne her», seier Helga, og held fram:

– Då svarte Martin at «ja, og det har ho grunn til, for det eg skal spørje deg om er om du vil bli nestleiar i Arbeidarpartiet».

Det går eit nesten forpint drag over andletet til Helga, sjølv elleve år etter. Og reaksjonen?

– Å, gud! Og, då, då, tenkte eg at «oioioi».

Denne gongen måtte ho tenkje seg om grundig om, men det blei ja.

– Korleis oppfatta du å samarbeide med Jens Stoltenberg?

– Det har jo vore eit samarbeid til mest glede, og av og til kjensla av å måtte rive seg i håret. Han er ein av dei store i norsk politikk. Det var veldig gjevande å samarbeide med han. Han hadde ei veldig god kjensle av kva som rørte seg i partiorganisasjonen. Og så var det tidvis ganske frustrerande med alle tala og alle dei samfunnsøkonomiske utrekningane. Når du skulle ta opp ei sak med Jens, måtte du verkeleg kunne leksa di.

– Som nestleiar er du saman med partisekretæren den næraste rundt partileiaren. Men mitt inntrykk er at han i stor grad heldt seg med ein krets av menn som var hans rådgjevarar.

– Eg opplevde at når eg sa «høyr her, no har eg noko viktig å seie», så høyrde han etter. Han tok jo parti­leiinga veldig på alvor. Men det er nok også riktig at han hadde mange mannlege rådgjevarar og andre nøkkelpersonar som han lytta til. Men det biletet er nyansert, altså.

– Tenkte du på noko tidspunkt at du hadde møtt gubbeveldet på ny?

– Ja, sjølvsagt har det vore augeblikk der eg har tenkt det. Men det skal også seiast at når eg har teke opp det, for det hende det jo at eg gjorde, så tok Jens det på alvor.

Etter fire år ønskte ho å gå til Stortinget. Ei kjelde med solid fartstid i stortingsgruppa omtaler Helga Pedersen som Aps beste parlamentariske leiar på fleire tiår. Ho har ord på seg for å sjå alle, og for å gje folk interessante oppgåver.

– Det å bli parlamentarisk leiar var noko eg verkeleg hadde ønskt meg – i god tid før valet. Det var eg kjempeglad for at eg fekk lov til. Ein ting var å få jobbe med breidda i politikken, men ikkje minst var det fint å jobbe med gruppa som eit lag.

I 2013 tapte Ap stortingsvalet, og Helga blei kommunalpolitisk tals­person.

– Hadde ein i 2013 eit klart svar på kvifor ein ville gå i regjering?

– Nei, og det var òg ein del av svaret i 2013, at vi ikkje var tydelege nok på kva som var prosjektet.

I 2017 går altså partiet på ein ny smell. Også no meiner Pedersen at problemet er at ein ikkje har svar på hovudspørsmålet: Kvifor skal Ap ta over styringa av landet?

– Er det litt rart at de konkluderte med det då, og ikkje hadde det fire år etter?

– No er vi jo ikkje ferdige med oppsummeringa, men mi personlege meining er at det er veldig overraskande at fallet på målingane kom. Derfor bør eg vel vere audmjuk ein månad etterpå. Men det store svaret, meiner eg, er at vi ikkje hadde eit godt nok svar på kva vi ville.

Problemet er også organisatorisk:

– Arbeidarpartiet har eit stort mangfald av politikarar. Men vi treng å få fram fleire profilar som er unge menn, desse yrkesfaggutta. Dei er ein veldig viktig del av Ap og kven vi er. I tillegg har vi ei utfordring med å få fram kvinnelege profilar som varer lenge. Kor er dei etter fylte førti?

– Tja, dei har vel flytta heim til Vestertana?

– Jo, eg har jo mine grunnar for at eg sit her. Men det burde ha vore fleire kvinnelege politikarar over 45 og 50.

– Kontrasten mellom general­sekretær i Nato og sauebonde i Vestertana: Større kan den knapt bli?

– Nei, kanskje ikkje. Men eg tenkjer jo at det er litt fint? Eg føler meg utruleg heldig som får lov til å leve her. Det er gøy å undervise, og ikkje minst å vere i lag med unge folk. På Stortinget er det jo mykje vaksne.

– Fekk du jobbtilbod i Oslo?

– Nei, ingen! Det burde eg kanskje vore litt uroa over, seier ho og klukkler.

– Kjem du til å gjere som di eiga farmor og instruere komande generasjonar om at det einaste ein kan røyste på, er Arbeidarpartiet?

– Ja. Det er klart eg seier at dei må avgjere sjølv, men eg meiner jo at dei må røyste Ap når dei blir gamle nok. Barna mine har stor fridom, kanskje litt i overkant. Men om dei leflar med høgresida, skal dei få køyrt seg i nokre debattar, ja.

jensk@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 9. oktober 2017 kl. 11.17

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk