Klassekampen.no
Lørdag 30. september 2017
Ny sesong: Den actionfylte andresesongen av «Okkupert» hadde premiere på strømmetjenesten Viaplay i går. På nyåret blir den å sjå på TV 2. Foto: Viaplay
I første sesong okkuperte Russland Noreg. I sesong to held konflikten fram.
Det irakiske Noreg
Sesong to av «Okkupert» er glattare og meir actionfylt enn den førre.

«Okkupert», sesong 2

(Noreg/ Frankrike, 2017)

Hovudregi: Erik Skjoldbjærg.

Manus: Karianne Lund, Ståle Stein Berg, etter ein ide av Jo Nesbø.

Med: Janne Heltberg, Henrik Mestad, Eldar Skar, Ane Dahl Torp, Selome Emnetu, Ingeborga Dapkunaite.

Lengde: Åtte timelange episodar.

Vist på: Viaplay.

melding

HHHHII

Andre sesong av «Okkupert» startar åtte månadar etter at handlinga i første sesong slutta. EU har godkjent Russlands vidare okkupasjon av Noreg, eksstatsminister Jesper Berg (Henrik Mestad) lever i eksil i Sverige, og den militære motstandsrørsla, Fritt Norge, har lide store tap. Den russiske ambassadøren Irina Sidorova (Ingeborga Dapkunaite) styrer i praksis landet frå sitt nye hovud­kvarter i Oslo Rådhus.

Første sesong av «Okkupert» stilte ei rad nifst aktuelle spørsmål om overgangen til fornybar energi, norske forsvarsstrategiar og konstitusjonelle dilemma under ein okkupasjon. I sesong to er okkupasjonen den nye normalen. PST under leiing av Hans Martin Djupvik (Eldar Skar) er ein rein reiskap for okkupasjonsmakta og opererer stadig lenger ut i den borgarrettslege gråsona. Oslo har vorte ein hovudstad der terrorbomber smell jamleg, medan forsvaret, regjeringa og Stortinget er splitta i sine freistnader på å attvinna sjølvstyre. Denne konflikten er framleis prega av ulike syn på kva ein bør og kan risikera av tapte, norske liv. Sesong to forskar vidarere både på konfliktar som var aktuelle i Noreg under andre verdskrig og slike vi har sett spela seg ut i moderne stormaktsokkupasjonar knytt til energikontroll.

Ut frå dei to første episodane vil den interne maktkampen blant dei okkuperte blir tydlegare, etter kvart som fleire ser seg tente med å posisjonera seg for makt under russisk overherredømme. Jesper Bergs statssekretær Anita Rygg (Janne Heltberg) blir her sentral. Vonleg vil dette bli utforska nærare, for tematisk kjennest oppstarten av den nye sesongen litt stilleståande frå første sesong. Action er det derimot meir av.

Det er ikkje uvanleg i tv-seriar at handlinga går fortare og blir meir intens når rollene først er presenterte og konflikten er etablert. Slik er det også i «Okkupert 2», der militæret har fått ei viktigare rolle og vi blant anna ser fleire reine krigskonfrontasjonar. Serien ser også meir påkosta og strigla ut i kostyme- og produksjonsdesign. Noko som framleis er svært positivt med «Okkupert» er evna til å inkludera den moderne teknologikvardagen i serien. I sesong to får også dataspel ei viktig rolle. Serieskarane viser også vilje til å visa og ta i bruk det mangfaldige Noreg. Skodespelarane har alle slags kombinasjonar av dialektar og hudfarge, noko som yter til realismen i serien, i tillegg til at det gjev oss forfriskande andre fjes enn dei mest resirkulerte i film- og tv-bransjen.

guri.kulaas@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 9. oktober 2017 kl. 11.19

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk