Klassekampen.no
Lørdag 30. september 2017
Ein Meditasjon: Noriaki Kasai svevar over Planica i Slovenia. Foto: Jure Makovec, AFP/Scanpix
Svev: Endre Ruset skriv fornøyelege haiku om skihopparen Noriaki Kasai.
Å hoppa etter Basho

I serien «Det var jo ein kul idé» har me denne veka komme til ei bok med 132 haikudikt om den japanske skihopparen Noriaki Kasai.

På same måte som den tyske filosofen Eugen Herrigel skriv i klassikaren «Zen og kunsten å skyta med pil og boge», er òg skihopping noko ein ikkje får til viss ein vil det for mykje. Ein må venta til «det» hoppar, i ei naturleg og u-tenkt rørsle. I ein meditasjon.

Derfor kjennest det heilt naturleg – og litt morosamt, litt popart-aktig – at Endre Ruset har nytta haikuens meditative, ultrakorte form til å skriva om sjangerens landsmann, Noriaki Kasai: Ein hoppsportens vismann, som 29 år etter debuten i Sapporo, nå i ein alder av 45 år, står med plasseringane 5-6-8-15 i den totale verdscupen dei siste fire sesongane.

etter Noriaki

omriss av himmel

rester av svev

Dikta er stilde opp tre på kvar side, med det øvste ytst mot sidekanten og det nedste inst mot bokryggen. Slik dannar kvar dobbeltside ei V-form, som Noriaki sine ski. Men alle dikta skildrar ikkje skihopp. Me møter Noriaki i barndommen, Noriaki i møte med ungdomstid og kjærleik, Noriaki som sit åleine på ein karaokebar.

Noriaki

en fugleunge

før sitt første hopp

I utgangspunktet stiller haikuen strenge krav til form og innhald. I vestlege versjonar har ein stort sett sett stort på kravet om naturfenomen som indirekte gjev årstida, kravet om møte mellom stillstand og rørsle, kravet om fem, sju og fem stavingar i dei tre linene. Ruset er derimot temmeleg konsekvent i sin lojalitet til opphavet. Og om linene ikkje har nøyaktig rett stavingstal, så ligg dei typisk på fire-fem, seks-sju og fire-fem stavingar.

Fakta:

Dikt

Endre Ruset

Noriaki

Flamme Forlag 2017, 132 dikt, upaginert

Av bokas 132 dikt har eg valt meg ut 14 favorittar, 14 verkeleg gode dikt. Som dei to nyss siterte, er dette gjerne tekstar som på ein elegant, nærmast umerkeleg måte får fram eit møte mellom det varige og det som så bryt inn i dette varige. Noriaki avteikna mot himmelen, og så himmelen utan Noriaki. Diktet om Noriaki like før han skal hoppa er truleg eit spel på ein haiku-klassikar av Buson, som skildrar ein sommarfugl som sit på ein stor klokkekolv. Poenget er då at han kjem til å bli rysta til å fly når klokka slår, slik at biletet av stillstanden har i seg biletet av den kommande rørsla. Haikuens ultrakorte form er skapt for nett slike fortetta visualiseringar som opnar for meditasjon over samnadet mellom tid og tidløyse.

Noriaki hopper

ut av senga

3X18

Ein del vil nok venta seg litt meir djupt alvor, litt meir tidlaus visdom av ei haikusamling. Men den meir slentrande, tidvis reint ut humoristiske stilen hos Ruset er ikkje historielaus. Frå Bashos meir klassiske haiku utvikla 1800-talsmeisteren Issa, som det blir vist til i boka, eit mykje vidare register. Meir patos, men òg meir kvardag og meir, ja, humor.

Men her er òg ti lågpunkt, ti dikt som ikkje bare er skrale greier, men som i tillegg forstyrrer heile den gode kjensla ein så gjerne blir fyld med når ein les haiku. Denne gruppa av skuffande dikt er omtrent hundre prosent samanfallande med dei dikta som nyttar sitat frå meir eller mindre kjende litterære verk.

mens vi venter på

Noriaki, hopper

Godot bakken ned

Alle referansane er ikkje like openbare blødmer som denne. Og det kan godt vera at dei er plasserte der for å skapa eit metaperspektiv, eit medvit om den vestlege litterære tradisjonen Ruset her fører inn i haikuen. Men for underteikna gjev dei ingenting. At Noriaki sine tårer er «regndråper i østavind» (Olav H. Hauge) eller at han sit med «vinternotatene» (Henning Hagerup) blir for meg stein i skoen, orsakingar for at ein ikkje har noko å seia.

Når det er sagt, så er dette fornøyeleg lesing. Godt funne på, godt gjennomført. Og definitivt noko ein kan gje i gåve til «alle idrettsinteresserte og venner av norsk hoppsport», som Arne Scheie ville uttrykt det.

bokmagasinet@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 9. oktober 2017 kl. 11.22

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk