Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tungt: Marit Tusvik skildrar dragkampar mellom kjærleik og hat, liv og død.

Nedbrytande nærleik

«Å, menn sine armar, kjærastearmar, fars armar, Guds arm». Med desse orda, som fell tidleg i Marit Tusviks nye roman, uttrykkjer den unge og eigenrådige forteljaren Sofia eit altomfattande behov for nærleik og tryggleik. Orda er mest som eit varsel, for i førstninga tenkjer Sofia berre at «han kan eg ha det litt moro med» når ho møter den femten år eldre amerikanaren Frank. Han er så vakker, og verkar så god, men byrjar raskt å vikle Sofia inn i eit forhold der manipulerande nærleik fører til «motvillig takksemd». Til slutt har ho lite å vere takksam for, og den psykiske mishandlinga hans har gjort henne til ein frivillig fange i armane hans.