Klassekampen.no
Lørdag 30. september 2017
Heimover: Levi Henriksen ser seg tilbake i sin nye bok. Foto: John Trygve Tollefsen
Oppvekst: Henriksen er på sitt beste i skildringa av maskulinitet og gutar som veks opp til å bli menn.
Tilbake til røtene

«Her hos de levende» er den litt kryptiske tittelen på den nye romanen til Levi Henriksen. Det er ein roman om menn – fem generasjonar, der det er nummer fire som fører ordet, og om tilhøvet mellom kunst og liv.

Hovudpersonen er ein 53 år gammal suksessfull rockemusikar i krise. Gjennom heile karrieren har han ausa frå den kjelda som er hans eige liv, men nå er kjelda tom. Han forlét kone og barn, tek med seg gitaren og søkjer tilbake til røtene – ikkje dei musikalske denne gong, men dei personlege. Han gøymer seg frå verda i barndomsheimen til Hermann, den for lengst avdøde faren. Huset skal snart rivast, og med utgangspunkt i gjenstandar han finn der, fortel han historia om opphavet sitt. Da faren var liten, reiste familien frå den trygge bestefaren hans, og Hermann var enno eit barn da faren døydde. I hans stad kom ein brutal stefar, Stefanus Østhagen, som Henriksen har gitt same fornamn som den første kristne martyren. Skrekkveldet til stefaren blir svært godt skildra; der det var på det mest dramatiske, måtte eg kaste eit skråblikk på sidene etter å ha bladd, for å stålsetta meg mot det som kunne komma. Samtidig som han skriv om brutaliteten, får Henriksen godt fram samhaldet, og etter kvart også motsetnadene, mellom Hermann og dei tre brørne hans.

Fakta:

Roman

Levi Henriksen

Her hos de levende

Gyldendal 2017, 304 sider

På den første sida i romanen heiter det:

[…] jeg frykter mørket som hjemsøkte hans del av familien. Den evige skyggeboksingen med mismotet, dette med nærmest å dyrke sin egen begrensning. Jeg uroer meg for at det skal være den arven også jeg etterlater meg.

Deretter går han over til å fortelja om to generasjonar menn som tvert imot det forteljaren påstår, sprenger grenser. Farfaren sluttar som bakar og tek med seg familien til eit småbruk der han kan måle bilde i fred, men han døyr før han får sjansen til å stille ut. Faren lurer seg unna den vonde stefaren og blir ein dugande skihoppar, og saman med brørne hemner han seg på stefaren på utspekulert vis. Og han er berre akkurat konfirmert når han tar eit endeleg, og valdeleg, oppgjer med Stefanus. Det gjer ikkje noko for romanen at det ikkje heilt er samsvar mellom det forteljaren tenkjer og det han fortel – det gir oss berre eit betre og meir levande bilete av han.

Forteljar Henriksen ser seg mykje tilbake. Han oppsøker stader han kjente som barn, og han assosierer med opplevingar og inntrykk frå oppveksten. Grensa mellom pregnant refleksjon og sentimentalitet er ikkje alltid lett å få auge på. Sant å seia klarar eg ikkje bestemme meg for om eg synest forteljaren bikkar over i det sentimentale mot slutten, eller om det berre blir litt for mykje tilbakeskoding.

Det er først og fremst framstillinga av maskulinitet og av korleis gutar veks opp til å bli menn, som gjør romanen interessant. Forteljaren, far Hermann, farfaren og far til farfaren pregar einannen på positivt vis. Den valdelege stefaren til Hermann, som er ein utstøtt i bygda, kjem inn som ein fiende og tvingar brørne til å stå saman, samtidig som dei utviklar seg til menn som møter utfordringane i livet på ulike måtar.

Det blir gjort eit poeng av at Levi Henriksen fortel historia til far sin, og at forteljaren har felles trekk med forfattaren. Dette spelar inga rolla for romanen. Det som tel, er om språk og innhald held mål. Og det gjer det stort sett. Det er rett nok ikkje noko her som er originalt – kunstnarar i djup tvil kjenner ein godt att, menn blir prega av fedrane sine, og David Copperfield hadde ingen triveleg stefar, han heller. Forfattaren har vald å gjera ungane til eg-personen usynlege. Det treng ikkje vera feil, men hadde vi fått møte han også som far, kunne dilemmaet hans komme enda klårare fram.

«Her hos de levende» er ikkje ein stor roman, men snarare ei god gutebok for vaksne gutar. Eg funderer også over korleis far min blei den han blei, korleis han har prega meg, og kva eg har gitt vidare til sonen min. Dette er tema eg godt kan tenkje meg å snakke med gode kompisar om over eit glas øl eller to, og boka til Levi Henriksen kan vera eit godt utgangspunkt for slike samtalar.

bokmagasinet@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 9. oktober 2017 kl. 11.24

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk