Lørdag 30. september 2017
Søppelkaoset

• Kommunane har skylda for søppelkonkursane som har ramma innbyggarane, melde NRK i går. Konkursen til Renonorden førte til at dei slutta å hente søpla til 1,3 millionar nordmenn og at meir enn 130 kommunar no må lage ny renovasjonsordning. Tidlegare gjekk Veireno konkurs med dunder og brak, etter langvarig søppelkaos i hovudstaden. Andre avfalls­selskap fryktar no, med rette, at omdømmet til heile bransjen har begynt å lukte dårleg. Det har komme fram fleire tilfelle av ulovlege lønns- og arbeidsvilkår, sam­tidig som eigarar har tatt store utbytte. Den knallharde konkurransen førte til at Renonorden inn­- gjekk kontraktar som var inntil 90 prosent billegare enn konkurrentane. No meiner Maskinentrepenørenes Forbund at det er kommunane som har ansvaret for søppelkrisa fordi dei har vore einsidig opptatt av pris. Dei er på linje med Norsk Industri, som også meiner kommunane har «ansvar for å sikre bærekraftighet i bransjen».

• Angrepa på kommunane er absurd. Kommunane skal sikre god renovasjon til sjølvkost. Naturleg nok er dei opptatt av at innbyggarane får rimelege og gode tenester. Viktigare er det at nettopp lågare pris har vore det sentrale argumentet for å sette renovasjon ut på anbod. Saman med høgrepartia har sterke næringsinteresser pressa på for anbod. Viss kommunane hadde valt bort dei billegaste, ville dei jo dessutan risikert både kritikk og søksmål. Ved sidan av låg pris har argumentet vore at private selskap er meir innovative. Innbyggarane har nok ikkje merka så mykje til dette, men dei tilsette har vorte utsette for «innovative» og uanstendige lønns- og arbeidsvilkår.

• Visst har kommunane eit ansvar, men ikkje for at avfallsselskap leverer for billege anbod. Lokalpolitikarane har ansvaret for at dei har sett i verk ei massiv konkurranseutsetting som har svekt arbeids­takarrettar, skapt styrtrike søppelbaronar og gjort kritisk infrastruktur meir ustabil. Håpet må vera at lokalpolitikarar over heile landet no har lært og at dei no lèt eigne etatar eller interkommunale samarbeid ta seg av avfallstenestene. Kommunane må ta søpla tilbake.

Fredag 20. oktober 2017
• Nordland fylkesting går enstemmig inn for at Norge ikke bør avgi suverenitet i energimarkedet til EUs energibyrå Acer, skriver Nationen denne uka. Acer står for Agency for the Cooperation of Energy Regulators og har som mål å etablere og...
Torsdag 19. oktober 2017
• I en debatt i NRK Dagsnytt 18 denne uka med Nationens redaktør Irene Halvorsen gjentok kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) en rekke ganger at en av begrunnelsene for at hun går inn for å kutte pressestøtten med over 25 millioner...
Onsdag 18. oktober 2017
• I kjølvannet av de omfattende overgrepsanklagene mot Hollywood-toppen Harvey Weinstein har kvinner verden over grepet til sosiale medier for å vise sin motstand mot seksuell trakassering. Under emneknaggen #metoo (meg også) har...
Tirsdag 17. oktober 2017
• Det framlagte statsbudsjettet for 2018 legger opp til en massakre for Frivillighets-Norge. Kuttene skjer delvis ved redusert momskompensasjon for frivillige organisasjoner til tross for at et samlet storting så seint som i juni i år stilte...
Mandag 16. oktober 2017
• Etter at Høgre og Framstegspartiet kom til makta i 2013 starta dei ei såkalla avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform (ABE-reforma). Reforma skulle innebera at offentlege verksemder får redusert løyvingane med 0,5 prosent kvart år,...
Lørdag 14. oktober 2017
• Det gikk et lettelsens sukk i en rekke europeiske hovedsteder i mars, da det nederlandske valget endte med seier for statsminister Mark Rutte og hans høyreliberale parti VVD. I mai fulgte Frankrike opp med seier for Emmanuel Macron i siste...
Fredag 13. oktober 2017
• USAs president Donald Trump vil i dag kunngjøre hva han vil gjøre med atomavtalen med Iran som han gjentatte ganger har kalt «den verste avtalen noensinne». Avtalen med Iran ble framforhandlet av USA, Russland, Kina, Storbritannia,...
Torsdag 12. oktober 2017
• Konsernsjef Eldar Sætre varsla denne veka at Statoil er i ferd med å bli omskapt frå eit oljeselskap til eit breitt energiselskap. No er det ikkje ein grøn revolusjon Sætre skildrar i ein kronikk i Aftenposten: Statoil skal framleis...
Onsdag 11. oktober 2017
• Laurdag avslørte Klassekampen at USA legg opp til at amerikanske soldatar skal vera på Værnes i Trøndelag i lang tid. Amerikanske dokument omtalar stasjoneringa av soldatar som «vedvarande». Måndag skreiv vi at USA også planlegg...
Tirsdag 10. oktober 2017
• Regjeringens forslag om å frata paraplyorganisasjonen Islamsk Råd Norge (IRN) driftstilskuddet er ubetenksomt. Det er liten tvil om at IRN har sine problemer, og mange har ønsket seg en mer offensiv brobyggerprofil fra organisasjonen. Ti...

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk