Klassekampen.no
Fredag 29. september 2017
Psykologi
Doktor internett kan hjelpe deg
Livet

Vi tar for oss moderne fenomener, historie og vitenskap.

Overfylte behandlingskøar flyttar ­deprimerte pasientar frå venterommet til internett.

Kva er det første me gjer når me kjenner oss sjuke i 2017? Me kastar oss over tastaturet og lét doktor Google vurdere symptoma våre. I vår digitale tidsalder er internett blitt første sjukdomsinstans. No har også sjølve behandlinga funne vegen til same plattform.

Med eit mål om at fleire skal få hjelp tidlegare, får norske pasientar med mild angst og depresjon no eit alternativ til behandlingskøen. Eit mangfald programvarer har blitt utvikla som erstatning for den klassiske psykologsamtalen. E-verktøya tek utgangspunkt i prinsipp frå kognitiv terapi: at eins tankemønster direkte kan knytast til korleis ein føler og handlar. Å bli bevisst på – og endre – tankane som utløyser til dømes ein depresjon, er utgangspunktet for nettbehandlinga.

Etter mange års forsking tilrår nå også helsemyndigheitene, og fleire norske psykologmiljø, e-terapi. Dei modulbaserte programma MoodGYM, eMeistring og iFightDepression er etter kvart blitt dei mest utbreidde. I behandlinga skal pasienten gjennom eit fastlagt opplegg på opptil 14 veker. Modulane har namn som «Endre negative tanker» og «Getting things done», og dei inneheld informasjon, spørsmål og praktiske oppgåver. Medan enkelte av tilboda har ein menneskeleg rettleiar i bakhand, er andre fullstendig digitale.

Fakta:

• Det vert anslått at mellom seks og tolv prosent av befolkinga har depresjon til einkvar tid.

• Minst éin av tre vert ramma av sjukdommen i løpet av livet.

• Depresjon er blant dei vanlegaste årsakane til sjukmelding, fråver på arbeid og uføre.

Kjelde: Folkehelseinstituttet

Terapirommet er flytta over på skjermen. No reiser det spørsmål rundt verdien av den personlege kontakten mellom pasient og terapeut. Er det blitt unødvendig å sitje på divanen, ansikt til ansikt med psykologen? Vert me no overlatne med ansvaret om å gjere oss friske sjølv?

Terapeutlaus terapi

Behandling utan behandlar er likevel ikkje eit produkt av vår digitale tidsalder, skal ein tru den danske psykologspesialisten og forskaren Kit Lisbeth Jensen. Ho trekk fenomenet tilbake til Sigmund Freud, som i si tid handskreiv psykoterapeutiske brev med nokre av sine klientar. Det tala ordet vart erstatta av blekkført handskrift.

Eit halvt hundreår seinare dukka Eliza opp: Ein samtale­simulator kor ein kunne taste inn bekymringane sine, trykkje Enter, og sekund seinare repliserte maskinen støttande og anerkjennande setningar. Programmet vart i utgangspunktet funne opp for å prove at ein ikkje kunne dra nytte av overflatiske samtalar med ein data. Men det vart, til oppfinnar Joseph Weizenbaum si overrasking og fortviling, svært populært.

14 år etter fødselen til internett, oppstod portalen Ask Uncle Ezra. Programmet skulle tilby studentar ved Cornell University gratis psykologisk hjelp. Plattforma vart ein katalysator for rekka av e-klinikkar som opna dei påfølgjande åra, forklarar Jensen i boka «Fra offline til online».

I dag er hjelp for depresjon, bokstavleg talt, kome berre eit tastetrykk unna. Forskinga på området tyder stadig på at sjølvhjelp kan vere vel så effektivt som samtale­behandling. Har me snart ikkje lenger bruk for den menneskelege terapeuten? Eller er det snarare slik at terapeuten ikkje har tid til oss?

Internett utvidar flaskehalsen

– Det å få psykologhjelp i spesialisthelsetenesta viser seg å vere ein flaskehals, og det har vakse fram eit behov for å tilby noko til dei som ikkje får tilbod – og kanskje heller ikkje treng noko like omfattande, seier Kjersti Lillevoll, førsteamanuensis ved Institutt for psykologi ved Universitetet i Tromsø (UiT).

Ho disputerte i fjor med ei avhandling om effekten av nettopp onlinebehandling.

– Nett-terapi kan senke terskelen for å oppsøkje hjelp og jamnar ut moglegheitene mellom by og distrikt for å få behandling, held ho fram.

Depresjonar er utløyste av, og rotfeste i, ulike årsaker. Likevel meiner forskarar at denne same, generelle e-behandlinga kan hjelpe mange forskjellige skjebnar.

– Det er dei same mekanismane som held depresjonen oppe hos mange: negative fortolkingsmønster, inaktivitet og tilbaketrekking. E-terapi er hjelp til sjølvhjelp. Det bur utrulege ressursar i folk, og det er ikkje naudsynleg så mykje som skal til for å mobilisere dei, seier UiT-forskaren.

Men når ein er sjuk, er det kanskje lettare sagt enn gjort.

– Nett-terapi stiller krav til at du må vere din eigen mentor og setje reiskapane ut i livet. Det kan vere ei utfordring når ein er deprimert.

– Klarer folk å faktisk ta ansvar for dette sjølv?

– Reine onlineprogram har vist eit stort fråfall. Det kan vere fordi ikkje alle som registrerer seg, veit kva dei har meldt seg på, eller berre skal sjå kva det er. Eg tenkjer uansett at det er ein fordel om dataprogramma vert nytta samstundes som ein har kontakt med ein terapeut.

Om ho ville anbefalt å erstatte psykologen med weblesaren for sin eigen familie, er ikkje Lillevoll eintydig på.

– Det kjem veldig an på behovet til personen. Men behandlinga har vore oppløftande for mange, og enkelte meiner nettbasert terapi direkte har fått dei ut i jobb.

Internett mot sjølvmord

Blant institusjonane som no omfamnar det digitale terapirommet, er Nasjonalt senter for selvmords­forskning og -førebygging, som i desse dagar tek i bruk verktøyet iFight­Depression.

– Me løyser stadig fleire av utfordringane våre på nett, og ein er på jakt etter måtar å gje folk hjelp utan at det kostar dei sjølv eller samfunnet for mykje. Ikkje alle vil i samtaleterapi, og me ser dette som eit supplement – eit tilbod som møter folk der dei er, seier prosjektleiar og førsteamanuensis Erlend Mork.

Likevel vil han vere på vakt, og fryktar behandling framfor skjermen kan verke framandgjerande, for det personlege møtet kan vere avgjerande for mange.

– Er du bekymra for din eigen jobb?

– Eg blir litt irritert når mange studium viser at internett kan vere like effektivt som ein samtale med meg, humrar han.

– Likevel er eg meir bekymra for situasjonen i dag: Mange får ikkje hjelp tidleg nok, og hamnar lenger ned i depresjonen enn det som er godt for dei sjølv og samfunnet.

– Folk treng omsorg

Presidenten i Norsk Psykolog­forening er heller ikkje uroa for at internett tek over funksjonen til medlemmane hans.

– Eg er heilt sikker på at dei framleis har jobbar om 20 år, ler Tor Levin Hofgaard.

– Me treng fagkyndige til å utvikle den nye teknologien, og dei mest komplekse, vanskelege sakene, krev den høge kompetansen psykologar har. Folk vil alltid trenge omsorg og nokon som møter dei, seier han.

Sjølv om Hofgaard vil heie på løysingar som kan nå fleire med hjelp, er han forsiktig med å lovprise e-trenden.

– Internettiltak bør ikkje stå åleine og føreset at det er gjort utgreiing og diagnostisering i forkant. At pasienten får ta valet om internettbehandling sjølv, er essensielt.

Teknologi, ikkje psykologi

At utviklinga ofte kjem frå teknologibransjen, ikkje psykologane, er blant det som bekymrar presidenten.

– Det har vore ein tendens til at mykje på marknaden er styrt av teknologar. I ei online terapiteneste skal det liggje eit ansvar hos tilbydaren om at pasienten skal få eit alternativ dersom dette ikkje fungerer. Det er eg usikker på om teknologiselskapa åleine vil kunne gjere utan eit samarbeid med helsetenesta, seier han.

Det digitale behandlingsrommet vil også kunne møte utfordringar i møte med konfidensielle pasientopplysningar, trur Hofgaard.

– Viss eg har terapi med deg som pasient, skal du vere trygg på at rommet ikkje vert avlytta, og at journalen din i nettsystemet er beskytta. Utfordringa med onlineterapi er at dette kan kome på avvege.

– Om du, eller nokon i nær familie, hadde fått ein depresjon: Ville du anbefalt dei det digitale terapirommet?

– Det kunne eg. I alle fall bede dei undersøkje om det er ei passande moglegheit. Sjølv hadde det vore interessant å prøve, seier Hofgaard.

ruthn@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 30. november 2017 kl. 15.48

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk