Fredag 29. september 2017
REKRUTTERT: Jonas Bals er målaren som blei rådgivar for Ap-leiar Jonas Gahr Støre. Han meiner Arbeidarpartiet må rekruttera breiare i åra som kjem. Her saman med Støre ei god stund før valet.Foto: Christopher Olssøn
• Støres rådgivar vurderte å slutta etter nederlaget • Finn inspirasjon i Corbyn
Saknar arbeidarar i Ap
FOR FÅ: Ap-leiar Jonas Gahr Støres faglegpolitiske rådgivar Jonas Bals meiner Ap har for få politikarar med arbeidarbakgrunn.

VA NO, Arbeidarpartiet?

Den tidlegare målaren Jonas Bals har vore blant Ap-leiar Jonas Gahr Støres tettaste medarbeidarar denne valkampen. Etter det elendige valkampen vurderte han å gi seg, men han har bestemt seg for å bli verande.

– Eg har verkeleg telt på knappane om kva eg skal gjera, men eg har landa på at det same alvoret som fekk meg til å melda meg inn i eit politisk parti, er der i endå sterkare grad no. Det gjeld ikkje minst den formidable ryddeoppgåva me har i arbeidslivet og eit veldig sterkt press på den norske arbeidslivsmodellen, seier Bals.

Førre veke blei det klart at to av Ap-rådgivarane på Stortinget sluttar, deriblant Maria Schumacher Walberg, som er gift med Bals.

Fakta

Arbeidarpartiet evaluerer valkampen:

• Arbeidarpartiet fekk ei oppslutning på 27,4 prosent og gjekk ned 3,5 prosentpoeng. No er arbeidet med å evaluera den dårlege valkampen i gang.

• Nær 10.000 Ap-medlemmer har komme med innspel til Ap. På måndag legg partisekretæren fram rapporten for sentralstyret.

Ei rekke grunnar

Bals meiner det var ganske mykje som gjekk gale på same tid i valkampen, men vil ikkje føregripa konklusjonane i den pågåande evalueringa.

Han understrekar også at dei som har ansvaret for å meisla ut vegen vidare no, er dei som er politisk valde.

Det er likevel ein ting som står heilt klart for den tidlegare målaren. Det er for få arbeidarar i Arbeidarpartiet. Dette høyrer med i forklaringa om grunnar for valnederlaget.

Bals meiner Ap over lengre tid ikkje har rekruttert breitt nok. Dette er eit poeng som han har spelt inn i evalueringa, som Ap-medlem.

– Arbeidarrørsla var ikkje eit filantropisk prosjekt, men handla om sjølvorganisering. Tidleg trekte me til oss andre grupper og gjekk frå arbeidar- til folkeparti. Det var bra. Men viss arbeidarane etter kvart nesten er helt fråverande i prosjektet, er me tilbake til tida før rørsla vår blei til. Då kan me begynna å gi ut blad som heiter «Arbeidarvennen» igjen. Eg meiner det er ei heilt fundamental oppgåve for fagrørsla og partiet: Ap må vera eit parti av folket og ikkje berre eit parti for folket.

– Er dette også ein kritikk av nominasjonskampen du tapte?

– Dette går mykje djupare enn nominasjonskampen i eitt fylke, seier Bals.

Han fekk plass nummer 13 på Oslo Aps stortingsliste og måtte sjå langt etter ein plass på Stortinget.

Ser til Storbritannia

Mens Ap slikkar sår, seglar britiske Labour med Jeremy Corbyn ved roret i medvind. Bals er blant dei som lar seg inspirera av Corbyn.

– Fyrst og fremst ser det ut som han lykkast med å gjera Labour stort igjen. Det er utruleg inspirerande. I motsetning til kva som har skjedd med sosialdemokratiet i veldig mange land, viser det at det finst kraft i sosialdemokratiet til å revitalisera seg og til å klara å nå ut til det som for lenge sidan var kjerneveljarar, til unge studerande akademikarar og til fagrørsla. Å klara det i eit land som særleg i synet på brexit og EU er så splitta, er utruleg imponerande, seier Bals.

Støre-saker blei problem

Blant sakene som fekk stor merksemd i valkampen, var Støres investeringar i eit eigedomsprosjekt på Ensjø i Oslo.

Dagbladet avslørte at bygningsarbeidarar hadde same type kontraktar som Ap vil til livs – slike som ikkje gir lønn mellom oppdrag.

Ifølge VG var Bals ein av rådgivarane som etter dette åtvara om at Støres investeringar kunne bli eit problem seinare i valkampen, og at alt måtte gjennomgåast.

– Dei tinga vil eg ikkje kommentera, seier Bals.

Han meiner saka illustrerer at problema i arbeidslivet ikkje berre er i ein såkalla useriøs del av arbeidslivet.

– Det er ikkje ein del av skuggetilværa i byggebransjen. Det er ein del av normalen. Det er det ei politisk oppgåve å rydda opp i. Det var Støre sjølv heile tida veldig klar på. Dette er ting me skal løysa gjennom politikk.

– Kvifor er Jonas Gahr Støre den rette mannen til å leia Ap framover?

– Under tida han har vore leiar har Ap utvikla ein tydelegare og skarpare arbeidslivspolitikk enn på veldig mange år. Då eg takka ja til å jobba for han, var det fordi han tok det som skjer i arbeidslivet på større alvor enn nokon eg hadde møtt før. Det meiner eg i seg sjølv er ein openberr grunn til at han er rett person på rett stad. Men me treng breidde bak Støre for at Ap skal vera eit parti for dei mange og ikkje får dei få, som dei seier i Storbritannia.

politikk@klassekampen.no

Fredag 22. juni 2018
VIL PRØVE: Varaordføreren i Oslo mener Arbeiderpartiet bør støtte regulert salg av cannabis for å hindre at organiserte kriminelle håver inn millioner.
Torsdag 21. juni 2018
NARKO: Dei kriminelle gjengane i Oslo distribuerer narkotika ut i landet. – Me er uroa for utviklinga i Oslo, seier politiinspektør Are Sangolt i Vest politidistrikt.
Onsdag 20. juni 2018
TREND: Fleire røyker hasj. Fleire med psykiske plager. Og mindre tid på leksearbeid. Det er blant resultata etter at 25.000 har svart på ei ungdomsundersøking.
Tirsdag 19. juni 2018
NEKTER: Kommunalministeren vil la Troms overkjøre Finnmark. Tromspolitikere fra Rødt, SV og MDG sier blankt nei, og nekter å overstyre finnmarkingene.
Mandag 18. juni 2018
HØRING: Faresignalene har vært mange det siste året. I dag må byrådsleder R­aymond Johansen (Ap) svare på hva han har tenkt å gjøre for å bekjempe ungdomskriminaliteten i Oslo.
Lørdag 16. juni 2018
PÅ DØRA: Reklameguru Ingebrigt Steen Jensen og samboeren Trude Solheim er lei av at Arbeiderpartiet ikke skaper entusiasme, og fremmer ti saker som de håper kan gjenreise partiet.
Fredag 15. juni 2018
BØYER IKKE AV: Finnmark vil møte trusler fra regjeringen med sivil ulydighet. Regjeringen lover represalier.
Torsdag 14. juni 2018
RAUD ELLER DAUD: Støre meiner tida etter valnederlaget har gjort han meir oppteken av å finne løysingar på venstresida. Om 15 månader kjem folkets dom.
Onsdag 13. juni 2018
INNTOG: Amerikanske marinesoldater skal til Indre Troms – og blir der i fem år. Opposisjonen reagerer på regjeringens forsvarspolitikk.
Tirsdag 12. juni 2018
ADVARTE: Allerede i 2016 advarte ­Statsadvokaten mot gjenger og alvorlige konflikter i Oslo. Nå er situasjonen forverret, heter det i en fersk tilsyns­rapport.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk