Onsdag 27. september 2017
OPNING: Liv Signe Navarsete, som dei siste fire åra har sete i utanriks- og forsvarskomiteen for Senterpartiet, følger spent med på Aps varsel om tøffare tone i utanriks- og forsvarspolitikken. Foto: Christopher Olssøn
SV og Senterpartiet er einige i at utanriks- og forsvarspolitikken er for konsensusorientert:
Gler seg over Ap-signal
Asle Toje
NIKKAR: Både SV og Senterpartiet ønsker Ap-topp Espen Barth Eides varsel om meir usemje i utanriks- og forsvarspolitikken velkommen.

TRYGGINGS-politikk

Norsk utanriks- og forsvarspolitikk blir tradisjonelt avgjort etter semje mellom Arbeidarpartiet og Høgre.

Tidlegare denne veka varsla Ap-topp og tidlegare utanriks- og forsvarsminister Espen Barth Eide ny kurs og meir open konflikt.

«I en så uforutsigbar verden må det være lov å ha mer uenighet, også blant sentrale partier. Påstanden om at norsk utenrikspolitikk skal ligge fast, blir meningsløs når verden går i alle mulige retning», sa Eide til Klassekampen.

Både Senterpartiet og SV meiner Ap sender interessante signal:

Utanrikspolitisk talsperson i Senterpartiet Liv Signe Navarsete peiker på landmarksutgreiinga som Stortinget skal handsama i haust.

«Eg trur det ville vera bra dersom me fekk litt meir diskusjon om utanriks- og forsvarspolitikk også mellom Ap og Høgre og imøteser signal frå Barth Eide med interesse. Først og fremst er eg spent på kva det vil få å seie for mulege endringar i Langtidsplanen for Forsvaret. Under handsaminga av Landmarksutgreiinga i haust vil det ligge til rette for å gjere endringar også i den vedtekne delen av LTP – dersom Ap vil», skriv Navarsete i ein sms til Klassekampen.

«Inntil vidare får me vente og sjå om desse signala frå Ap vil medføre reelle endringar i deira handlemåte», skriv ho.

Fakta

Forsvar i Stortinget:

• Regjeringspartia Høgre og Frp fekk med seg Arbeidarpartiet på å vedta langtidsplanen for Forsvaret i Stortinget, etter at Venstre og KrF gjekk i mot.

• SV kjem i haust til å legga fram forslag i Stortinget om at Norge skal jobba for eit atomvåpenforbod.

• Ap-topp Espen Barth Eide varsla i Klassekampen måndag ein tøffare tone frå Ap i utanriks- og forsvarspolitikken.

Ønsker meir strid

I SV håpar ein på ny kurs i Ap.

– Me i SV ønsker gjerne at Ap er meir kritisk og tydeleg i den utanrikspolitiske debatten, seier leiar for internasjonalt utval i SV, Gjermund Skaard.

Han meiner konsensusen som pregar norsk utanrikspolitikk er eit problem.

– Den konsensusen gjer at det er vanskeleg å få fram uriks-usemje i Norge, seier han.

Han seier Ap kan få markera avstand til Høgre og regjeringa når SV om kort tid foreslår at Norge skal jobba for eit atomvåpenforbod.

– Me håpar Ap vil vera med å støtta SVs forslag om atomvåpenforbod. Det kjem me til å fremja når Stortinget opnar i oktober, seier han.

Utanrikspolitisk forskar og kommentator Asle Toje er også einig med Eide i at Norge ville hatt godt av meir diskusjon om både forsvars- og utanrikspolitikken.

– SV har lenge trekt det lasset aleine og veldig mykje i norsk utanrikspolitikk går på autopilot, seier han.

– Det er spenstig at Ap ønsker å opna desse debattane. Men det er eventuelt brann i deira eigen leir dei får med SV som ønsker atomforbod og Sp som vil ut av EØS. Eg mistenker at Eide vil snakka om dette, men ikkje gjera noko med det, seier han.

– Så du trur Ap og Høgre framleis kjem til å vera einige?

– Ja, det er liten avstand mellom dei tre største partia på Stortinget. Det er mogleg Espen kjem til å overraska meg. Han er ein veldig flink fyr. Men eg trur dette er ein debatt om debatten, seier han.

– Men er det slik at Høgre og Ap faktisk bestemmer alt på bakrommet?

– Det er verda som bestemmer forsvars- og utanrikspolitikken på bakrommet. Norge er eit lite land som må spela med dei korta me får tildelt. Dei store vala er alt tatt. Me er traktatbunde til A, B og C, seier Toje og viser til atomvåpenforbodet som SV ønsker.

– Atomforbodet er truleg uforeneleg med Nato-pakta. Det er ingen konspirasjon mellom Ap og Høgre. Det er tingas tilstand.

Eit av områda Eide er kritisk til regjeringa til, er handteringa av Norges relasjon til Russland etter den russiske anneksjonen av Krim. Asle Toje var blant dei som meiner Norge i denne saka kunne tatt ei anna rolle enn våre allierte.

– Meiner Eide me burde gjort noko anna enn våre allierte? Eg meiner det. Norge kunne spelt ei noko anna rolle. Men saka er at Espen Barth Eide sa det ikkje då. Dette minner om etterpåklokskap.

Er ikkje imponert

Christian Tybring-Gjedde, som dei fire siste åra har sete i forsvars- og utanrikskomiteen for Frp, lar seg ikkje imponera.

– Eide forsøker å skapa ein opposisjon. Men her var det lite nytt. Han sparkar inn opne dører. På fleire ting kopierer han meg, seier Tybring-Gjedde, som også har tatt til orde for meir diskusjon om utanriks- og forsvarspolitikk.

– Me treng open debatt om utanrikspolitikk. Høgre og Ap vore einig om utanrikspolitikk sidan andre verdskrig.

Han ønsker blant anna vita kva Eide og Ap meiner om at USA har utstasjonert soldatar på Værnes.

Høgre ønsker ikkje uttala seg.

annekarih@klassekampen.no

Mandag 18. juni 2018
HØRING: Faresignalene har vært mange det siste året. I dag må byrådsleder R­aymond Johansen (Ap) svare på hva han har tenkt å gjøre for å bekjempe ungdomskriminaliteten i Oslo.
Lørdag 16. juni 2018
PÅ DØRA: Reklameguru Ingebrigt Steen Jensen og samboeren Trude Solheim er lei av at Arbeiderpartiet ikke skaper entusiasme, og fremmer ti saker som de håper kan gjenreise partiet.
Fredag 15. juni 2018
BØYER IKKE AV: Finnmark vil møte trusler fra regjeringen med sivil ulydighet. Regjeringen lover represalier.
Torsdag 14. juni 2018
RAUD ELLER DAUD: Støre meiner tida etter valnederlaget har gjort han meir oppteken av å finne løysingar på venstresida. Om 15 månader kjem folkets dom.
Onsdag 13. juni 2018
INNTOG: Amerikanske marinesoldater skal til Indre Troms – og blir der i fem år. Opposisjonen reagerer på regjeringens forsvarspolitikk.
Tirsdag 12. juni 2018
ADVARTE: Allerede i 2016 advarte ­Statsadvokaten mot gjenger og alvorlige konflikter i Oslo. Nå er situasjonen forverret, heter det i en fersk tilsyns­rapport.
Mandag 11. juni 2018
NYE TIDER: Framtidsutsiktene for bemanningsbransjen er dystre etter at opposisjonen tvang gjennom inn­stramminger. I Trøndelag har elektro­bransjen funnet en modell som gjør byråene overflødige.
Lørdag 9. juni 2018
SENTRUM: Høyre snuser på 30-tallet på Klassekampens juni-måling, men er fortsatt av­hengig av kriserammede KrF for flertall.
Lørdag 9. juni 2018
EN TID FOR ALT: Bjørgulv Braanen s­lutter som ansvarlig redaktør i Klasse­kampen, men han har ingen planer om å for­svinne fra spaltene.
Fredag 8. juni 2018
I SKUFFA: Valdtektssaker med kjent gjerningsmann blir liggande, og politiet slit med å prioritera mellom saker, syner ein fersk tilsynsrapport.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk