Krigar med slør

Uangripeleg: Kaja Schjerven Mollerin presenterer ein forfattar som både er populær og talar med stor intellektuell pondus. Her er Hjorth fotografert heime på Nesøya. FOTO: Klaudia Lech

Dynamisk: Kaja Schjerven Mollerin imponerer med eit portrettintervju av Vigdis Hjorth – forfattaren som ikkje let seg målbinde.

Det er lett å sjå likskapar mellom hovudpersonen Bergljot i fjorårets litterære sensasjon og stridseple, «Arv og miljø», og forfattaren Vigdis Hjorth. Når ein les det polemiske motsvaret som kom tidlegare i haust; romanen «Fri vilje» av søstera Helga Hjorth, er det heller ikkje vanskeleg å sjå likskapar mellom den fiktive forfattaren Vera Lind og Vigdis Hjorth. Påstanden er at romanen Vera Lind gir ut, som altså handlar om det same som den verkelege romanen «Arv og miljø», er fullt og heilt basert på verkelege hendingar i familien. Bortsett frå at forfattaren lyg om kva ho har opplevd i barndommen. Altså Vera. Altså Bergljot. Altså Vigdis. Eller korleis blir det, no igjen …