Onsdag 20. september 2017
Helsing frå ruotsi: Svensk på finsk.
I austerveg, i vesterveg og så heilt opp mot nord.
Nordisk rundtur

Norden ... og aller først: Skandinavia er Noreg, Sverige og Danmark, Norden har med Finland og Island. Og Grønland. Iallfall politisk, geografisk er det tvilsamt. Namngjevar var den norrøne Eirik Raude. Med «grønt land» vona han å få folk dit. Og nokre kom.

Innbyggjarane i dag er to slag – danske eller inuittar. Inuitt er «menneske». Eskimo er ikkje lenger brukande. Det var truleg indianarar i Canada som nytta ordet. som fór til fransk rundt 1700 og derifrå til oss. Det tyder noko slik som «råkjøt-etar».

Globalt er det ikkje uvanleg å omtala seg sjølv som menneske, medan nabofolk då blir ... noko anna. Tysk er eit liknande døme, for «tydsk» er i slekt med norrønt þð, som tyder «folk».

Island fekk namnet sitt av (muligens) den første som segla heilt rundt og observerte all driv-isen nordvest for øya.

Her må islending og islendar passast på, det første innbyggjar, det andre gensar. Og preposisjonsbruken! Det heiter på Island, i respekt for det dei sjølve seier (à Islandi). Men, seier du, islendingane sjølve nyttar ofte «i Island» når dei snakkar skandinavisk. Ja. Truleg fordi dei ikkje tenkjer over at à er på. (På vart til, hos oss, i mellomalderen ved ei samantrekking av upp à, med påfølgjande bortfall av u-en.)

Bruken av på om nasjonar er elles på ingen måte uttrykk for nedgradering. Mange land omtalast slik i skandinavisk, Cuba, Sri Lanka, Madagaskar og så vidare. At engelsk nyttar in, er prinsipielt sett irrelevant. Engelsk er ikkje norsk.

Suomi er det finske namnet på Finland, me møter det att i sapmi og vårt same. Opphavet er usikkert, men det kan vera suomaa, «myrland». Fin- i Finland og Finn- i Finnmark inneheld det skandinaviske verbet finna; truleg fordi folka «fann» fram over lange avstandar, nomadar som dei var. I dag bør me omtala ein innbyggjar der finlending; deretter kan me presisera finsk eller finlandssvensk.

Ruotsi er det finske namnet på Sverige, jamfør det gamle Roslagen nord for Stockholm. Det var vikingar frå Roslagen i austerveg som oppretta kongeriket som mykje seinare fekk namnet Russland; Ros- vart til Russ- i aust. Så Finland har Russland på begge sider ...

I Finland har mange byar to offisielle namn: Åbo, Vasa, Helsingfors (svensk), Turku,Vaasa, Helsinki (finsk). I slike tilfelle skal me som snakkar skandinavisk, nytta det svenske. Logisk nok. Helsingfors var svensk, «fossen ved sundet». Helsing kjem frå hals = smalt sund. Engelsk og andre språk nyttar, like logisk, Helsinki, for ute i verda talar dei ikkje skandinavisk.

Dan- i Danmark skriv seg frå namnet på ei folkegruppe, så det er «dane-land». Norge og Sverige er så like at mange trur dei er laga på same lest, svenskane seier jo «norje» og «sverje». Det er langt frå sanninga. Sverige kjem av svea-rike; sveane var ei folkegruppe. Norge/Noreg kjem derimot (etter tradisjonell tolking) frå «nord-veg», den lange segl-leia mot nord, i motsetnad til austerveg og vesterveg.

Det var den vesle rundturen me hadde plass til.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Det er ikkje uvanleg å omtala seg sjølv som menneske»

Artikkelen er oppdatert: 9. oktober 2017 kl. 12.17
Onsdag 20. september 2017
Norden ... og aller først: Skandinavia er Noreg, Sverige og Danmark, Norden har med Finland og Island. Og Grønland. Iallfall politisk, geografisk er det tvilsamt.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk