Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kjønn og maktHar kvinner teke over makta i den nye sjekkemarknaden?

Snakkast kanskje aldri

Rist med raua: I førre sesong av NRK-programmet «Når kjemien stemmer» skulle Maren Ringnes Rogstad bruke instinkta for å finna ein draumepartnar. Her er det deltakar Olaf Kvendbø som må visa fram det han har å by på. Medan kvinner historisk har hatt lite innflytelse over kva partnar dei endar opp med, kan det sjå ut som at kvinnene har kontroll i den moderne sjekkemarknaden. Foto: Leif Arild Eriksen, NRK

FRIE VAL: Stadig fleire menn går barnlause gjennom livet. Kvinner har aldri hatt meir å velja i og føretrekk menn som andre kvinner har valt før.

Det kunne ha blitt ein fin novemberkveld. Eg visste at han hadde ein spanande jobb, hadde peiling på bøker og at me delte politiske sympatiar. Me hadde avtalt å møtast etter jobb ein dag midt i veka. Då blir fallhøgda litt mindre om kjemien er dårleg, og det er lettare å stikka heim etter ein øl.