Onsdag 20. september 2017
Guteklubb: Året er 1967, og berre åtte prosent av stortingsrepresentantane er kvinner. I løpet av dei neste 30 åra vil kvinnerepresentasjonen auke markant, for deretter å stagnere. Foto: Aaserud, NTB Scanpix
Med dagens tempo kan det ta meir enn 100 år før det blir like mange kvinner som menn i Stortinget.
Parlamentarisk glastak?

Kronikk

Ei av gladmeldingane etter stortingsvalet er at det er sett ny kvinnerekord. Med 70 kvinner blant dei 169 representantane er kvinneprosenten oppe i 41,4 – meir enn nokon gong før. Og da bør vi vel jubla? Sjølvsagt skal vi gleda oss over all framgang. Kvinnedelen i Stortinget har auka med 1,8 prosentpoeng sia det førre stortingsvalet.

Eit aldri så lite historisk tilbakeblikk kan setja framgangen i perspektiv. Ved Stortingsvalet i 1993 vart det også sett kvinnerekord – 65 kvinner av 165 representantar gav 39,4 prosent kvinner. To prosentpoeng opp på 24 år er litt mindre imponerande enn 1,8 prosentpoeng på fire år. Vegen fram til full kjønnsbalanse i Stortinget kan bli lang. Med same tempo framover, kan det ta meir enn 100 år før det blir like mange kvinner som menn i Stortinget – om det i det heile er mogleg å komma så langt. Dei som har greie på sånt vil seia at ein slik lettsindig omgang med tal og statistikk kan sjølvsagt ikkje brukast på så alvorlege spørsmål.

Men historia kan inspirera til slike tankeeksperiment. For fire år sia feira vi 100-årsjubileum for kvinnestemmeretten. Ein viktig prinsippsiger, men det tok mange år før den gav kvinner det minste snev av politisk makt. Etter åtte år kom den første kvinna på fast plass i Stortinget, Karen Platou frå Høgre. Ho utgjorde 0,7 prosent av dei folkevalde. I 1933, altså tjue år etter at kvinnestemmeretten kom på plass, utgjorde tre kvinner to prosent. Etter femti år med stemmerett hadde Stortinget i 1965 åtte prosent kvinner. I 1977 var 23,9 prosent av stortingsrepresentantane kvinner. I løpet av dei neste 16 åra auka kvinnedelen med 15,5 prosentpoeng til den imponerande rekorden på 39,4 prosent i 1993.

Det høyrer med til barnelærdommen i mødrelandet at Noreg er så godt som verdsmeister i likestilling. Men jamført med dei andre nordiske landa ligg vi etter både her og der. Av dei nordiske landa var Finland først ute med stemmerett for kvinner – i 1906. Der vart det ikkje berre kvinnestemmerett, men også kvinnerepresentasjon – 19 kvinner inn i Riksdagen ved første høve. I Sverige fekk ikkje kvinnene stemmerett før i 1921. Men alt same året vart fem kvinner valde inn i Riksdagen – same året som den første kvinna fekk fast plass i Stortinget.

Fram til 1940 vart seks ulike kvinner valde inn på fast stortingsplass, i ein periode var dei tre på same tid – to frå Arbeidarpartiet, ei frå Høgre. Dei to første venstrekvinnene på Stortinget vart valde inn i 1965.

Medan det enno berre var ei kvinne i Stortinget var det mange kvinner som meinte at det var på høg tid å få minst ei kvinne i regjeringa, og det mangla ikkje kandidatar. Da venstremannen Mowinckel skulle danna regjering etter at Hornsrud-regjeringa måtte gå i februar 1928, fekk han direkte råd om å la Betzy Kjelsberg bli den første kvinna i ei norsk regjering.

Men Mowinckel høyrde ikkje på det øyret. Han oppnemnde ei regjering med ni staute menn. Kjelsberg vart utfordra til å kommentera den nye regjeringa i eit avisintervju. Ho minte om at både i Danmark, Finland og England hadde arbeidarregjeringane tatt kvinner med, og sa mellom anna at «Mowinckel må å være en motstander av kvinner i det offentlige liv». Men ho såg denne regjeringsoppnemninga som eit mellombels nederlag: «Vi lar oss ikke stanse. Kvinnenes fremmarsj er likeså sikker som arbeidernes fremmarsj.» Den første kvinna som statsråd vart Kirsten Hansteen i 1945.

Samanliknar vi Stortinget i dag med dei andre nordiske nasjonalforsamlingane, ligg vi – trass i den nyaste kvinnerekorden – ikkje spesielt godt an. Etter valet i 2016 er 30 av de 63 representantane i det islandske Alltinget kvinner – 47,6 prosent. I den svenske Riksdagen låg kvinnerepresentasjonen på topp i 2006, med 47,3 prosent. Ved dei siste vala har den gått noko tilbake, og er etter valet i 2014 berre 43,8 prosent. Ved valet i 2015 gjekk kvinneprosenten i den finske Riksdagen ned frå 42 til 41. I Danmark er kvinneprosenten i Folketinget omtrent den same som i Stortinget.

Med litt andre ord: Noreg ligg etter både Sverige og Island når det gjeld kvinnerepresentasjon i nasjonalforsamlinga. Ingen av nasjonalforsamlingane har nokon gong hatt kvinnefleirtal. Tendensen i både Finland og Sverige har vore litt tilbakegang på 2000-talet. Det som har blitt omtalt som «kvinnerekord» i Noreg er nesten å rekna som stillstand dei siste 20 åra.

Spelar det så stor rolle om det er kvinner eller menn som fyller Stortinget? Valkampen vi har bak oss har gitt ferske eksempel på at kvinnelege politikarar kan ha akkurat like reaksjonære haldningar som ein del menn til alle tider har hatt.

Kjønnsfordelinga blant stortingsrepresentantane vil likevel vera eitt av fleire mål på korleis det står til med likestillinga i landet. Det eine poenget er å visa at kvinner kan, og så er det ein eigen kamp å nå fram med eit politisk innhald som tener kvinner flest.

Bispekollegiet har no like mange kvinner og menn, Forsvaret har komme til at verneplikt for kvinner trengst for å få med dei beste. Kva trengst i Stortinget?

mafolkvo@online.no

Artikkelen er oppdatert: 9. oktober 2017 kl. 12.21
Onsdag 27. september 2017
KronikkKjære kulturminister. Jeg skriver dette brevet i håp om at dette vil kunne gi alternativ perspektiv om Islamsk Råd Norge (IRN). Et perspektiv basert på informasjon som...
Fredag 22. september 2017
KronikkForsøk i valgkampen på å få politikerne til å mene noe nytt og spennende om bibliotek ga magert utbytte. I alle fall hos de store partiene og dermed hos en hvilken som helst...
Torsdag 21. september 2017
KronikkDet finst enno land i verda der domstolane si uavhengige stilling vert truga gjennom trugsmål og vald. Men stort sett er den tida forbi. I staden vert domstolane si...
Onsdag 20. september 2017
KronikkEi av gladmeldingane etter stortingsvalet er at det er sett ny kvinnerekord. Med 70 kvinner blant dei 169 representantane er kvinneprosenten oppe i 41,4 – meir enn nokon gong...
Tirsdag 19. september 2017
KronikkDet er snart over nå. Siden 25. august har over 400.000 rohingyaer flyktet fra hjemlandet Burma. Strømmen over grensen til Bangladesh er på 10–15.000 daglig. I...
Mandag 18. september 2017
kronikkFlyktningstrømmene i dagens verden er etter alt å dømme bare begynnelsen på enorme folkevandringer med bakgrunn i miljøødeleggelser, tørke, sult og fattigdom. En mye...

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk