Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kollbotns VIP-plass

Terje Kollbotn påstår i Klassekampen 16. september at VIP-plassen tiltenkt Raudt og Terje vart ståande tom under opninga av sykkel-VM laurdag. Det kan eg straks avkrefta – for på den plassen sat nemleg eg! Før eg kom så langt hadde eg hatt mine to glas eplemost og åtte–ti tapas i lag med eit syttitals inviterte. Dette var folk som hadde kjempa for å få sykkel-VM til Bergen, hadde løyvd pengar til arrangementet, hadde mobilisert store delar av byen og kommunane rundt til å gjera dette til ei fest for alle. Til og med vêret hadde dei fiksa!