Mandag 18. september 2017
Kristeleg Folkeparti har grunnlag for å skifta side i politikken.
Inga skam å snu

Å tapa eit stortingsval kjennest for mange av oss som når favorittlaget vårt i fotball har tapt. Det gjer vondt både i hovudet og magen. Men så går det over, og vi ser fram til neste kamp. Skilnaden på fotball og stortingsval er likevel stor. Neste fotballkamp er vanlegvis om sju dagar. Neste stortingsval er om 1461 dagar.

Utfallet av stortingsvalet vart likevel ikkje slik for dei av oss som hadde ønskt eit anna resultat, at det berre er å venta på eit nytt resultat om fire år. Ein ting er ganske sikkert: Når det nyvalde Stortinget kjem saman, er det ikkje Jonas Gahr Støre som er statsminister, men framleis Erna Solberg. Deretter kan mykje skje.

Kva som skjer i Kristeleg Folkeparti vil avgjera mykje. Det finst mange i Arbeidarpartiet og venstresida elles som finn det problematisk, ja for nokon umogeleg, å samarbeida med eit parti som i sitt grunnlag byggjer politikken sin på det kristne menneskesynet og med utgangspunktet i at alle menneske er skapt i Guds bilete. Likevel er det slik at sett bort frå abortsak og saker knytt til ekteskap og bioteknologi, er KrF sin politikk i veldig stor grad prega av sosialdemokratisk tenking. Om utjamning, velferd og rettferd, nasjonalt og internasjonalt.

Dagens situasjon minner mykje om perioden 1985–89. Kristeleg Folkeparti var i byrjinga av den perioden ein del av den Høgre-leia regjeringa, men då ho gjekk av våren 1986, vart KrF saman med Senterpartiet og SV, viktige samarbeidspartnarar for Arbeidarpartiet. Trass i at partia hadde stått ganske langt frå kvarandre i fleire år, fann dei fort grunnlag for samarbeid. Tyngdepunktet for politikk som vart vedteken av Stortinget desse åra vart danna etter drøftingar mellom KrF, SP og Ap, og i fleire viktige saker også med SV. Skattepolitikken vart lagd om i progressiv retning og det vart slutt på skattelettepolitikken til den førre regjeringa. Løyvingane til bistand, til kommunane, til distriktspolitikk med meir vart auka, og det vart fart i både barnehageutbygging og utvida løna fødselspermisjon.

I det nye Stortinget får no Ap, Sp, SV og KrF til saman 87 representantar. Det er to færre enn dei fire partia som i dag utgjer grunnlaget for regjeringa Solberg. Likevel er det eit fleirtal. Når vi studerer partiprogrammet til Kristeleg Folkepartia finn vi at det i sum er langt meir dei har til felles med dei raudgrøne partia, enn med dei blå partia. Det bør gje eit godt grunnlag å inngå fleirtal med dei raudgrøne, når KrF høgst sannsynleg går i opposisjon til regjeringa Solberg.

Arbeidslivspolitikk har aldri vore ei kjernesak for KrF. Det trur eg er årsaka til at partiet her har vingla både til høgre og venstre. I partiprogrammet deira står det no at dei vil styrkja arbeidsmiljølova som ei vernelov for arbeidstakarane, og at utanlandske arbeidstakarar skal ha same vilkår som norske arbeidstakarar. Det er ikkje noko dårleg grunnlag for samarbeid mot venstre.

Det å skifta side i politikken er ikkje lett, men Kristeleg Folkepartia har tidlegare vist at dei kan samarbeida til begge sider, så lenge dei ikkje må gå på akkord med verdiane sine. Eg er ganske sikker på at med den samansetjinga det nye Stortinget har fått, bør det vera grunnlag for å finna fornuftige kompromiss utan at det går laus på verdigrunnlaget blant dei som utgjer fleirtalet.

KrF vil nok neppe inngå i ei ny regjering til venstre for dei, dersom dagens regjering går. Men det er mange i KrF som brenn for sosial utjamning, rettferd nasjonalt og internasjonalt, for gode velferdsordningar, for balanse mellom by og distrikt, og som møter meiningsfellar hjå dei raudgrøne.

norvald.mo@fellesforbundet.no

Artikkelen er oppdatert: 9. oktober 2017 kl. 11.23
Fredag 22. september 2017
De siste to ukene har vi blitt servert en rekke forklaringer på Aps valgnederlag. Når det gjelder veien videre for vårt største parti, har de fleste en politisk kjepphest de vil ri, og i disse dager er det mange som...
Torsdag 21. september 2017
En melding tikker inn på telefonen min, fra en venninne i Nederland. «Hvorfor snakker alle plutselig om kulturmarxisme? Jeg får ikke tak på hva det er». Meldingen fyller meg med uro. Hvorfor dukker et begrep som i...
Onsdag 20. september 2017
Just remember that/What we do/is what you just can’t do«Cartoon Heroes», AquaFor noen år siden fant jeg en liten tegneserie i en bortgjemt eske. Tegneserien handlet...
Mandag 18. september 2017
Å tapa eit stortingsval kjennest for mange av oss som når favorittlaget vårt i fotball har tapt. Det gjer vondt både i hovudet og magen. Men så går det over, og vi ser fram til neste kamp. Skilnaden på fotball og...

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk