Mandag 18. september 2017
All at once: Lana Del Reys lyd viberte over Karmøy.
Prousthumanistisk hurra!
Slengkyss

Med denne inngangen skjønar alle Musikkmagasinets maratonlesarar at her kjem ein doowop tribute til 5-års jubileet, frå eitt-åringen Sidesleng. Ikkje desto mindre og desto meir må det seiast at Ole Robert Sunde har hatt uboteleg intertekstuelt impact ikun på Musikkmagasinet med sine minutiøse essays. Med denne svingdørsinngangen er eg så vidt i gang med beretninga om kva som kan henda ein ihuga lesar av Eirik Blegeberg og Martin Bjørnersens hyperkontekstuelle musikkritikk.

Min stil og spaltas kortform legg an til å sleppa kjetta ut av sekken suddenly at once, for å krydra med ein kort referanse til King James Bible (1603).

Her om dagen let eg let meg frydefullt fyllast til bristepunktet av Blegebergs kritikk av Lana Del Reys ein time og tolv minuttars album: «Lust for Life». Umiddelbart fann eg meg – som det heiter, ved busskuret for rute 209 til Haugesund, heada for Shabby Records i Strandgata, sjappa for vinyl, resirkulert CD og transpolitiske it-things så som uret av Che Guevara som eg kjøpte for ei ny tid på Karmøy. Innehavaren kika opp av endå ein kasse innbrakte herlegheitar og anbefalte skiva «Lost in life.» Han hadde hatt diverse trøbbel med å få tak i underanmelde lovsongsalbum produserte i Sverige.

På min neste mandagstur til arabarstaden, eit must for liebfressarar av Jennifers sprengde torsk med eggesmør og gulrotstuing i søre Haraldsgata, hanka eg inn mørkrets freistarinne og kom heim med Lana Del Rey-lyden.

I min barndom i Austevoll visste alle kven «Lyden» var. Det var den inngifte dama frå Karmøy som song høgast i kyrkjelyden. Lyden av Karmøy svevde høgt over hammondorgelet som far min, distriktslegen, trakterte i dunsten av mørkets gjerningar natta før. Poenget her er at eg skjønte tidleg høgda, lågmål og breidden av lyd.

På med CD’n. Cover skumma. Her var det berre å nyta. For ein herleg og samanbunden by av lyd ved 13 strender tomme for vakre kvinner blessed by America! Eg gjorde ei gjennomspeling for lyd og ei for lyrics, utan copy i coveret. Difor vart det mest lyd. Og det heile lèt som Annette Peacocks leikande lillesøster i storesøsters pumps. Eg høyrde ein enkel lyd, som når alle fargar gøymer seg i svart og ikkje lukkast. Ein imperfect og uperfekt lyd compact together som ei Davidsalme sungen fram og tilbake at once. Sjokket over det enklifiserbare i denne sounden vibrerte lenge i rommet med ytsyn over horisonten utfor sju heimlege strender på Åkrasanden.

Samanhalden med referanseblekkspruten i Eirik Blegebergs lydmelding vart loungesongarinnas enkle lyd for einstavingsord å rekna. Takk til Musikkmagasinet for ei vidunderleg oppleving!

No har eg nett lese Martin Bjørnersens melding av Susanne Sundfors «Music for People in Trouble» og tar ikkje sjansen på å kjøpa og høyra CD’n. Det vil heilt opplagt bli trøbbel.

karinmoe1@gmail.com

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Ein enkel lyd, som når alle fargar gøymer seg i svart og ikkje lukkast»

Artikkelen er oppdatert: 9. oktober 2017 kl. 11.26
Mandag 18. september 2017
Med denne inngangen skjønar alle Musikkmagasinets maratonlesarar at her kjem ein doowop tribute til 5-års jubileet, frå eitt-åringen Sidesleng. Ikkje desto mindre og desto meir må det seiast at Ole Robert Sunde har...

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk