Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Misnøye i standardspråkets tid

I Klassekampen 12. september har Hallvard Hegna ein kommentar til meg. Der set han fram synet sitt på språkstoda i Noreg, som han er misnøgd med. Hegna misliker valfridom i rettskrivinga. Eg er ikkje sikker på om han misliker det statlege ansvaret for språknormering eller berre utføringsmåten. Han misliker at Noreg har to skriftmål og ei stutt skriftspråkshistorie, og fridomen til å bruka dialekt munnleg i alle samanhengar.