Lørdag 16. september 2017
Vesaas og bøkene: Tarjei Vesaas betraktar nesten alle bøkene han har skrive etter å ha vunne Nordisk Råds Litteraturpris for «Isslottet» i 1964. Foto Aage Storløkken, Aktuell/NTB SCANPIX
Vesaas på vranga
Eld i hugen: Kva er vel ein forfattar utan lesarane sine?

melding

Nyleg fekk eg ein tjukk bibliografi med skrifter av og om Aasmund Olavsson Vinje i postkassa. Bibliografien, som direktør i Nynorsk Kultursentrum Ottar Grepstad står bak, dokumenterer over 4400 tekstar av og om Vinje gjennom 170 år, og er ein fagleg grunnstein for det nye Vinje-senteret som skal opne i Vinje kommune.

I Øyvind Vågnes’ nye roman er det ikkje Aasmund Olavsson Vinje, men Tarjei Vesaas, som skal få forfattarsenter i Vinje. Det er uvisst om senteret skal gå inn i Nynorsk Kultursentrum, som også står bak Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, men éin ting er eg trygg på: Ideen til «Vesaas-pølsa» må Vågnes ha rappa rett ifrå sjølve kraftsentrumet til Nynorsk Kultursentrum, nemleg Ivar Aasen-tunet i Ørsta, der eg sjølv gjennom fleire somrar har selt metervis med tun-pølse utvikla i Ivar Aasens ånd.

Tunge bibliografiar og tunge pølser; forvaltinga av den litterære arven er både kultur og kommers. Særleg når kulturarven skal forvaltast med utspring i mindre lokalsamfunn, er det ofte ein føresetnad at kulturen også blir matnyttig for nærmiljøet. I «Vesaas» utforskar Vågnes kva som skjer med ein forfattarskap når den blir institusjonalisert. Han viser korleis det kan truge litteraturen, sjølvsagt gjennom kommersialisering, men også fordi ein må formidle ei klår og samanhengande forteljing om både livet og litteraturen til forfattaren. Kva slags andre forteljingar kan ein finne, i bøkene og i biografien til forfattaren? Kva slags teikn peikar andre vegar enn dei lesarane vanlegvis blir sende ut på?

Fakta

roman

Øyvind Vågnes

Vesaas

Tiden forlag 2017, 220 sider

«Vesaas» handlar om Jon, som har eit mislukka forsøk på å skrive ein Vesaas-biografi bak seg, og som blir involvert i planlegginga av det nye Vesaas-senteret, i rolla som litteraturfagleg konsulent. Det skulle ein tru var ei hovudrolle, men i denne arbeidsgruppa er NPM-faktoren høg på ein kant og hippie-faktoren høg på ein annan – og bak dei alle lurer representanten frå DNB, som ikkje vil «påverke profil eller innhald», men likevel vere «synlege». Visjonane blømer i alle leirar: Får ein fanga den autentiske Vesaas og tvinga han inn i «Det inste rommet», kan det føre til både klingande mynt og kulturell kapital. Samstundes står litteraturen til Vesaas i fare for å bli vriden på vranga.

Det er likevel andre ting enn produktkatalogar, strategiplanar og teambuilding som står i hovudet på Jon. Han har nyleg mista far sin. Ikkje minst er han einsam. Kanskje heng det saman. Farfar til Jon var alkoholikar, og far hans har ikkje vilja snakke om farfaren. Men i Vesaas-bøkene som Jon har arva etter farfaren, har Jon funne teikn etter ein ihuga Vesaas-lesar – ein som har lese bøkene hans med eld i hugen og brann i bringa. Fleire av bøkene er lesne mange gongar, og understrekingar og notatar er utførte i eit merkverdig system. Jon har grave i datoane som bøkene er markerte med, og funne banda til si eiga familiehistorie. Ut ifrå farfarens merknadar i margen har også Jon byrja å lese Vesaas litt på vranga. Kanskje blir det mest rett slik?

Det er i Jon si personlege forteljing at Vesaas-verknaden gjer seg gjeldande. Når alt kjem til alt etterlèt ikkje harselasen med forfattarmuseum og opplevingsindustri så mykje meir enn nokre flir og gys. Grepet med å involvere Jon i Vesaas-senteret er likevel ein kløktig måte å plassere han i Vesaas-land og setje han i kontakt med menneska som bur der på. Vågnes gir seg slik høve til å utforske både litteraturen, livet og etterlivet til Vesaas, og seier særleg noko om kvar desse eigentleg ikkje heng i hop. For dette Vesaas-landskapet rommar ikkje skrifta til Vesaas, synest Jon å kome fram til. Den milde og vene Vesaas levde eit roleg liv i idylliske omgivnader, men skreiv ubendig, ofte mørk og farleg litteratur. Kjeldene til dei veldige djupna han skapte i litteraturen sin, låg gøymde ein stad inne i han sjølv.

Vågnes lener seg no og då på det særeigne språket til Vesaas, og skapar her og der små gjenklang i scener eller motiv frå bøkene hans, utan at han fell for freistinga til å drage det heile for langt. Stemninga i romanen er smitta av Vesaas, men heile vegen merka av Vågnes sin eigen stil og hans eigne hensikter med stoffet.

Medan prosjektgruppa arbeider på spreng for å forme si forteljing om Vesaas, viser Vågnes at det uhandterlege som oppstår i møtet mellom den einskilde lesaren og den einskilde boka, er det som verkeleg betyr noko. Han held fram lesarane som ikkje lèt seg telje i utlånsstatistikkar og dei umålbare verknadane bøkene hans har på dei som les. Denne verknaden lèt seg ikkje innlemme blant museumsgjenstandane, men er openbert avgjerande: Kva er vel ein forfattar utan lesarane sine?

Det er eit problem i romanen at Vågnes aldri finn den heilt rette tonen til å balansere den satiriske og den meir seriøse tilnærminga til arven etter Vesaas. Alvoret rår over tilløpa til humor, og romanen er sjeldan veldig underhaldande. Spenninga knyt seg først og fremst til kva slags innsikter Jon kjem fram til, når han leiter etter far i fortida og når han les i Vesaas sine bøker med nye briller.

Dei mange trådane i romanen samlar seg heller ikkje fullt så tydeleg som eg kanskje ynskjer, men akkurat det synest også å vere eit poeng i romanen: At litteraturen ikkje samlar seg til ferdigformulerte bodskapar, men står open for nye lesarar, med rom til deira eigne erfaringar inn i mellom orda og setningane. Det er dette rommet som gjer det leveleg i litteraturen. «Ein kan ikkje bu i eit museum», sa Tarjei Vesaas i si tid.

bokmagasinet@klassekampen.no

Lørdag 9. desember 2017
Opplysing: Pål Norheims oppdateringar blinkar og lyser opp i bokform etter at han er borte.
Lørdag 9. desember 2017
Kritisk litteraturformidling må behandles mer seriøst av NRKs ledelse.
Lørdag 2. desember 2017
En prøve: I en skoledebatt rammet av tellesyke, er Marte Spurklands bok nødvendig medisin.
Lørdag 25. november 2017
«Sexarbeidere»: Julie Bindel avkler skjønnmaling av prostitusjon.
Lørdag 18. november 2017
Inne i Niels Fredrik Dahls nye roman om en mor finnes noen antydninger om en ganske annen roman, den om far: små glimt av en spektakulær historie, en eventyrlig oppvekst i utlandet, en eksotisk farfar, familieoppløsning og ensomhet. Kanskje er...
Lørdag 11. november 2017
Månedens poetOle HorvliHver måned kårer diktkammeret.no en månedens poet som blir intervjuet og trykket i Bokmagasinet. Horvli er molekylærbiolog og Diktkammeret-poet.
Lørdag 11. november 2017
Uredd: Asli Erdogan fornyer reportasjesjangeren når hun skildrer dagens Tyrkia med mot, redsel, sorg og raseri.
Lørdag 4. november 2017
Frysninger: Øyvind Rimbereid dikter om en mann som leter etter sin kjæreste – i en tid hvor ingenting ligger fast.
Lørdag 28. oktober 2017
Nabobesøk: Erika Fatland har begitt seg ut på en ambisiøs og innholdsrik reise, men noen ambisjoner har blitt borte på den lange veien.
Lørdag 21. oktober 2017
Koker: Erlend O. Nødtvedts første roman legger ut på en vill ferd langs fjordene for å finne en tapt landsdel.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk