Klassekampen.no
Fredag 15. september 2017
MATAUK: Sankinga vert sett på som meir moralsk bruk av tid enn det som berre aukar forbruket, trur forskarane. Kjelde: Gul kantarell frå boka «Coloured Figures of English Fungi or Mushrooms» av James Sowerby (1797–1809)
NATUR
Ein ny haust
MODERNE HAUSTAR: Tidsriktig nok dokumenterer Kristin Helene Randulff Nielsen sankinga på Instagram under namnet «Ludokriss». Her med umogen svarthyll. Foto: Privat
Livet

Vi tar for oss moderne fenomener, historie og vitenskap.

Michelin-kokkar og klimasnakk har fått forbrukarbevisste nordmenn ut i ­skogen.

Aktiviteten som tidlegare tilhøyrte besteforeldre og turentusiastar, har no fått både Oslo-hipstarar og bornefamiliar til å setje seg på huk mellom hausttrea. Nordiske trendrestaurantar og auka miljøbevisstheit har lokka den moderne viking tilbake til soppklyngene og bærbuskane.

Fleire faktorar peiker i denne retninga. Norges sopp- og nyttevekstforbund melder om ei markant medlemsvekst berre det siste året. Kurspågangen er enorm, bøker vert gitt ut, og to veker ut i soppsesongen er det kontrollert 8000 korger på nettet.

Den nye appen «Digital soppkrontroll» er no den femte mest nedlasta mat-appen i Noreg. Soppen er blitt meir populær enn både Vinmonopolet og matleveringstenesta Foodora.

Fakta:

• Det veks cirka 3300 ulike storsoppar i Noreg.

• Fem av desse er påvist daudelege.

• Spiss giftslørsopp, butt giftslørsopp, kvit fluesopp og grøn fluesopp er dei giftigaste. I tillegg kan flatklokkehatt gje alvorlig forgiftning.

• Steinsopp, piggsopp og kantarell er generelt sikre, utbreidde matsoppar.

• Soppforbundet har 300 fysiske sopp­kontrollar rundt i landet, samt ein ny app, «Digital soppkontroll».

Kjelde: Giftinformasjonen og Norges sopp- og nyttevekstforbund

Ring 3-tilstrøyming

Er det MDG-arane, dei unge, kjøt­reduserte, urbane grøne som no har drege på regnjakka og teke ut i marka? Ein kan ikkje konkludere med at sanking er blitt eit fullstendig byfenomen. Dei beste ressursane finst, naturleg nok, framleis i land­legare områder.

– Men medan folk i distrikta gjerne har plukka jamnt tidlegare, har interessa den siste tida vakse seg overraskande stor hos folk som bur i byar – spesielt blant unge, fortel Annechen Bugge ved forbruks­forskningsinstituttet Sifo.

Nordmenn et bær som aldri før, og no skal me helst fortære dei med blåflekka fingrar. Heile 52 prosent oppgjer å ha plukka bær sjølv i løpet av dei siste tolv månadane, ifølgje Sifo sine nyaste tal. Trass ein markant auke i popularitet, råtnar likevel det aller meste av det spiselege i naturen bort, urørt. Fleire millionar i verdiar går tapt kvart år.

Men interessa for matlaging er stadig aukande, og eit naturleg, råvarebasert kosthald er i tida, skal ein tru instituttet. Det å plukke ingrediensane sjølv vert oppfatta som grønt, reint og riktig.

– Mat er jo mote. På 1970-talet var det Thousand Island, på 1990-talet pestoen. No er det nordiske råvarer som gjeld, fortel Bugge.

Ho forklarar at stjernekokkane ved dei skandinaviske luksusrestaurantane har vorte viktige opinionsformarar, og trekk fram danske Noma og norske Maaemo som føregangskjøkken.

Noreg har tidlegare vore ein nasjon med låg matkulturell sjølvkjensle, meinerforskaren. Mat frå utlandet har framstått mykje meir spennande og eksotisk enn vår eigen.

– No ser ein ei dreiing mot skvallerkål, ramsløk, krekling og dei gamle tilberedingsmetodane. Dette er nok blant det som har auka populariteten til sankinga, seier Bugge.

Arva etter besteforeldra

Kanskje har alle timane våre framfor dataskjermen og ført til ein motreaksjon. Opprøret manifesterer seg i oppussing, hagearbeid og matlaging – og no også handplukk.

– Mange av oss har mentalt krevjande jobbar, og manuelle fritidssyslar er blitt ei avkopling. Sankinga symboliserer ein nordisk livsstil prega av enkelheit og aktivitet, og vert sett på som meir moralsk bruk av tid enn det som berre aukar forbruket, påpeiker Bugge.

Ofte er me ikkje interesserte i det foreldra våre gjorde, men tek opp att det besteforeldra våre dreiv med, forklarar Anne Dorthe Sunde, koordinator i Norges sopp- og nyttevekstforbund.

På same måte som retrotrenden i klede og møblar tilhøyrer besteforeldregenerasjonen, har plukketrenden også same opphav, skal ein tru forbundet. Av deira 5000 medlemmar har svært mange kome til det siste året – spesielt unge vaksne.

Allereie i vår såg foreininga ei veldig interesse for sanking av grøne vekster og ugras. No er pågangen til kurs for å bli soppsakkyndig rekordstor.

– Med kunnskap aukar respekten for det som veks i naturen. Det er på tide at aktiviteten til våre forfedre er på veg til å ta seg opp, seier Sunde.

Sjølvplukk til luksusrestaurant

«Gratis mat» og «Spiselige ville vekster» er blant titlane som for tida prydar bokhandlarhyllene. Ei av dei som skal kaste seg på trenden neste år, er forfattaren bak «Håndplukk», Kristin Helene Randulff Nielsen. For henne enda plukketurane i skogen etter kvart opp som leveransar til Maaemo og Smalhans – to av Noregs beste restaurantar.

– Etter at eg fekk ein ME-diagnose i 2008, har det å bruke naturen blitt rekonvalisens. Eg har alltid vore glad i å vere ute, men interessa vart vekka ved å sjå kva dei nordiske restaurantane byrja å bruke. «Åja, men dette går eg jo forbi ofte», tenkte eg.

Sjølv etter årevis i naturen, vert ho stadig fascinert over kor mykje i norske skogar og vegkantar som kan brukast.

– Der kor nordmenn gjerne tidlegare sette dei franske eller italienske kjøkken høgast, ser ein spesielt i år ei oppdaging av tilsvarande smakar og element i norsk matkultur og natur. Det er kult.

Kristin fortel at det å sitje på huk blant gaukesyra, høyre bekken sildre og fuglane kvitre, fungerer som meditasjon.

– Å plukke er ein fin måte å ha det bra på. Eit roleg og fint tilvere kor ein berre kan vere, sjå, dufte og oppdage. Når ein tek på «plukkebrillene», opnar det seg ei heil verd av alt som er brukbart og godt, seier ho.

– Det er slutt på tida kor ein berre såg folk i grøne Fjellräven-bukser plukke sopp. No treff ein eit breidare spekter. Utstyrshysteriet høyrer ikkje med i det å berre gå og sanke litt.

Heimelaga får status

Stereotypien av den nye plukkaren – ung, urban og miljøbevisst – er heller ikkje her til å kome unna. Sjølv er Kristin 43 år, bur på St. Hanshaugen i Oslo og er oppteken av sanking som eit kvardagsleg og anvendeleg klima­bidrag.

– Å lære folk kva som kan plukkast med frå grøfta på veg heim frå jobb, og etterpå kan brukast i salaten, ender opp som eit praktisk og fint miljøverntiltak.

Ho skildrar folk si nye haldning til mat og forbruk som ein «har-du-ikkje-fulgt-med-i-timen?»-reaksjon.

– Før vart heimebakt brød sett på som noko gammaldags. No rynker folk på nasen om ein fortel at ein kjøpar alt på butikken. Kunnskap har blitt status.

modernetider@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 16. oktober 2017 kl. 13.31

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk