Klassekampen.no
Fredag 15. september 2017
Erna Solberg vann på at politikken forsvann frå valkampen.
Taktisk knockout

«What you see is what you get», sa Erna Solbergs sekundant i siste runden av statsministerkampen. Statssekretær Sigbjørn Aanes forklarte Klassekampen det han hadde sagt i lange tider: Høgre skulle vinne på personen Erna Solberg. Aanes hadde nemleg lenge hatt tal på at Solberg var populær i alle grupper, og han hadde nok også undersøkingar som viste at ho kunne slå knockout på Jonas Gahr Støre. Derfor gjorde Høgre det politiske personleg.

Politisk var Erna Solberg tåkefyrsten i valkampen. Ho snakka lite om politikken dei vil gjennomføre og lova knapt nokon ting. Høgre prøvde å viske ut politiske forskjellar. Når Ap lova 3000 lærarar for tidleg innsats, var Høgre samde, utan å gi løfte om pengar. Det same med sjukehus og eldreomsorg.

I striden om samanslåing av kommunar, hevda Høgre at dei stod for det som Ap eigentleg meiner. «Jeg tar meg av og til i å savne Jens Stoltenberg», sa ein statsråd, som gav det feilaktige inntrykket at den tidlegare Ap-leiaren ville slått saman kommunar.

Avpolitisering vart så vellykka at det måtte rykkast inn annonsar for å minne folk på at viss dei ville ha Erna som statsminister, så måtte dei faktisk stemme Høgre.

Det var annleis i 2005. Da måtte Erna Solberg lappast saman etter å ha blitt slått gul og blå. Sakte, men sikkert bygde ho seg opp igjen, som en heilt annan Høgre-leiar enn dei vanlege vestkanttypane med kalkulator. Dei seinare åra har det vorte måla vidare på bildet av «Erna» som folkeleg og folkekjær, og det har vorte spreidd med tusenvis av selfiar no i valkampen.

Det andre bildet til Høgre-strategane viser Solberg som ein norsk kanslar, som mirakuløst makta å halde dei borgarlege samla og fekk Norge trygt gjennom oljekrisa.

Framstillinga av Solberg står i skarp kontrast til Høgres karikaturteikningar av Jonas Gahr Støre. Den styrtrike akademikaren lever ikkje berre eit liv heva over folket. Støre forstår heller ikkje folk flest, og han snakkar slik at vanlege menneske ikkje skjønnar han.

Før årets store tittelkamp prøvde Høgre-strategane å psyke ut motstandaren. Gjennom fleire år har dei kalla Støre for tåkefyrste, og Høgre-statsrådar har hevda at han talar utydeleg og «størsk». Støttemannskapet til Støre såg så alvorleg på dette at dei i oppkøyringa trena Ap-leiaren opp til å bli meir slagkraftig i duellane. Kanskje var det ei feilvurdering, for da kunne heiagjengen i Høgre klage på at Støre var for aggressiv og stal ordet frå Erna Solberg.

Alle parti rakkar ned på motstandarane. Men i år har vi sett at Høgre er gode på valkamp og meistrar i negativ kampanje. Dei klarte å skremme veljarar til å tru at folk flest ville få skatteauke med Ap, og dei lykkast med å spreie frykt for at rikingen skulle reversere Norge saman med bønder, kommunistar og miljøfanatikarar.

Samtidig kom avsløringane om at Støre hadde tvilsame eigedomsinvesteringar, at brygga hans vart bygd med svart arbeid og at han hadde plassert pengar i eit obskurt aksjefond. Støre var rik, han heldt ting skjult og var ikkje til å stole på. Slaga ramma Støre under beltestaden, med ei kraft som Høgre-strategane truleg knapt kunne ha drøymt om.

Erna Solberg vann på at valkampen handla om rikdommen til Støre, ropa frå Sylvi Listhaug og raset til Ap. Slaga gjorde Jonas Gahr Støre groggy. Da gongongen slo, låg Ap-leiaren igjen i ringen.

Dagen etter triumferte Erna Solberg ved sjølv å handle familiemiddag på Coop Mega, med VG i hælane. Mannen bak kassa fekk ta ein selfie av seg og statsministeren. Seinare på dagen sende Solberg bildet av kjøtkakmiddagen til VG. Erna Solberg og Sigbjørn Aanes hadde vunne på taktisk knockout.

kallset@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 16. oktober 2017 kl. 13.36

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk