Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kor stor valfridom har vi i livet? Hovudpersonen i Carl Frode Tillers nye roman slit med å bryta arva mønster.

Kor var det alt byrja?

Valfridom? Carl Frode Tillers nye roman «Begynnelser» søker røtene til eit sjølvmord, samstundes som boka speglar vårt kollektive miljøsjølvmord. Her er forfattaren i skrivestova heime på Ranheim utanfor Trondheim.

«Begynnelser» startar med slutten og arbeider seg bakover i tid. I sin nye roman granskar Carl Frode Tiller kva for val som avgjer kor vi endar opp i livet.

Terje ligg på sjukehus. Han har freista å ta sitt eige liv. Han er berre vagt ved medvit, men registrerer mora og søstera, Anita, som sit ved senga. Dei to vaksne kvinnene småkjeklar beiskt i sjølvrettvise vendingar. Dei er redde, men greier ikkje å leggja til sides det passivagressive agget som har bygd seg opp mellom familiemedlemmane sidan Anita og Terje var små.