Klassekampen.no
Torsdag 14. september 2017
Kvar vart det av likestillingspolitikken i valkampen?
(Ste)moderleg

Ho sat på Raudt si valvake med ein halvliter i handa og euforiske sosialistar på alle kantar, og måtte berre få sagt det: Ho hadde stemt på Feministisk Initiativ. Først hadde ho tenkt at nei, det sto så mykje anna viktig på spel i denne valkampen at ho måtte la vere å kaste bort stemma si på eit parti med null sjanse til å kome inn på Stortinget, men så hadde det slått henne at nei, sånn tenkjer vi alltid. Likestilling kjem aldri øvst på lista over viktige saker.

Så stemte ho med hjartet likevel. Og slik hamna ei av dei skarve 684 stemmene til det rosa partiet i valurna.

FI-veljaren på Raudt-valvaka har rett. Likestillingspolitikken er truleg valkampens minst debatterte emne. Ikkje ein gong regjeringa sitt kutt i fedrekvoten har kome på dagsorden, sjølv om det har ført kvinner tilbake til kjøkenbenken og gjort Erna Solberg «skuffet over norske menn».

Medan Sylvi Listhaug er Frp – og regjeringas – mest høgrøsta, er likestillingsminister Solveig Horne den stillaste. Mange trudde ho skulle bli kontroversiell, men i staden har ho berre klart å provosere fram skuldertrekk frå alle andre enn den vesle, organiserte kvinnerørsla og nokre få einskildpolitikarar.

Truleg er det akkurat slik regjeringa vil ha det. Ein likestillingminster som gjer lite ut av både seg sjølv og politikken. Likestillingsmeldinga som Høgre og Frp la fram i 2015, var «legendarisk tannlaus – full av ulne og uforpliktande formuleringar», ifølgje forskar Helga Eggebø. I Klassekampen 4. september legg Eggebø til at dei få tiltaka som meldinga presenterte, var ting regjeringa kom til å gjere uansett, uavhengig av likestillingspolitikken.

Den nyaste utgåva av det feministiske tidsskriftet Fett, som kom denne veka, er via til emnet moderskap. «Moderskap står fortsatt i sentrum for en rekke svært reelle og samtidige politiske problemstillinger», skriv redaktør Hedda Lingaas Fossum.

I ein artikkel kan vi lese at 55 prosent av norske kvinner og 22 prosent av norske menn oppgir å ha opplevd å ha blitt diskriminerte i arbeidslivet i samband med graviditet. No har Stortinget nettopp styrka vernet og sanksjonsmoglegheitene i slike saker, og forhåpentlegvis vil det bidra til å gjere desse oppsiktsvekkande høge tala lågare. Men artikkelforfattar og jurist Frøydis Patursson peikar på at sanksjonar ikkje er nok. Korleis gravide blir møtt i arbeidslivet, har med heile synet vi har på arbeid, og kva stilling mennesket skal ha i møte med arbeidslivet å gjere. «Det å være et helt menneske med et liv som innvirker på arbeidssituasjonen, kommer i klinsj med kravene til idealarbeidstakeren», skriv Patursson.

Det er lett å forestille seg at når arbeidsmarknaden blir tøffare, blir det også tøffare å vere eit «heilt menneske». For høgresida er lover mot diskriminering einaste svaret. For venstresida bør det å skape ein moderne og heilskapleg politikk for eit likestilt arbeids- og familieliv vere blant kjernesakene. Kampen for eit arbeidsliv for alle, ei endring i den svært kjønnsdelte arbeidsmarknaden, for fedrekvoten og for valdsutsette kvinner sin rettstryggleik må på dagsorden.

Det burde soleis ikkje vere naudsynt å stemme på Feministisk Initiativ for å vere trygg på at du har gitt stemma di til eit feministisk parti. Venstresida får gjere bot og løfte fram alternativ likestillingspolitikk når ei ny stortings­periode no tek til. Elles går vi mot åtte blåblå år med stemoderleg behandling av likestillingsfeltet, og stort sett stillstand framfor framgang.

marias@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 13. oktober 2017 kl. 12.42

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk