Klassekampen.no
Torsdag 14. september 2017
Den gamle skolen: Når foreldre ikkje sjølve syng salmar med ungane, blir det kanskje hólt å krevja at dette er norsk kulturarv som alle bør kjenna, skriv Anne Kalvig. Her syng St. Johannesguttene jula inn i 1965. Foto: Erik Thorberg, NTB Arkiv
Er det fellesskolen sitt ansvar at barna lærer dei kristne salmesongane?
Salme ved reisas slutt

«Din rikssak Jesus være skal, min største herlighet! Takk at jeg også fikk ditt kall, og skal få være med!». Denne misjonssalmen song me i barneskolen med liv og lyst for 35 år sidan. Salmen har ein slags kjekk, tysk marsjmelodi, og han kjem gjerne i hovudet mitt når eg går i godt trav. Både tekst og melodi er kompleks; frå den litt harde innleiinga med rikssak og kall, kjem det mjuke linjer: «Men du som gav meg vennenavn, og tok meg ømt inn i din favn», sunge med lysare og lettare tonar, før salmen dundrar til i marsjstil igjen: «Vil gi meg makt, å gå hvor du har sagt».

Vår «frøken» i barneskolen kom rett frå misjonsarbeid i Japan, og ho elska denne salmen og lærte den til oss ungane. Eg hugsar ennå hennar kraftige, skjelvande røyst, og at dei høgaste tonane ofte blei falske. Me hadde fleire lærarar som var tidlegare misjonærar.

Salmen er skriven av Karl Ludvig Reichelt (1877–1952), teologen og misjonæren som drog frå Misjonhøgskolen i Stavanger til Kina, og erfarte eit åndeleg slektskap med buddhismen. I 1905 hadde han ei skjelsettande oppleving. Ved det buddhistiske Weishan-klosteret høyrte han Guds røyst slik det er fortelt i Bibelen at Paulus talte om Gud til athenarane på Areopagos: «Han er då ikkje langt borte frå ein einaste ein av oss. For i han er det vi lever og rører oss og er til». Gud var allereie i Kina, erfarte Reichelt, og han grunnla Den nordiske kristne buddhistmisjon, som skulle vera prega av fordjuping og medvandring i austleg spiritualitet forutan forkynning av kristendom. I dag heiter denne organisasjonen Areopagos, og driv mellom anna med dialogarbeid og kristen meditasjon.

Kjennskap til ein enkelt salme kan såleis opna opp eit heilt univers av kulturhistorie, misjonshistorie og ja, kulturarv. Me lærte salmen for at me skulle ta del i Jesu rikssak, altså Guds rike si sak. Skolen hadde kristen formålsparagraf og me skulle hjelpast til «kristen og moralsk oppseding», om enn nokre hadde faget «livssyn». Kristendom var integrert i heile skoledagen også strukturelt sett – me starta dagen med bøn og song, og me avslutta dagen med bøn med dobbelt «amen»: Amen, i Jesu Kristi namn, amen!

Gudskjelov er det ikkje slik i norsk skole nå. Me har ei særstilt Folkekyrkje som eit fleirtal har medlemskap i og identifiserer seg med, som «kulturkristne». Men me har så mykje meir, som også skal komma fram i skolen sitt verdigrunnlag og i formidlinga i religionsfaget. Me er nettopp ferdige med ein valkamp der kristne verdiar er framstilt som alt som godt er, slik det også står i skolen sin formålsparagraf, med det tillegg at dette også er humanistiske verdiar og «verdiar ein også finn i andre religionar og livssyn». Det blir sjølvsagt rotete ordskifte om slike ting, i sær i valår, men så er jo verdiar, kultur og religion også rotete og uklare kategoriar i og for seg.

Men salmesongane då, kva gjer me med dei? Dei blir knapt sunge i skolen. Me hadde utanåtlæring av salmar, som eg trur kognitivt var eit gode, men når foreldre ikkje sjølve syng salmar med ungane og heller ikkje tar ungane med i kyrkja, blir det kanskje hólt å krevja at dette er norsk kulturarv som alle bør kjenna? «Salmesang minutt for minutt» viser at kjærleiken til salmeskatten ligg der, spørsmålet er i kva grad fellesskolen skal ta innlæringsansvaret for han.

Dessverre er song heilt borte frå den nye, generelle delen av læreplanen. «Skolens sangbok» av Mads Berg er også borte, og som mor kan eg kjenna det som eit tap, eg hadde så stor glede av henne sjølv. Mange av gutane i klassen hadde nok ikkje det, bortsett frå når me song «Veslemøy lengtar» av Arne Garborg, for då gaula dei HOMO i staden for «ho mor» på slutten av kvar verselinje.

Men det blir framleis sunge i skolen, nå er det gjerne «Stopp, ikkje mobb», NRK Super sine «Bli med»-songar og popsongar. Dei er også vakre, på sine vis. Den gamle songskatten og 17. mai-songar er ofte pinleg mannsforherligande, så ja takk til litt nytt.

Sjølv tar eg på meg ansvaret å læra ungane «Folkefrelsar til oss kom, fødd av møy i armodsdom», i genial omsetjing ved Bernt Støylen. Teksten er over halvtanna tusen år gamal, melodien knapt tusen, og det er den eldste salmen som framleis blir sunge. Men den lærte eg ikkje på skolen.

anne.kalvig@uis.no

Lars Gule, Bjørn Olav Utvik, Eivor Oftestad, Mina Bai og Anne Kalvig skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.

Artikkelen er oppdatert: 13. oktober 2017 kl. 12.43

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk