Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Trøffelen

Alle ønsker å leve lenge, sjølv om få, om nokon, vil bli gamal. Om att og om att ønsker du å vakne til den aller ferskaste dagen på planeten, strekke deg, kjenne det vesle rykket av framtid. Lever du lenge nok kjem du til å oppleve fordomar du ikkje visste om. Ordføraren i Asker sa til avisa: «Vi må finne ut hva slags behov de eldre har». Etter tusenvis av valtaler som lovar «verdig alderdom», så er ikkje det kjent. Kva skal til for å fatte at «de eldre» ikkje er ein annan sort menneske. Høg alder er ikkje eit mystisk synkehol. Det er berre enda meir røynsle, ein silo av med- og motgang som har gjort dei fleste klokare.