Klassekampen.no
Onsdag 13. september 2017
Kvifor så stor munn? I nokre norske dialektar vart ulven kalla «skrubb» – eit dyr som alltid var skrubbsvolten. Korleis det gjekk med vesle Raudhette veit vi. Måleri: «Raudhette og ulven» (1881), Carl Larsson
Gråbein, skrubbsvolten, djevelens dyr: Angsten for ulven sit djupare i vårt undermedvetne enn vi vil vedkjenne oss.
Varg skapt av styggen sjølv
Den gamle frykta: Ligg under ulvedebatten. 8Foto: Wikimedia Commons
Odins bane: Den førkristne ulven var stor og fæl.Illustrasjon: Dorothy Hardy, «Odin og Fenrisulven» (1909)

Det har vore mykje ulv her i landet. Allereie i 1733 vart det innført skottpremie på ulven, og i 1860 vart det utbetalt premie for om lag 3000 ulvar det året. Nærgåande ulveflokkar skapte uhyggje og angst, og i tankar, kjensleliv og førestillingar blei ulven knytt til djevelen. Ulv og varg er det mest kjende namnet på dyret. Ulv tyder det som riv noko til blods eller rett og slett rovdyr, og varg er ein røvar, tjuv eller fredlaus; ein som tek noko frå buskapen til bonden, ein som konkurrerte med futen eller skatteoppkrevjaren. Han var òg kalla gråbein eller skrubb i nokre dialektar, eit dyr som alltid er skrubbsvolten.

Det er ikkje lett å argumentere i ulvedebatten så lenge alt omkring ulven er knytt så sterkt til det undermedvitne hos folk. Erik Pontoppidan (1696–1764) var teolog og forfattar, og læreboka hans blei nytta i skulen fram til 1900-talet. Han utropte ulven til «den onde fiende, der i Guds ord afmales». Han sa at djevelen skulle vise seg, og ulven var det vondaste dei fann. Ulven er nemnt i Bibelen over tolv gonger, og Jesus kallar i Det nye testamentet dei som motarbeider disiplane, for ulvar. Frå Mandalskanten heiter det at når ulven er skrubbsvolten om vinteren, kan han leve i tre dagar av ein vidjekvist dersom eit menneske har teke i han. Dersom det ikkje er noko mat å få tak i, opnar ulven gapet, ser mot himmelen og ular. Då fell det tre blodsdropar ned i kjeften på ulven. Ein annan stad frå same del av landet heiter det at når ulven har slik ufatteleg hunger, legg han seg på ryggen, opnar gapet, og Vårherre forbarmar seg over han og lar det falle ned tre kjøttstykke.

Fakta:

Ulvetider:

• Ein kan trygt seie at ulven er Norges mest omdiskuterte dyr. Debatten står mellom miljøvernarar som meiner at ulv høyrer heime i norsk natur, og bønder som er redde for saueflokkane sine.

• Under den politiske debatten ligg ei frykt som går langt djupare, skriv Arngeir Berg i denne teksten. Gjennom eventyr og folketro har folk i hundreår knytt ulven til djevelen og det vonde.

• I ei rekke mytar vart ulven knytt direkte til djevelen. I samisk, finsk og estisk folketro finst også førestillingar om at ulven er skapt av djevelen sjølv.

• Allereie i 1733 vart det innført skottpremie på ulven. Bygdebøker og oppteikninger syner også andre metodar for å bli kvitt ulveplagen, for eksempel gjennom bøn.

Om forfattaren:

• Arngeir Berg er lektor.

I mange bygdebøker og oppteikningar frå eldre tid om rådgjerder mot ulveplagen, er det meste knytt til religionen. Frå Finnskogen stammar ei bønnerune mot ulv som går attende til 1700-talet:

Bitt fast bikkja, Våronn-Yrjø,

Jønnbissel og jønnsæla,

gylden gjord og gylden lekkje.

Steng att gapet, gneldregrinda,

Stekke sting i gråbeintunga,

Gjøm så rafseklør i raggen,

Tannebiss i gråtassgommen.

I Faderens, Sønnens og

Den Hellige ånds navn …

Her er det ei bøn om at ulven skal få både beksel og sele av jarn, og at han skal bindast og lenkjast fast. Og det er ei bøn om at gapet og klørne skal uskadeleggjerast. Denne forma for magisk binding blei og brukt i klumsebønene.

Gjetarane og budeiene brukte slike formlar når dei møtte vargen. Ved å framseie desse gudsorda måtte dei sjå ulven før han såg dei, elles kunne vargen klumsa dei. Da kunne dei stire han i auga og seie desse klumsebønene slik at han vart fjetra og paralysert. Det er fortald om ei slik klumsing frå Foldal. Gjetarguten peikar på ulven og seier : «Kloms, kloms Klåvåkjeft! Gud gje du ikkje fæ meir tå beinom enn du fæ tå steinom.» Det vart ikkje sau på ulven denne gongen heller. Om ikkje ein fekk klumsa den vonde, kunne ein ty til signeformular. Ifrå Mandal blei eit slikt formular nytta mot ein ulv som var midt i saueflokken :

«Du maa slide og rive i Alt, det du kan faa: men du maa ikke tage noget i Jesu navn!» No vart ulven handlingslamma, og han vart ikkje laust frå denne trolldomen før han beit i ein gamal eikestubbe. Eika var frå gamalt av eit heilag tre.

Fleire stader i landet blei det teke omstendelege forholdsreglar før sauane skulle til fjells. Dei vart både vaska og klippet. I Etne blei det fortald om at dei kasta like mange steinar i badevatnet som det var lam. Andre stader vart det kasta tre steinar, den heilage treeininga, og vargen skulle ikkje få meir ut av sauane enn han fekk ut av steinane. Han fekk steinar for brød.

Frå fleire kantar av landet er det folkeminne som fortel om skikken å dra ei sauesaks gjennom kjeften på sauane før dei blei sleppte, samstundes med at det blei sagt ei bøn eller ein formel i Guds namn. Det var eit ønske om at sauen skulle kome heim att og «bli slakta, kokt og eten av folk på normal vis heime». Stålet representerte slaktereiskapen og var ei symbolsk slakting som skulle forhindre at sauane blei slakta av ulveklør og – tenner.

Ei anna innretning eller reiskap for å halda ulven borte frå husdyra gjekk under namnet ulvegard eller gråbeinstengsle. Det var eit langt tau som dei hengde opp i trea, stokkar og kløfter i landskapet. Tauet skulle vere laust og slakt og ikkje så høgt over bakken. Dette ville ikkje vargen forsere. Tauet skulle helst flettas av bast og lagas tre torsdagskveldar etter kvarandre. Det var viktig at ein ikkje tok på tauet ein heilagdag. Då ville det ikkje halde ulven ute. I Hardanger var denne metoden godt kjend. På Sunnmøre og i Nordfjord var det viktig at dei brukte sunndagen: « For at fri sig fra Ulve, reiser man op Stænger og strækker en traad imellom disse. Dog maa det iagttages at Traaden bliver spundet eller opknyttet paa en Søndag. Skulde den komme ind under Snoren, vilde dens Rygrad raadne. Dette ved den selv, og derfor skyr den Stedet.» I 1936 blei det funne restar av slike ulvestengsel i Olden. Dei hadde kome fram på grunn av den store bresmeltinga. Dei fann staur og taulengder, og dei kom fram til at denne gråbeistengsla hadde vore over ei mil lang.

Når ulven var i nærleiken og dei høyrde han ule, da var det eit teikn på ei ulukke eller at nokon var feige, at nokon skulle døy. Men i pinsa var det heilt annleis, høgtida hadde ei overnaturleg kraft, og i denne tida var ulven tam og fullstendig underlagt menneska. Ein skulle ikkje blåse på lur i denne høgtida, for da kunne ein ikkje skremme ulven seinare.

I mange svartebøker/legebøker blir brystmjølk foreslått som eit probat middel i folkemedisinen. I ei svartebok frå Øyer blir det hevda at dersom krøttera fekk brystmjølk, ville ikkje vargen ta dei. Det var også ein utbreidd sedvane å mjølke ei ku fyrste dagen dei kom på setra, og la mjølka gå til spille ein eller annan plass på stølsvollen. Så mykje skulle ulven få dette året. Det var heller ikkje uvanleg å ofre noko av sauen til vargen etter slaktinga. Då tok dei noko dei ikkje brukte på dyret, nokre bein, eit skrapoffer, og kasta dei inn i skogen.

Det å fore husdyra med litt ulvekjøtt i pulverform før dei blei sende ut i marka eller på stølen, var ikkje uvanleg, og det er mange tradisjonshistorier om det. Her vart det gjort saman med bøner og rituelle regler. I ei oppskrift frå Valdres frå slutten av 1600-talet heiter det: «Skydes eller fanges nogen ulf, da skal kiødet skjæres udi lange, smale tynde stycher og i vinden haard tørkes siden støtt til pulver og fæet indgivet, det meener de at hiælpe for ulven at han iche skall rive det fæe.» Det var heller ikkje uvanleg å gje dyra noko å drikke gjennom ein ulvestrupe. Ulvestrupen hadde ei konsentrert kraft. Her er eit døme på assosiasjonsprinsippet at likt kurerer likt. Og difor blei dette nytta fleire stader når menneska blei sjuke. Ulvegalle blei brukt mot magesmerter og gallesjukdomar og ulvelunger blei brukt mot brystsjukdomar. Og fleire stader er det nemnd at ulvetenner blei brukt som barnerangler.

Både i samiske, estiske og finske forteljingar finst det også førestillingar om at ulven er skapt av djevelen. Då Gud hadde skapt alle dyra, spurde djevelen om ikkje han også kunne få skape eit dyr. Han skapa ulven av ein skigardstaur. Det er difor ulven er stiv som ein stokk. Han kan ikkje snu på hovudet aleine, han må snu med heile kroppen. Det er ikkje berre i norske tradisjonshistorier at ulven er knytt til den skinnbarlege sjølv.

Eg trur ikkje dette er noko vektig innlegg i den pågåande ulvestriden, men mange av dei kjenslene og angsten for ulven som eg har skissert ovanfor, har blitt formidla vidare gjennom skjønnlitteraturen, eventyra og forteljingar og sit djupare i oss enn vi vil vedkjenne oss.

Artikkelen er oppdatert: 13. oktober 2017 kl. 12.30

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk