Klassekampen.no
Onsdag 13. september 2017
Kva som er ein god roman, er no ein sak. Men kor kjem ordet frå?
Vakre tekster

Hemnroman og hjorthejakt står no på lista over årets ord. Roman gjer det ikkje. Som omgrep for ei forteljing såg det dagsens lys for åtte hundre år sidan.

I haust har me fått debatten, igjen: Kva er ein roman? Dén overlèt eg i hovudsak til andre å føra, men når sant skal seiast, er verken roman eller novelle innlysande ord for å karakterisera litterære tekster. Engelsk er betre, der heiter roman novel og novelle heiter short story. Det sistnemnde må seiast å vera av typen heilt sjølvforklarande.

Roman har gått ein lang og ubein veg. Me må attende til mellomalderen då latin rådde grunnen som skriftspråk i det kultiverte Europa. Så skjedde det noko, i Frankrike. Rundt 1200 vart det skrive og spreidd eit par forteljingar på folkemålet, ikkje på latin, Roman de la Rose og Roman de Renart. Folkemålet vart den gongen omtalt som romansk, i motsetnad til latin. Med andre ord, språket dei hadde i Frankrike, var romansk, jf. at i dag blir dei kalla romanske, alle dei ulike språka som har rot i latin.

Dei to titlane må difor lesast som «(forteljing på) romansk om rosa» og «(forteljing på) romansk om reven». Sistnemnde vart til rundt 1180 av ein viss Peter frå Saint-Cloud, den første rundt 1230 av Vilhelm frå Lossis. Reven var ein luring, og rosa var sjølvsagt symbol på kjærleiken. Både romantisk og romantikk og romanse skriv seg dermed frå ordet roman. Det er lite nytt under sola.

Heile knippet av ord har sitt opphav i namnet Roma. Dét igjen er kan hende frå etruskisk (eit forsvunne språk) og kan ha hatt tydinga «elv». Hos oss har romanens tidsalder strengt teke berre vart eit par hundre år, frå 1800 og framover.

Ordet novelle er enklare, avleidd som det er frå latin novus, «ny». Novelle tyder difor lita nyheit. På fransk er nouvelle nyheit.

sjanger. Generasjonen før oss var mest van med skrivemåten genre, lånt direkte frå fransk. Og generasjon står faktisk (!) genre nær, dei kjem begge frå gresk genos, «art; slag». Nett som gener og genetikk og den latinske språktermen genus (om kjønn i substantiv). Genealogi som term for slektsgransking og den teologiske termen Genesis om skapingssoga i Første Mosebok fell pent på plass.

Skjønnlitteraturen som sjanger er både vid og tøyeleg. Opphavet til dette litt pussige uttrykket ligg i fransk belles-lettres. Lettre var/er to ting: «bokstav» og «brev». Uttrykket belles-lettres («vakre tekster») om høgverdig litteratur er relativt sett ungt; det vart teke i bruk på 1600-talet.

Kva er så ein god roman? Smak og meiningar ymsar, mildt sagt. For meg er det eit hovudpoeng at lesaren skal vera kongen. Personane i teksten agerer og avslører – på sin måte. Dei spelar seg ut. Det er lesaren som skal forstå. Og framfor alt er det skrivekunsten til forfattaren som skaper litteratur.

Ein roman med tydelege linjer, einsarta handling, klare svar og eit krimplot som går opp, liknar ikkje livet. I livet finst det ikkje plot; der er det menneske, møte, kjensler, vondt og godt.

Eg synst romanar skal likna livet.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«I livet finst det ikkje plot; der er det menneske»

Artikkelen er oppdatert: 13. oktober 2017 kl. 12.30
Onsdag 13. september 2017
Hemnroman og hjorthejakt står no på lista over årets ord. Roman gjer det ikkje. Som omgrep...
Onsdag 6. september 2017
Kim og Trump og Listhaug har overraska litt (ikkje mykje!) siste månaden med sine verbalitetar. Men samstundes skal me hugsa på at dei står solid planta midt i ein såkalla trend som har gått føre seg tre-fire...
Onsdag 30. august 2017
Pissa og tissa – er det skilnad på dei to? Dette var oppe før i år både hos Linda Eide og i Språkteigen. Svaret...
Onsdag 23. august 2017
«You do not punch your weight», sa ein gong USAs president til nordiske statsleiarar. «De boksar ikkje i den vektklassa de høyrer heime». Fakta fortel at Norden, med 26 millionar, er verdas tolvte største økonomi, godt...
Onsdag 9. august 2017
Finst det språkforskarar som fortel kva som er rett og god norsk? Dei finst, men dominerer ikkje miljøet, for å seia det slik. Folk flest har inntrykk av at det viktige er å beskriva «den reelle ordbruken». Dette...
Onsdag 9. august 2017
Finst det språkforskarar som fortel kva som er rett og god norsk? Dei finst, men dominerer ikkje miljøet, for å seia det slik. Folk flest har inntrykk av at det viktige er å beskriva «den reelle ordbruken». Dette...
Onsdag 2. august 2017
Fire dagar sidan var det olavsøka. Ingen stad er olsok så stort som på Færøyane. Det er deira nasjonaldag. Og ingen stad i verda feirar dei nasjonaldagen på dét viset – feiringa skjer berre i hovudstaden, ikkje på dei...
Onsdag 26. juli 2017
Reversering er, og blir, eit nøkkelord i valkampen. Ingen trur noko anna. På godt norsk kunne og ville me seia gå tilbake, snu. Det motsette av å reversera er å

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk