Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Du som sit på gjerdet kan sitja på valkampens beste sak.

Din bil, Vår buss!

Frp bakpå: Karin Moe vurderer årets bussval. Foto: Karin Moe

Dette er dagen. Vårt demokrati har gjort klart for Di stemme. Er du klar for ei siste oppklaring av Mi stemme? Di stemme er hemmeleg og dyrebar for demokratiet. Stoda er den at eg i siste liten, ja, i denne dag er komen fram til kva for sak som blir bestemmande for Mi stemme. Då har eg blafra gjennom partiprogram og lytta og sett ørten debattar på alle desse høge og låge plattformane og høyrt folkets røyst bakom alle desse meiningsmålingane. Ingenstads har Mi sak kome fram. Måtte det bli eit døme på at du som sit på gjerdet kan sitja på valkampens beste sak. Kom med og stem!