Klassekampen.no
Fredag 8. september 2017
Saktare, djupare
Livet

Psykolog Peder Kjøs skriver om det personlige og nære.

Noko av det særskilde med pusten er at me kan overlate den til seg sjølv, vera umedvitne om den, sova om så er, og den går og går. Den er autonom, pustar oss og pustar luft. Men så kan me i periodar likevel styra den med viljen. Ta kontroll over pustinga. Og det finst mange som hevdar å kunna dokumentera at det finst ein helse­gevinst i dette å dagleg driva med såkalla «deep breathing» eller diafragmatisk pusting. Det vit­skapelege namnet er ‘eupnea’, som er ei form for pusting ein ser hjå pattedyra når dei er i ro og det ikkje er nokon fare i nærleiken.

Som alltid vil det vera litt ulike meiningar om detaljane i ein slik metode, men ei grov og enkel skisse for kva dette går ut på er slik: Pust inn gjennom nasen medan du tel til fire. Legg ei hand på magen og kjenn at magen løftar seg når du pustar inn, og at den senkar seg når du pustar ut. Bringa skal vera i ro. Pust ut medan du tel til seks. Når du pustar slik, reduserer du pust­frekvensen frå femten gongar i minuttet til seks. Bare det påverkar straks stressnivået i kroppen din, senkar pulsrytmen. Eit lågare stressnivå kan på sikt auka blod­tilføringa til immunitetsapparatet. Når du er stressa, er du nemleg heile tida litt i flukt- eller kampmodus, og då er det ekstremitetane som får mest næring.

Og igjen kan ein finna ein samanheng mellom pust og poesi: I si nye bok av året, «Why Poetry?», som handlar om kvifor me skriv poesi og kva den gjer med oss, skriv poeten Matthew Zapruder: «I mi eiga erfaring var det å læra å lesa poesi det same som å venna meg til å senkja farten på meg sjølv, og verta merksam på kvar einaste ord. Dette var, og er, ei utfordring, for eg har ein tendens til å skunda meg gjennom det eg held på med, for å koma til poenget, eller til slutten, for å finna ut kven som er mordaren eller kva som er hovudsaka. Men du kan ikkje lesa dikt på den måten. Å lesa poesi har den helsebringande verknaden på meg at den tvingar meg til å lesa og tenkja, på ein rolegare måte enn resten av livet mitt krev.»

htorvund51@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 4. oktober 2017 kl. 11.12

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk