Torsdag 7. september 2017
KOMMUNE-CRUSH: Det er uvisst om kommunalminister Jan Tore Sanner spelte Candy Crush med statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høie på Høgre-landsmøtet i 2016. Det er meir sikkert at han har eit crush på Kommune-Noreg. Foto: Christopher Olssøn
Professor Bjarne Jensen meiner kommunereforma kostar nesten seks milliardar – utan målbar effekt:
Sanner får milliardkritikk
Undersak

Slik er rekninga

Jensen og Mønnesland meiner reforma kostar opp mot seks milliardar. Staten meiner ned mot det halve. Her er tala frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Forsking og utgreiing:

kr 23.485.000

Støtte til kommunar er

kr 3.128.267.500. Av dette er eingongskostnadene til kommunane kr 1.432.600.000 og reformstøtta er kr 840.100.000.

• Støtte til andre, som fylkesmennene, KS og Statens kartverk, er på totalt kr 83.015.500.

Statssekretær Kristin Holm Jensen frå Høgre skriv i ein e-post at dette er dei samla utgiftene staten har: «Dette inkluderer utbetalinger som er gjort, og fremtidige lovnader om utbetalinger. Det er blant anna utbetalt 30,8 mill. kroner i reformstøtte til nye Sandefjord, de øvrige midlene vil bli utbetalt i 2018 og 2020.»

Ho gjer også greie for andre typar tilskot som har blitt utbetalt undervegs i prosessen, mellom anna «ungkarstilskotet» til ufrivillig einsame kommunar.

«I 2017 ble det utbetalt regionsentertilskudd (100 mill. kroner), overgangsordning til kommuner som slår seg sammen (268 mill. kroner) og kompensasjon til kommuner som ble stående ufrivillig alene etter kommunereformen (36 mill. kroner). For 2018 er det varslet at regionsentertilskuddet skal øke til 200 mill.»

Bjarne Jensen
KOMMUNE-CASH: Regjeringa meiner kommunereforma har kosta tre milliardar. To økonomar meiner prisen er dobbelt så høg.

KOMMUNE-REFORMA

5,6 milliardar:

Så mykje meiner Bjarne Jensen, professor emeritus, og Jan Mønnesland, tidlegare forskingsleiar ved Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), at kommunereforma kostar frå 2014 til 2019. Minst.

Milliardsummen økonomane kjem fram til, er sett saman av ei rekkje faktorar:

3,5 milliardar går til direkte reformkostnader.

1,6 milliardar går til ulike tilskotsordningar som er etablert i samband med reforma.

I tillegg meiner Jensen og Mønnesland at utgiftene til regionreforma er på om lag 0,5 milliardar kroner.

Fakta

Kommunereforma:

• Omtalt som sjølve prestisje-reforma for den sitjande regjeringa.

• Dersom ingen samanslåingar blir oppløyst, går talet på kommunar frå 428 til 354.

• Det vil i så fall vere fyrste gong Noreg har eit lågare tal på kommunar enn vi hadde i 1837 – då formannskapslovene (og lokaldemokratiet) blei innført i Noreg.

Stor uvisse

Nokre tal i bolken «direkte reformkostnader» er lette å finne, som kva staten har betalt ut i eingongsstøtte og reformstøtte til kommunane. Dette er oppunder 2,3 milliardar kroner.

Fleire av tala har stor uvisse knytt til seg. Det er ikkje lett å måle kor mykje samanslåingsarbeidet har kosta kommunane ut over det staten betaler.

Her har forskarane lagt nye Sandefjord kommune til grunn, der ein trur rekninga er på om lag 16 prosent av samanslåingstilskotet. Når det gjeld utgiftene hos fylkesmennene, skriv forskarane at dei antar ei samla utgift for dei og departementet på 250 millionar kroner.

I kommunane som ikkje er samanslått, meiner Mønnesland og Jensen at summen er om lag to millionar per kommune, eller 614 millionar totalt. Slik kjem dei fram til summen 3,5 milliardar.

– Nøkternt

Bjarne Jensen er ein av to forfattarar av rapporten som er skrive på oppdrag av Lokalsamfunnsforeningen. Han meiner det har vore vanskeleg å rekne ut kva reforma kostar.

– Men vi kan nok trygt seie at talet er mellom fem og seks milliardar. I tillegg blir det jo brukt arbeidskraft internt som er vanskeleg å rekne på. Det er ikkje med i denne rapporten, seier Jensen.

Dei aller fleste av samanslåingane har skjedd frivillig.

– Er det ikkje fint at kommunar som ønskjer å gå saman får støtte til det frå staten?

– Men grunnen til at mange no slår seg saman, er jo endringane i inntektssystemet, som blir ei form for tvang. Dei vil tape på å stå åleine, seier Jensen, som meiner både fylkesmennene og Kommunaldepartementet har lagt mykje press på kommunane.

Jensen meiner milliardreforma vanskeleg kan la seg forsvare.

– Ein må vege kostnadene opp mot vinsten. Vi har ikkje dokumentasjon på at Noreg når dei måla som blei sett for reforma.

Departementet opplyser at deira tal gjev eit ganske anna bilete enn tala frå Jensen og Mønnesland. Dei meiner talet er 3,235 milliardar.

Talet inkluderer ikkje utgifter i kommunane som ikkje blir dekte av staten. Jan Tore Sanner frå Høgre er kommunal- og moderniseringsminister og meiner det er rett å bruke pengar på reforma.

– Det må liggje mykje i den summen Jensen har kome fram til. Eg vil ikkje ta stilling til hans reknestykke. Men at det er viktig og riktig å bruke både pengar og ressursar på å skape gode velferdskommunar for innbyggjarane for framtida – det stemmer heilt avgjort.

Høgre mot klasseskilje

– Reforma vi gjennomfører er viktig for å bremse sentraliseringa. Vi sikrar at vi har tyngdepunkt og sterke kommunar i heile landet vårt. Vi sikrar likeverdige velferdstenester. Vi kan ikkje sitje stille og sjå på at det utviklar seg eit helsepolitisk klasseskilje avhengig av kor folk bur. Vi arbeider for at det skal kunne bli bygd opp sterke fagmiljø innanfor breidda av det kommunane har ansvar for.

– Men det kostar mykje?

– Ja, vi betalte ut 1,3 milliardar no. Kommunane får dekt utgiftene ved samanslåing og får ein føreseieleg økonomi. Dette er ei investering i innbyggjaranes velferdstenester. Ein må gjere nokre endringar for å sikre tenestene om ti, femten og tjue år. Vi ser at samfunnet er i så stor endring. Då er dette ei viktig og riktig investering no for å sikre tenestene for framtida.

politikk@klassekampen.no

Mandag 25. september 2017
LINJESKIFTE: Tradisjonelt har norsk utenriks- og forsvarspolitikk blitt avgjort på bakrommet av Ap og Høyre. Nå varsler Espen Barth Eide (Ap) åpen konflikt på flere områder.
Lørdag 23. september 2017
BAK: Norske lærarar tener relativt sett dårlegare enn kollegaer i Sverige, Danmark og Finland, viser ein ny OECD-rapport.
Fredag 22. september 2017
MISNØYE: Aldri før har så mange Nav-brukere vært misfornøyd med oppfølgingen fra Nav. Så langt i år har det kommet nær 10.000 klager på servicen, dobbelt så mange som i hele 2015.
Torsdag 21. september 2017
DOBLER: Forsvaret innrømmer at de aldri skulle kjøpt de omstridte traktorene. Likevel utløser de nå en opsjon og kjøper dobbelt så mange traktorer – stikk i strid med faglige anbefalinger.
Onsdag 20. september 2017
INTRIGAR: Fylkesordførar og Giske-venn Tore O. Sandvik meiner skuffa Ap-rådgivarar er anonyme intrigemakarar. – Nokon må tøyla rådgivarane, seier han.
Tirsdag 19. september 2017
STILLE I FJØSET: Tidlegare Ap-topp Helga Pedersen meiner partiet må innsjå at dei ikkje nådde gjennom med distrikts­politikken.
Mandag 18. september 2017
NÅR UT: Regjeringen har nådd millioner av potensielle asylsøkere med skremme­budskap via Facebook, hørespill og tegneserier. Å framstille nordmenn som rasister er ett av virkemidlene som brukes.
Lørdag 16. september 2017
PÅ STEINGRUNN: KrF må stå ved det partiet lova før valet, meiner fleire av partiets talent. No byrjar kampen om framtidas KrF.
Fredag 15. september 2017
CV: Høgare utdanning og erfaring frå offentleg sektor og organisasjonslivet kjenneteiknar det store fleirtalet av Aps stortingsrepresentantar. Politikarar frå privat sektor er ein minoritet.
Torsdag 14. september 2017
ENIGE: KrFs vippeposisjon kan bety et politisk skifte i velferds­politikken. Nå er de klare for å gå sammen med Rødt om å stanse veksten i kommersielle velferds­selskaper.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk