Klassekampen.no
Onsdag 6. september 2017
Imamsleik: Sylvi Listhaug er både intim og brutal.
Den offentlege språkbruken har vorte både råare og meir intim.
Jævla kjøtthue!

Kim og Trump og Listhaug har overraska litt (ikkje mykje!) siste månaden med sine verbalitetar. Men samstundes skal me hugsa på at dei står solid planta midt i ein såkalla trend som har gått føre seg tre-fire tiår.

Min gamle rettleiar på Universitetet i Oslo, professor Einar Lundeby (1914 – 2011), samanfatta i Maal og Minne (1995) trenden med to ord: intimisering og brutalisering. Eg trur han råka spikaren.

Sjølvsagt har dette kome til utan vedtak eller styring. Og den ufine ordbruken vil halda fram, så lenge ikkje mange nok overtyder dei praktiserande om at den slags sjeldan gagnar dei, men svekkjer truverdet. Hos fleirtalet.

Intimiseringa starta først. På 1970-talet vart det slutt med De i norsk (etter svensk mønster). Først i tale, seinare i skrift. Når så i tillegg bruk av førenamn til og om personar som me ikkje har nært forhold til, vart meir og meir utbreidd (etter svensk og amerikansk mønster), blir resultatet at 70-talet markerte eit ganske skarpt og tydeleg skilje i moderne norsk språk, slik 70-talet forresten gjorde på så mange område. Bruken av herr, fru, yrkestittel og den slags forsvann også, og alt dette var jo heilt ok, berre så dét er sagt.

Difor, på åttitalet, stod duellen mellom Gro og Kåre. Ti og tjue år før var slikt utenkjeleg – då var det Gerhardsen og Bratteli og Borten.

Brutaliseringa kom litt seinare, men ho kom. Og vart tydeleg etter at me runda 1990. Me hugsar vel alle at ein norsk miljøstatsråd vann seg herostratisk ry fordi han kalla ein britisk kollega drittsekk. Ein tillitsvald i LO omtalte forbundet sitt som en 25 tonns dinosaurus med en hjerne som en peanøtt. Det nye var ikkje bruken av slike ord i og for seg; det nye var bruken av slike ord i det offentlege rom.

Føremålet er lite mystisk. Når det står jævla kjøtthue i ei overskrift, er det for å pirra eller sjokkera. Dei siste tjue åra har politiske debattantar sleppt pent unna med både internasjonal klima-klovn og tisse i buksa for å holde varmen. Den skikkelege Aftenposten har sidan 1990 tredobla bruken av utroskap og femdobla bruken av sex. Dagens Næringsliv har sjudobla bruken av skandale.

Nordkoreansk har eg ingen innsikt i, bortsett frå det eg ser og høyrer på fjernsyn. Ikkje nett mjukt silkesnakk. Internasjonale referat stadfestar det aggressive. Trump kan me derimot forholda oss til direkte; me oppfattar kva han seier. Og brutalt er det. Hans «fire and fury» vart på norsk til «eld og vreide». Det logiske innhaldet var intakt, men ikkje den litterære givnaden presidenten der la for dagen. Han imponerte med allitterasjon: to fresande far etter kvarandre. Eleganse!

Stundom opptrer intimisering og brutalisering saman. Når Sylvi Listhaug seier at Knut Arild Hareide sleikjer imamar oppetter ryggen, er ho både intim og brutal. Full pott.

Men – då stod Erna Solberg rak og sa frå om at slikt ville ho ikkje ha i offentleg debatt. Lisa Feldmann Barrett skreiv i Klassekampen den 19. august: «En kultur preget av konstant, uformell brutalitet er giftig for kroppen».

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Aftenposten har sidan 1990 femdobla bruken av ‘sex’»

Artikkelen er oppdatert: 3. oktober 2017 kl. 10.36
Onsdag 13. september 2017
Hemnroman og hjorthejakt står no på lista over årets ord. Roman gjer det ikkje. Som omgrep...
Onsdag 6. september 2017
Kim og Trump og Listhaug har overraska litt (ikkje mykje!) siste månaden med sine verbalitetar. Men samstundes skal me hugsa på at dei står solid planta midt i ein såkalla trend som har gått føre seg tre-fire...
Onsdag 30. august 2017
Pissa og tissa – er det skilnad på dei to? Dette var oppe før i år både hos Linda Eide og i Språkteigen. Svaret...
Onsdag 23. august 2017
«You do not punch your weight», sa ein gong USAs president til nordiske statsleiarar. «De boksar ikkje i den vektklassa de høyrer heime». Fakta fortel at Norden, med 26 millionar, er verdas tolvte største økonomi, godt...
Onsdag 9. august 2017
Finst det språkforskarar som fortel kva som er rett og god norsk? Dei finst, men dominerer ikkje miljøet, for å seia det slik. Folk flest har inntrykk av at det viktige er å beskriva «den reelle ordbruken». Dette...
Onsdag 9. august 2017
Finst det språkforskarar som fortel kva som er rett og god norsk? Dei finst, men dominerer ikkje miljøet, for å seia det slik. Folk flest har inntrykk av at det viktige er å beskriva «den reelle ordbruken». Dette...
Onsdag 2. august 2017
Fire dagar sidan var det olavsøka. Ingen stad er olsok så stort som på Færøyane. Det er deira nasjonaldag. Og ingen stad i verda feirar dei nasjonaldagen på dét viset – feiringa skjer berre i hovudstaden, ikkje på dei...
Onsdag 26. juli 2017
Reversering er, og blir, eit nøkkelord i valkampen. Ingen trur noko anna. På godt norsk kunne og ville me seia gå tilbake, snu. Det motsette av å reversera er å

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk