Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dottera mi og eg tek den vanskelege nazi-praten til søndagsfrukosten.

Sjuskete nynazistar

I GATENE: Ein kan marsjere for heilt jævlige saker, så lenge ein ser lydig ut. Nynazistane i Kristiansand var av det meir sjuskete slaget, skriv Stephen Walton. Foto: Tor Erik Schrøder, NTB scanpix

Siste nytt frå Distrikts-Noreg er at eg fekk besøk av dottera mi i helga. Ho bur i Stockholm, og er djupt prega. Eg reknar med at drøftingane våre ved frukostbordet søndag har allmenn interesse for det norske folk. Her følgjer eit stutt referat.