Klassekampen.no
Mandag 4. september 2017
Siste reis: Millionar følgde Dianas gravferd fysisk.
På dei britiske kostskulane utmerka Diana seg i faget ‘omsorg for andre’.
Darling Diana

Ettermiddagen 31. august 1997 blei kista med Lady Diana Spencer, prinsessa av Wales, frakta ut bak­vegen på Pitié-Salpêtrière sjukehuset, 47 Boulevard de l’Hôpital i Paris. Charles, eksmann og prins av Wales, saman med søstrene Jane og Sarah, følgde kista som klokka 19.50 landa på RAF-flyplassen, Northolt i England.

Aldri før har ei kvinne blitt frakta ut frå kvinneasylet Pitiè-Salpêtrière med kongeleg banner svøypt om kista. Under Louis XIV på slutten av 1600-talet blei salpeterfabrikken for kruttproduksjon omdanna til anstalt for kvinner i utanforskap av alle slag: tiggarar, tjuvar, prostituerte, krøplingar, hekser, blinde, uekte døtrer, fritenkjarar, gale, idiotar, erotomane, suicidale overklassejenter, etc. etc. Somme av kvinnene blei sende til franske koloniar, «les filles de Roi» – kongens piker, i reproduksjonens teneste, som sexslavar og som ubetalt arbeidskraft.

Dette er det historiske bakteppet for staden der hjartedronninga Lady Di døydde. I 1997 var La Salpêtrière universitets­sjukehus og næraste hospital til tunnelen under Pont de l’Alma der ein svart Mercedes-benz med kjærasteparet Diana og Dodi al-Fayed havarerte, etterjaga av paparazzoar.

I veka som gjekk har eg sett fleire britiske dokumentarar om Dianas liv og siste reis, mellom anna «Diana og paparazziane» (TV2), «Diana – ulukke eller drap?» (FEM). Fleire kom til dødsdagen 31. august: «Diana, vår mamma».

Det er 20 år sidan Diana døydde. Eg spør meg kvifor historia om henne enno lever, også i NRK-intervju med kringkastingssjefen om kor han var då... Sønnene har teke initiativ til ein statue av dei elendige sin forkjempar. Det einaste ho utmerka seg i på kostskulane ho gjekk på alt frå niårsalderen, var faget ‘omsorg for andre’. Pitié. Medynk.

Då kista med det engelske kongebanneret blei frakta på ein kanonlavett til gravferdsseremonien i Westminster Abbey 6. september, bemerkar alle dokumentarane den stille jammeren og klynkinga av medynk som kom frå folkemassane langs gatene. Pitié. Salpêtrière. Til og med detaljane høyrer heime i ein fiksjon.

Men det er sann historie. Millionar var fysisk med rundt gravferda, klapp­salvar nådde inn i kyrkja som mildt regn. Milliardar på tv. Kven var dette? Dronning Elisabeth hadde bukka då kanonlavetten passerte Buckingham Palace. Det var siste reis for etterkomaren i uekte blodslinje frå Charles 2 (1630–1685), etterkomar av James 1, konge av Skottland, England og Irland og son til Maria Stuart, dronning av Frankrike og Skottland! («Diana til minne», 1997).

Diana hadde insistert på at sonen William burde bli Englands neste konge, ikkje Charles med dronning Camilla. Eg legg til: Med William på trona vil det tyskætta Windsor-dynastiet få britisk arve­rekkefølge.

Heller ikkje tidslinja ulukkesnatta er lett å rekonstruera. Sameleis med skadeomfanget. Første uoffisielle legebulletin melde om armbrot og hjernerystelse.

Det manglar ein dokumentar: Eg var til stades då Diana døydde, bortrykt i ein draum.

karinmoe1@gmail.com

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Klappsalvar nådde inn i kyrkja som mildt regn»

Artikkelen er oppdatert: 17. september 2017 kl. 11.01

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk