Klassekampen.no
Lørdag 2. september 2017
Me har alle noko å læra av Listhaug.
Sjå og lær

Det har vakt sinne at integreringsminister Sylvi Listhaug sette kursen mot Sverige for å læra om svensk integrerings­politikk. Den risande Frp-stjerna reiste offisielt som minister, men ho er skulda for å driva skitten valkamp for partiet sitt.

Men Listhaug er misforstått. Gjennom heile hennar ministerkarriere har ho vore oppteken av å reisa ut, møta folk og læra. «Sjå og lær» er mottoet, det kjem før «lik og del». Skeptisk? Berre tenk på gongen då ho duppa opp og ned i Middelhavet som middels stor ostepop. Iført den heildekkande redningsdressen som visstnok alle flyktningar bruker når dei kryssar havet, ville ho ha førstehands­kunnskap om korleis det var å vera på flukt i Europa.

Så i staden for å vera sinte, burde fleire tenka over korleis dei best kan læra av andre sine erfaringar. Her er eit knippe døme.

Kommunalminister Jan Tore Sanner er redd for hacking under stortingsvalet. Han kunne heller ha tatt turen til Det kvite hus for å læra å sjå dei moglegheitene dette opnar for, for å make Norway great again.

• Nettstaden Faktisk.no blir kritisert for å vera pedantiske kverulantar som ikkje evnar å sjå utsegner i kontekst. Kva passar då betre enn ein studietur til målrørsla og norske lektorar for å læra av dei beste?

• Venstre vaker, som alltid, ved sperregrensa. Partiet kunne ha teke ein studietur til Youngstorget for å læra valkampstrategi av Jonas «Opnar for å regjera aleine» Gahr Støre.

• Jonas Gahr Støre får sjølv kritikk for å vera for lite folkeleg. Tidlegare lokal Ap-topp i Årdal Harald Thune seier til VG at Støre er for «tam» og «stiv». Ap-leiaren kunne kanskje ha lært av Benedicte Adrian, som førre helg valde å la både hemningar og tonalitet fare under ei svært spesiell tolking av ein U2-låt under «Stjernekamp».

• Valkampen har dreia seg om norske verdiar. Alle som uroar seg over utviklinga, bør sjå austover. Kina vurderer no å innføra straff for alle som vågar å tukla med nasjonal­songen. Noko for oss?

• Riksantikvaren er oppteken av å bevara kulturminne. Her kan ein studietur til Palmyra eller ein gjennomsnittleg norsk kjøpesenter­by vera på plass.

marial@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 17. september 2017 kl. 13.57

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk