Klassekampen.no
Lørdag 2. september 2017
Bistre menn: I alle hus og hagar.
Den gamaldagse mannsrolla er ein bløff og eit narrespel.
Fedrekvoten

Det er eit gapande mistilhøve mellom kor mange private plenar det finst her i landet, og kor mange som elskar å klippa dei. Før robotplenklipparane kom, gjekk det bistre menn att og fram i hagane i alle byggjefelt, heilt til dei var så rasande at dei gjorde heile tomta om til parkeringsplass. Svært få satsa på hellegangar med eviggrøne buskar og tre, sjølv om det ofte passa betre til det personlege behovet for ein avskjerma uteplass. For ingen andre hadde det, i alle fall ingen dei kjente, ingen dei var vande med å samanlikna seg med.

Og lenge var det nesten ingen som var heime med spedbarn mens kona var på jobb. Det kunne nok vera at dei hadde lyst, men då måtte dei bryta med norma for mannleg åtferd, og det hadde dei i alle fall ikkje lyst til.

Ideelt sett er mennesket eit fritt individ som tek sine eigne val på grunnlag av nøktern gransking og sjølvstendig vurdering. Unge foreldre har fullt oversyn over kva dei ønskjer og treng, og greier lett å bli einige om kva som er best for nettopp deira familie. Ingen er påverka av krefter utanfor seg sjølve, som vener, arbeidsgjevarar og eigne foreldre.

I røynda tek me etter dei andre i det meste. Av eigen fri vilje innreier me husa våre slik at det eine er til forveksling likt det andre, og me et same slags mat og går i same slags klede. Me bankar ungane våre dersom det er god moral i landet der me bur, eller sett oss på huk og stirer dei inn i auga mens me snakkar inntrengjande til dei, dersom me har lært at det er det beste. Ved avskaffing av slike smertefulle og traumatiserande skikkar som omskjering treng me både nye ideal og nye autoritetar: Me må bli orienterte om alle fordelane med å la det vera, og truga med straff dersom me likevel turar fram som før. Etter nokre år ser me heilt annleis på det, og kan ikkje fatta kva det var som dreiv oss.

Like over tusenårsskiftet skjedde det ein aldri så liten kulturrevolusjon i og med at det blei barnehageplass til alle. Med eit slikt framsteg i nær fortid er det kanskje ikkje så viktig om fedrekvoten er på ti eller fjorten veker. Men det er nesten litt rørande at ein konservativ statsminister trudde at norske menn i året 2017 av eige tildriv skulle velja å stella heime meir enn forskriftene krev. Ikkje fordi dei ikkje er glade i ungane sine – dei liker dei i alle fall mykje betre enn å klippa plenen – men fordi det bryt med trua på at mannen skal vera forsørgjar og overhovud for familien.

Den tradisjonelle mannsrolla er ein stor bløff, eit pinleg narrespel der nokre få gjev seg ut for å representera både Gud og naturen, og dei andre må gjera det same for ikkje å falla utanfor. I det verkelege livet er det ingen som treng slike menn. Han bestemmer dei store tinga, eg dei små, men me har ikkje hatt nokon store ting enno, var det ei klok kvinne som sa. Det er ikkje mykje som må bestemmast i ein heim, berre ein bråte med ting som må gjerast. Og det går lettast når ein hjelpest åt.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Me bankar ungane våre om det er god moral der me bur»

Artikkelen er oppdatert: 17. september 2017 kl. 13.58

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk