Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I millionar av år var mennesket ein oppgradert sjimpanse. Snart er me visst berre veldig store maurar.

Angsten for å mista sjela

© Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

I skodespelet «Hedda Gabler», som Henrik Ibsen gav ut i 1890, har den spinnville filosofen Eilert Løvborg skrive ei bok om korleis kulturen skal bli i framtida. Han les opp frå manuskriptet i eit lukka herreselskap, og alle saman blir svært oppglødde. Etterpå drikk han seg full og mistar det, og den slemme Hedda får fatt i det og brenn det opp. Så kva slags vedunderleg ny verd Eilert Løvborg hadde i tankane, er heilt i det blå, bortsett frå at han heilt sikkert ikkje såg for seg internettet, og ikkje visste nokon ting om algoritmar.