Onsdag 30. august 2017
FORSKJELL PÅ FOLK: Høgre-leiar Erna Solberg og Frp-leiar Siv Jensen er statsminister og finansminister i Noreg. Veljarane tviler på at dei er dei beste til å få ned forskjellane. Foto: Fartein Rudjord
Berre 19 prosent meiner Høgre og Frp har best politikk for å motverke forskjellar:
Får forskjells-stryk
Tina Bru
LIKT OG ULIKT: Nordmenn flest meiner partia på venstresida har den beste politikken for å redusere dei økonomiske forskjellane her til lands.

valg 2017

Ingen veit kven som vinn valet 11. september, men éin ting er ganske sikkert: Veljarane meiner venstresida har den beste politikken for å redusere dei økonomiske forskjellane i Noreg.

Det viser ei ny undersøking Sentio har utført på vegner av Klassekampen. Tusen personar har fått spørsmålet «Hvilket parti meiner du har den beste politikken for å redusere de økonomiske ulikhetene i Norge?», og svaret er:

Venstresida.

Berre 19 prosent meiner Høgre og Frp har den beste politikken her, fordelt med 11 til Høgre og 8 til Frp. Venstre og KrF får høvesvis 2 og 3 prosent.

På ytre venstre er stoda heilt motsett: Både SV og Raudt får ein tillit i denne saka som er sterkare enn kva partia har på målingane: 5 prosent til Raudt og 7 prosent til SV.

Arbeidarpartiet er det partiet som flest veljarar meiner har den beste politikken her. 26 prosent stoler mest på Ap i denne saka.

Fakta

Målinga:

• Sentio Norge har gjort undersøkinga for Klasse­kampen.

• Eit representativt utval av 1000 personar frå Noreg er spurde. Feilmarginane varierer frå 1,9 prosentpoeng til 3,3 prosentpoeng.

• Spørsmålet som er stilt, er «Hvilket parti meiner du har den beste politikken for å redusere de økonomiske ulikhetene i Norge?».

61 prosent til venstresida

Om ein held dei som ikkje peikar på eit parti utanom, får Ap heile 38 prosent. SV får 10 og Raudt får 7 prosent i denne undersøkinga. Saman med Sp får partia som høyrer til på venstresida 61 prosent. Med same teljemåte får regjeringspartia 28 prosent.

Hadia Tajik er nestleiar i Ap. Ho er glad for at folk meiner venstresida har den beste politikken på dette området.

– Dette er ei inspirerande måling som viser at venstresidas bodskap om arbeid til alle når ut, seier Tajik til Klassekampen.

Meiner Frp ikkje bryr seg

Ho meiner det ikkje er så rart at venstresida kjem best ut, ettersom høgresida ikkje er like opptekne av å motverke forskjellar:

– Frp seier i sitt gjeldande program at dei ikkje meiner det er eit mål å jamne ut forskjellar, seier Tajik.

Punktet ho viser til, er dette: «Det er ikke en offentlig oppgave å utjevne lønnsforskjeller som naturlig oppstår i arbeidsmarkedet.» I programmet som gjeld for komande stortingsperiode, er punktet borte.

Tajik driv for tida valkamp på Vestlandet, som i fleire år har vore råka av høg arbeidsløyse. Ho meiner arbeid er svaret på ein god del av ulikskapsspørsmålet.

– Vi må skape fleire arbeidsplassar. For ungar i fattige familiar er det svært viktig at foreldra har jobb.

Tidlegare i haust kom det ei liknande undersøking som Opinion hadde utført for LO Media. Undersøkinga blei utført i april, men viste i hovudsak den same tendensen som Klassekampens måling.

Høgre: Ganske nøgde

Tina Bru sit i Høgre-leiinga og driv for tida valkamp i same fylke som Tajik, nemleg Rogaland. Ho meiner tala ikkje er så dårlege for høgresidas del:

– Fyrst vil eg seie at eg faktisk er litt nøgd med at Høgre er på andreplass, seier Bru til Klassekampen.

Ho meiner det ikkje er så verst at kvar femte i undersøkinga meiner Høgre og Frp har den beste politikken her.

– Stadig fleire ser at den største forskjellen er på om folk er i jobb eller ikkje. Vi bruker mykje av valkampen til å snakke om arbeidsplassar og rammevilkår for næringslivet, seier Bru, som står på sikker plass for nok ein stortingsperiode frå oljefylket.

– Høgre har den siste tida vore opptekne av å snakke om at politikken dykkar fører til reduserte forskjellar. Er det ikkje litt synd at talet ikkje er høgare enn 11 prosent for Høgres del?

– Det kan du seie, men det er verdt å merkje seg at SV har lågare oppslutning her enn både Frp og Høgre. Det er interessant sett i ljos i av den diskusjonen som har vore. Dette er ikkje ei stadfesting av at alle er samde med venstresida.

Det er forskjellar i forskjellspolitikken til høgre- og venstresida:

– Vi er opptekne av å løfte dei som er nedst, ikkje berre kutte på toppen, seier Bru og viser til arbeidet med målretta, sosiale støtteordningar som skal vere til hjelp for familiar med dårleg råd.

politikk@klassekampen.no

Tirsdag 16. januar 2018
FOTEN NED: Knut Arild Hareide meiner vi ikkje har råd til store skattelettar i åra som kjem. Regjeringserklæringa er ei av dei vagaste han har lese.
Mandag 15. januar 2018
TRYGD: Beza betalte 300.000 kroner til staten, men fikk ikke trygd da barna ble født, eller da han mistet jobben.
Lørdag 13. januar 2018
STANS: Unge Høgre innfører umiddelbar alkoholforbod på ubestemt tid etter Riise-saka. Ungdomspartia er delt om alkoholbruk på partisamlingar.
Fredag 12. januar 2018
SPLITTER: Samme uke som partisekretær Kjersti Stenseng gikk beinhardt ut mot Hans Kristian Amundsen, ble han i et lukket møte på Stortinget tatt varmt i forsvar av klubblederen for Aps stortingsansatte, Ingunn Yssen.
Torsdag 11. januar 2018
STASING: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) takka for maten under NHOs gallamiddag. I same slengen lova han ei heilt ny reform.
Onsdag 10. januar 2018
BREMS: Selv om norsk økonomi går bedre, bør ikke arbeidstakerne forvente et bedre lønnsoppgjør i år. Det mener flere topper i norsk næringsliv.
Tirsdag 9. januar 2018
UROLIG: Sysselsettingsandelen i be­folkningen kryper stadig nedover. NHO-direktør Kristin Skogen Lund mener det er på tide å se på hvordan velferdsordningene fungerer.
Mandag 8. januar 2018
OPPRUSTING: I 2018 skal USA bruke nesten 40 milliarder norske kroner på å avskrekke Russland. Norge spiller en stadig større rolle i planene.
Lørdag 6. januar 2018
GODT, NYTT ÅR: Om dette blei valresultatet, ville Ap gjere det dårlegare enn det katastrofale 2001-valet. Nestleiar Hadia Tajik peikar på «krevende uker». På Jeløya er det derimot kjempestemning.
Fredag 5. januar 2018
PRESSER PÅ: Etter press fra Esa vurderer regjeringen å lage regler om at offentlige tjenester må skilles ut i egne selskap. Barne­hager og treningsanlegg kan være utsatt.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk