Klassekampen.no
Mandag 28. august 2017
Poeten Arvid Torgeir Lie har mykje å lære oss om årets valkamp.
Valkampscena
Savoir-vivre: Jonas Gahr Støre er som jambyrdingar flest.

Der finst i norsk samtidslitteratur minst ein poet som ville ha kunna endra årets valkamp, hadde han vore kjend og grundig lesen av hopen av aktørar: politikarar, rådgivarar, mediefolk og veljarar. Lat oss gå rett på sak, med opning av Arvid Torgeir Lie, frå «Mot det ærlege lyset: Ordspelarens skygge» (2011).

Den mektige

1

I namnet til folket og lett, rørde den mektige seg iblant oss,

inntok trinnhets-scenas arena,

– vikla forbyttingas mange snarer kring våre liv,

og løynde den mørke skyggen til makta.

2

Det oppsiktsvekkande ordets herre var han,

og ba oss inn til sine lange friminutt,

for å framføre eit ord utan sak,

eit ord som tilhøyrde den fjerne glansen,

– og som på ny blei bydd fram på ein marknad!

3

For i navnet til folket var han det kyniske mediehusets

lydige tenar,

som gjorde oss avmektige.

Innfor hans låge spel miste vi

vår menneskelege storhet,

og vår standhaftighet byrja å vakle!

Her vil eg ta tak i beretninga til ein ordets herre, Aps statsministerkandidat Jonas Gahr Støre. Å inneha si eiga beretning er hos Lie jamgodt med å vera eit jambyrdig menneske. Aps partileiar har ikkje fått vera ein jambyrdig medspelar i årets valkamp. Å vera jambyrdige er folkestyrets føresetnad for poeten Lie.

Støre er blitt ribba for sin conduite, sin savoir-vivre og si breispektra kunnskap og røynsle. Typisk er PR-doktor Trys snutt om lasaron og lydmann Støre som ufjelga einstavingsmann. Attåt er denne nedsnobbinga ei innful nedsnakking av lydteknikaren og fagmannens jobb. Moro, ja. Men med eit stygt, antisosialistisk bodskap.

Arvid Torgeir Lie gir helst ordet til fotfolket som vaklar i si jambyrdige beretning, jamfør tittelen: «O, vesle mann og vesle kvinne, lokka inn i ordmaskeraden hos dei mektige».

Her vil eg restinnføra den såkalla ‘mektige’ i stortingsvalets spel og strida for hans jambyrdigheit. Må Jonas Gahr Støre sleppa å ikle seg sjuskete sommarklede! Må han utfriast frå sjuande fedrar og mødrer! Må han sleppa å masa med forgjengarars gestar og sjablongar om at no snakkar han! Må han få stiga fram med ei reell sak godt argumentert på fransk. Så får Jan Bøhler omsetja til eit Ap-akseptabelt norsk.

«For i namnet til folket var han det kyniske mediehusets lydige tenar, som gjorde oss avmektige.»

karinmoe1@gmail.com

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Må Støre få argumentera på fransk!»

Artikkelen er oppdatert: 13. september 2017 kl. 09.40

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk