Klassekampen.no
Lørdag 26. august 2017
For tusen år sidan var det kvinnene som var kloke.
Visdom og respekt
Klokskap: Kvinner som spinner.

Ingen liker det forfallet som følgjer med å bli gamal. Men det er alltids ei trøyst når det knyter seg sosiale privilegium til det, som når eldre menn blir rekna for kloke, og visdomen blir symbolisert ved oldingar med langt skjegg. Det at det ikkje finst tilsvarande bilete av gamle kvinner, kan nok vera grunn til at mange føler at dei blir usynlege når dei kjem litt opp i åra.

I forteljingane frå vikingtida er dette som så mangt anna snudd på hovudet. Ein av dei få eldre mennene som utmerkjer seg med uvanleg intelligens på det heidenske Island, er Njål, og han er så skjegglaus at det blir stilt spørsmål om han ikkje eigentleg er kvinne. Kloke kvinner er det derimot ei mengd av, unge som gamle. Er dei i tillegg trollkunnige, gjev det eit ekstra pluss, for det er enno fleire hundre år til at heksetrua skal infisera menneskehjernane.

Den fredlause Grette Åsmundsson hadde mange fiendar. Ein av dei heitte Torbjørn og hadde ei gamal fostermor som heitte Turid. Ho var ufør og låg til sengs, for trass i at ho var svært trollkunnig, kunne ho av ein eller annan grunn ikkje bruka trolldomen til å gjera seg sjølv frisk. Men då den vaksne fostersonen både søkte råd hos henne og godtok at ho skulle vera sjef, reagerte ho som kjerringa i folkevisa som blei bydd opp til dans: Før var ho både halt og blind, sia flaug ho både skigard og grind.

Grette hadde forskansa seg på den stupbratte Drangøy, men mangla fyringsved. Turid fann seg ein tømmerstokk som ho rista runer i, kvad galdrar over og gjekk motsols omkring. Så heiv ho han på sjøen, og stokken segla heilt av seg sjølv mot vinden til Drangøy. Då Grette hogg øksa i han, råka han seg i låret og fekk banesår.

Men ein kan hevda seg utan overnaturlege evner òg. I «Soga om fosterbrørne» er det ei legdekjerring, ein fattiglem som flyttar frå gard til gard, som spår at to bestevener frå overklassen skal enda med å drepa kvarandre. Det er noko kven som helst kunne spådd, så aggressive som dei er. Dessutan seier ho det visst helst fordi ho er arg fordi dei uroar henne med leikeslåstinga si mens ho arbeider. Noko seinare blir ho sjuk og døyr, og den eine av dei to slåstkjempene tek seg bryet og kostnaden med å frakta henne lange vegar over det nykristna Island for å gravleggja henne i vigd jord. Så orda hennar har nok gjort inntrykk. Snu lagnaden kan han likevel ikkje, han og bestevenen tek livet av einannan like etter.

Kan henda er det arbeidet til legdekjerringa som gjer henne så respektert. I førindustriell tid gjekk kvinnearbeidet særleg ut på å spinna garn og veva tøy til klede, som var svært kostbare og ingen kunne greia seg utan. Med industrialiseringa gav kvinnene denne ekspertisen over til mennene. Dermed mista dei styringa på samfunnsøkonomien. Sidan har det å sjå pen ut og bli likt og beundra teke så overhand at både unge og gamle har mista trua på sin eigen verdi. Og då kan ein ikkje venta å bli verdsett av andre heller.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Njål er så skjegglaus at det blir spurt om han er kvinne»

Artikkelen er oppdatert: 13. september 2017 kl. 08.49

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk