Eg har ikkje lese veldig mange sider før eg forstår at «Berge» må vere Jan Kjærstads sterkaste roman på lang tid. Romanane han har gitt ut på 2000-talet har vore ambisiøse, men i mine auge også kraftlause samanlikna med dei tre bøkene om Jonas Wergeland frå 1990-åra. Parallelt har Kjærstad skrive artiklar til forsvar for fantasien og til åtak på den store verkelegheitslitteraturen som har heimsøkt landet vårt – og særleg kritikarane som har beundra den med nasa i grusen og diamantar i auga. Kanskje fordi eg har lese bøkene med desse artiklane i mente, har eg opplevd at fantasien, som altså er Kjærstads kjæraste kjepphest, har vore sett fram som ein påstand, men ikkje sett i spel hos lesaren.
Vi ere en Nation: Det er lesaren som ber med seg kjernen inn i Jan Kjærstads nye roman.