Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi ere en Nation: Det er lesaren som ber med seg kjernen inn i Jan Kjærstads nye roman.

Vridingar og fall

Ambisiøs: «Berge» er Jan Kjærstad sin sterkaste roman på lang tid. foto: Anniken C. Mohr

Eg har ikkje lese veldig mange sider før eg forstår at «Berge» må vere Jan Kjærstads sterkaste roman på lang tid. Romanane han har gitt ut på 2000-talet har vore ambisiøse, men i mine auge også kraftlause samanlikna med dei tre bøkene om Jonas Wergeland frå 1990-åra. Parallelt har Kjærstad skrive artiklar til forsvar for fantasien og til åtak på den store verkelegheitslitteraturen som har heimsøkt landet vårt – og særleg kritikarane som har beundra den med nasa i grusen og diamantar i auga. Kanskje fordi eg har lese bøkene med desse artiklane i mente, har eg opplevd at fantasien, som altså er Kjærstads kjæraste kjepphest, har vore sett fram som ein påstand, men ikkje sett i spel hos lesaren.