Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Føresetnaden for samarbeid er at me kan snakka saman.

Nabospråk

«You do not punch your weight», sa ein gong USAs president til nordiske statsleiarar. «De boksar ikkje i den vektklassa de høyrer heime». Fakta fortel at Norden, med 26 millionar, er verdas tolvte største økonomi, godt framom Russland. (Noreg er størst, deretter Sverige...) Hadde me vore ein føderal stat à la USA, ville Norden hatt fast plass ved bordet når G20 samlast til møte. Men slik er det ikkje. Og det norske sjølvbildet? Det er ein kombinasjon av overdriven sjølvtillit og overdriven mindreverdskjensle – eit klassisk døme på usunn personlegdom.