Klassekampen.no
Onsdag 23. august 2017
Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Progressive skattar og avgifter er treffsikre middel for å redusere ulikskap.
Skatt og ulikskap

Det ser ut til å vere ei viss semje mellom dei politiske partia om at ulikskap i inntekt og formue aukar også i Norge. Gini-indeksen, det mest brukte målet på ulikskap, viser denne utviklinga. Høg Gini betyr større ulikskap. Gini for inntekter, men utan kapitalinntekter var vel fem prosent lågare i 2010 enn i 2005. Etter 2010 snudde den nedgåande trenden, og i 2015 var Gini sju prosent høgre enn i 2010. Med kapitalinntekter inkluderte er Gini gjennomgåande betydeleg høgre. Dette indikerer at kapitalinntekter, som aksjeutbytte og gevinstar på eigedomsspekulasjon, bidreg sterkt til ulik inntektsfordeling.

Det dreier seg også om ein langvarig trend i inntektsfordelinga. Ein studie frå OECD viser at i perioden 1986–2008 auka disponibel realinntekt i den rikaste tidelen av den norske befolkninga 2,2 gongar meir enn i den fattigaste tidelen. I den same perioden var denne faktoren for heile OECD mykje lågare – 1,5. Berre i fire av dei 27 OECD-landa (Australia, Tsjekkia, Israel og Luxembourg) hadde den rikaste tidelen av befolkninga større vekst i disponibel realinntekt enn i Norge. At den norske inntekts-Gini framleis likevel er låg samanlikna med andre OECD-land, kan forklarast med at middelklassen er blitt skåna, medan dei ti prosent rikaste har rykka kraftig frå dei ti prosent fattigaste. Norge er blitt eit land med ein styrtrik overklasse, ein relativt velståande middelklasse og ein fattig underklasse som utgjer cirka ti prosent av hushalda.

Sidan midten av 1980-åra har den grassate reduksjonen av marginal­skatten på personinntekter, reduksjonen av formuesskatten og ikkje minst avviklinga av arveavgifta ført til større ulikskap i inntekter og formue. Politikarar som hevdar at den meir ulike fordelinga av inntekt og formue ikkje har samanheng med endra skattlegging, kan ikkje dokumentere påstanden sin.

Nokre av dei rikaste personane i Norge hadde i 2015 ein samla netto formue på over 30 milliardar kroner, men skarve 14.500 kroner i samla skattepliktig inntekt. Utan formuesskatt hadde sjølvsagt desse personane vore nullskattytarar.

Reduksjon og til slutt fjerning av formuesskatten er regjeringas mantra for auka sysselsetting. Men i staden for fleire i arbeid fører denne politikken til at sysselsettingsgraden går ned, særleg for menn (15–74 år), som i 2016 hadde ein sysselsettingsgrad på historisk låge 69,5 prosent. Som spesielt økonomane Atkinson, Piketty og Milanovic har vist, er større ulikskap i inntekter og formue ein sikker effekt av redusert formuesskatt. Og OECD har vist over all tvil at større ulikskap fører til lågare vekst i BNP og sysselsetting. Regjeringas kampanje mot formuesskatten er utan grunnlag i økonomisk forsking.

Eit hyppig brukt argument mot formuesskatten er at mange andre statar har avskaffa han. Det stemmer, men nesten alle desse landa har i staden ein høg eigedomsskatt. OECD fører statistikk over summen av formuesskatt, arveavgift og eigedomsskatt som dei kallar «taxes on property». Dersom dette skatteaggregatet som del av BNP skulle ha vore like stort i Norge som gjennomsnittet i OECD i 2014, måtte det ha vore 22 milliardar kroner høgre. Samanlikna med USA måtte det ha vore 50 milliardar kroner høgre. Eg har aldri høyrt at motstandarane av formuesskatt vil erstatte han med arveavgift og høgre eigedomsskatt.

Eit anna argument er at formuesskatten skaper store vanskar for gründerar og småbedrifter som må tappe bedriftene for eigenkapital. Ein studie ved NHH i 2013 viste derimot at bedrifter der hovudeigaren betaler formuesskatt, er meir solide og meir likvide enn bedrifter der hovudeigaren ikkje betalar formuesskatt. Ein annan studie frå Statistisk sentralbyrå av 31.000 bedrifter i perioden 2005–2009 viste at bedrifter der eigaren ikkje betalar formuesskatt, har meir knappheit på kapital enn bedrifter der eigaren betalar denne skatten.

Underskot i bedriftene kan no bli framført uavgrensa og rekna mot framtidige overskot. Dessutan kan eigarane få utsett formuesskatten dersom bedrifta går med underskot. Dei nemnde forskingsresultata blir stadfesta ved at nesten ingen eigarar søkte om slik utsetjing i 2016.

Progressiv formuesskatt, progressiv arveavgift, meir progressiv skatt på personinntekter og auka barnetrygd er treffsikre middel for å redusere økonomisk ulikskap. Dei som nektar for dette, tek ikkje den auka ulikskapen på alvor.

rune.skarstein@svt.ntnu.no

Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Rune Skarstein, Camilla Øvald, Chr. Anton Smedshaug og Ebba Boye skriv onsdagar i Klassekampen.

Artikkelen er oppdatert: 9. oktober 2017 kl. 10.42

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk