- Heile 59 prosent av dei spurte meiner at det dei siste åra har vorte ført ein politikk som bidrar til sentralisering i Norge, viser meiningsmålinga som Klassekampen presenterer i dag. Blant dei som merkar sentraliseringa på kroppen, er innbyggarane i Ytre Namdal, etter at Stortinget i vår vedtok å slå kommunane deira saman med tvang. Måndag var kommunestyra i Vikna, Nærøy, Leka (i Nord-Trøndelag) og Bindal (i Nordland) samla til ufrivillig fellesmøte, etter innkalling frå Fylkesmannen i Nord-Trøndelag. «Sammenslåing må baseres på fakta, folkeavstemning, frivillighet», stod det på ein av plakatane som møtte politikarane. Mange av dei 600 innbyggarane på Leka hadde nemleg møtt fram for å protestere. No satsar dei på at samanslåinga skal bli gjort om av eit nytt stortingsfleirtal etter valet.
Sentralisering
Leder