Klassekampen.no
Mandag 21. august 2017
Skogen: Tek pusten frå deg.
Endeleg skjøna eg kvifor eg måtte ut av dei telemarkske skogar.
CO2-mangel

Trygve Refsdals kronikk i Klassekampen 7. august blei ein augneopnar. Endeleg skjøna eg kvifor eg måtte ut av dei telemarkske skogar. I eit dalføre med storskog på begge åskantar og med hurtigveksande lauvskog i hestehagen nedfor huset og eigen skogteig like ved, enda eg sommarstid i akutt mangelsjukdom.

Det gjekk greitt om veten (vinteren) då vedrøyken låg lifleg over bygda. Ikkje visste eg at det var mangel på CO2 som plaga meg. Like fullt gjekk eg til mottiltak, utan å vita kor vislege desse var. Ikkje med skallen, men med denne totalt politisk ukorrekte kroppen som eg heng i lag med. Eg fekk hyrt inn Holtekarane med motorsag og vedkappar og fylt opp vedskjulet med CO2-lagra bjørk og furu. Skogteigen blei òg snøydd.

Dagleg søkte eg ikkje lenger skogens ro, neidå ikkje. Eg trampa den bratte og svingete riksvegen opp Brunkebergbakkane. Ikkje for å koma i form. Då kunne eg jogga Dampedalen og klyvd opp frå Flatin. Neidå, eg peste på og saug inn og lepja i meg CO2. Eg var i akutt mangel av CO2. Og i ein tilstand av overoksydasjon som ikkje ville avhjelpast med antioksidantar, in natura eller på boks. Der var for mykje såkalla frisk luft. Eg visste det berre ikkje. Lauvtre og storskog fòr med godsakene i eit grønsvær som tok pusten frå meg. Woody Allen har rett: «Don’t trust air you can’t see».

Vel oppe i Brunkeberg var det å få i seg H2O. Og etter ein drøs i bua til Kjetil sjangla eg ned bakkane i lukkerus. Komplett antioksydert og CO2-regulert: «Han hjelper i brattaste bakkar» (Trygve Bjerkrheim). Kva fekk eg ikkje unna av slått og bærplukk og vedløding. Same reaksjon når eg hadde vore på odde jobbar i Oslo og sove for ope vindauge og djuplagra CO2. Heim til storskogen kom eg høg på energi. Eg kunne vaska ned huset og mala ein låvevegg før eg trødde salmane mine på orgel og sovna i vinglaset.

Så les eg i Refsdals framifrå kronikk at landets 13 oljeministrar – villmenn! har drive rovdrift på CO2 med utvinning av fossilt brensel langt over Stortingets vedtak. Og uttak av naturgass tre gonger over verdsgjennomsnittet. Har dei ingen viten eller tanke hatt for framtidig mangel på den teknologisk uerstattelege nyttegassen CO2 for fotosyntese og som grunnlag for liv og all matproduksjon? Ikkje nok med at me i beredskapsplanar og praksis manglar matlager, altså odla mat, me manglar forsyne meg ei forsvarleg, langsiktig forvalting av CO2-ressursane. Politikarane i oljo kan ta maten frå komande generasjonar. Kroppen syd av vreide over slik øydande kunnskapsløyse.

Med kutt i oljeutvinninga kan politikarane skapa ei vinn-vinn stode: oppnå tograders-målet og forvalta og lagra CO2 ressursane for framtida.

Eg er 100 prosent usamd med hypokonderdoktor Wilhelmsen: Ikkje lytt til kroppens signal. Utan kroppens visdom ville eg aldri kome meg til Karmøy, der folk flest har familiebil, elbil og Amcar. Sol, vind, HO2 og CO2 er i balanse. Her er liv laga. Slik fekk eg restarta skrivinga.

Det er sikkert ikkje alle like glade for.

karinmoe1@gmail.com

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Der var for mykje såkalla frisk luft. Eg visste det berre ikkje»

Artikkelen er oppdatert: 9. oktober 2017 kl. 10.29

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk