Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Best som det er, snur det velkjente ei anna side til.

Familiehistorie

Katt og mus: Det finst rangordenar både i naturen og i familien.

Ein gong gjekk eg gjennom ei gate i ein tilfeldig norsk by og såg i augekroken at i utstillingsvindauget til Fretex stod det ein slags kvinnefigur som var laga av dei utrivne sidene frå ei bok eg hadde som barn. Då eg gjekk borttil, var det heilt riktig «Eventyr fra mange land», som eg fekk til jul før eg lærte å lesa.