Klassekampen.no
Lørdag 12. august 2017
SER MOT GUD: Job var ein rettskaffen mann. Kvifor lar Gud han då lide? Her måleriet «Job» (1880) av den franske målaren Léon Bonnat. KILDE: WIKIMEDIA COMMONS
Då Gud lét Satan teste Job:
Det vondes problem
Klassikar: Korleis kan ein god Gud tillate liding og vondskap? Forteljinga om Job viser fram det vondes problem.

Dokument

Dei fleste av bøkene i Bibelen er litterære klassikarar, sjølv om dei færraste har funne vegen inn på pensumlistene i ålmenn litteraturvitskap. Den som har klart det, er Job. Ikkje utan grunn, for denne boka er eit av høgdepunkta i verdslitteraturen. Ein av dei store tematikkane ho tek for seg, er det vondes problem: Korleis kan ein god Gud tillate liding og vondskap? Job er nemleg ein rettskaffen mann som opplever å miste absolutt alt han har, så nær som livet. Kone, barn, rikdommen og helsa – ingenting er att. Job opplever så mykje vondt at han endar med å forbanne dagen han blei fødd.

Det er vanskeleg å seie noko sikkert om når boka er blitt til. Moglegvis har ho også gått igjennom ein del redigeringar før ho har fått si endelege form. Jobs bok er full av visdom, full av naud, og er skriven i eit komplekst og poetisk språk som vitnar om eit usedvanleg stort ordforråd. Bibelforskarane hellar mot at ho må vere skriven ein gong mellom år 500 og år 333 f.Kr. – mange meiner rundt år 400 f.Kr. Det vil i alle høve seie at boka er blitt til under persarriket.

Vi kjenner til eit anna mesopotamisk skrift, Eg vil prise visdommens herre – ofte kalla for «den babylonske Job» – som også tek for seg det vondes problem og spørsmålet om løn for rettferdige. Om dette skriftet har inspirert den bibelske teksten, er usikkert.

Fakta:

Jobs bok

• Jobs bok er ei bok i Det gamle testamentet som handlar om prøvelsane til den velståande Job.

• Teksten står som eit godt døme på det høge litterære nivået i dei gammaltestamentlege bibeltekstane.

• Artikkelen er eit utdrag frå boka «Røff guide til Bibelen» av Alf Kjetil Walgermo. Boka kjem ut på Samlaget den 24. august.

• Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) er forfattar og kulturredaktør i Vårt Land.

Job er blant dei mest universelle bøkene i Bibelen. Tilsynelatande er forteljinga i mindre grad enn dei historiske bøkene knytt til Israel og den gammaltestamentlege frelseshistoria og står på mange måtar som ein særeigen tekst. Sjølv heimstaden til hovudpersonen er ukjent – landet Us. Moglegvis er det snakk om ein stad aust for Jordanelva, i den arabiske ørkenen. Us blir iallfall knytt til landområdet Edom i Klagesongane.

Job er altså neppe ein israelitt. Like fullt har han eit nært og godt forhold til Israels Gud. Bibelteksten kan fortelje at Job er ein from og rettskaffen mann som fryktar Gud og held seg borte frå alt vondt. Barna hans – sju søner og tre døtrer – held hyppige festar med god mat og vin, og etter kvar fest ber Job fram brennoffer for kvart enkelt av barna, i tilfelle dei skulle ha synda og spotta Gud.

I tillegg til å vere ein oppofrande familiefar er Job ein høgt akta mann i samfunnslivet, ein rik og samvitsfull velgjerar som tek seg av både foreldrelause, fattige og enker. I bibelteksten blir han skildra som «den største blant folka i aust». Ja, Gud sjølv skryter av Job i møte med gudesønene: «Så ein dag kom gudesønene og steig fram for Herren. Mellom dei var Klagaren. Herren sa til han: ‘Kvar kjem du frå?’ og han svara: ‘Eg har streifa omkring på jorda.’ Herren sa: ‘Så la du vel merke til Job, tenaren min? På jorda finst ingen som han, ein from og rettskaffen mann som fryktar Gud og held seg borte frå alt vondt.’»

Her må vi gjere ein stopp i teksten for å sjå nærmare på «gudesonen» Gud vender seg spesielt til. Satan er den sentrale drivaren for historia om Job. Den nye omsettinga av Jobs bok bruker Klagaren i staden for Satan, ettersom det hebraiske ordet «satan» (motstandar) i utgangspunktet viser til ein tittel og ikkje eit eigennamn. Men la oss kalle ein spade for ein spade: Det er Satan det er snakk om her.

I Bibelen blir Satan omtalt og skildra på fleire måtar og under fleire namn og titlar. I 1. Mosebok er det slangen som blir skildra som ei vond kraft – noko som kjem att i uttrykket «den gamle slangen» i Bibelens siste bok, Johannes’ openberring. Blant andre nemningar er det djevelen («baktalaren») som er den mest brukte. Satan kan også bli kalla Beelzebub/Beelsebul, freistaren, den store draken, mordar, motstandar og far til løgna. Han blir samanlikna både med ei brølande løve og med eit lyn som fall frå himmelen. Han er herskaren over dei vonde åndene, men kan skape seg om til ein lysengel.

Eigennamnet Satan blir mest brukt i Det nye testamentet. I den norske bibelomsettinga frå 2011 finn vi eigennamnet berre fire gonger i Det gamle testamentet – ein gong i 1. Krønikebok og tre gonger hos profeten Sakarja. Felles for desse to bøkene er at dei høyrer heime blant dei yngste skriftene i Det gamle testamentet, noko vi også kan seie om Job. Den norske omsettinga av Det gamle testamentet har aukande bruk av Satan jo nærmare vi kjem Kristi fødsel. I den hebraiske originalteksten står ordet «satan» – eller «hasatan» i bestemt form – til saman 23 gonger. Omsettingane til dei meir generelle nemningane «klagar» eller «motstandar» er det likevel ikkje noko å seie på, for dei fleste stadene er det openbert at ordet ikkje blir brukt om ei personifisert vond makt.

Unntaket er altså Jobs bok. Her burde det etter mi meining framleis stå Satan og ikkje Klagaren i den norske omsettinga. Grunnen til at Klagaren er brukt, er moglegvis at Satan blir skildra på ein meir nyansert måte i denne teksten enn han blir omtalt andre stader i Bibelen. Ikkje minst blir han altså omtalt som ein av gudesønene.

Omgrepet «gudesøner» skaper ein del teologisk hovudbry. Gudesønene blir nemnde også i 1. Mosebok, der dei får barn med menneskedøtrene og er delaktige i at vondskapen breier seg over jorda. Truleg viser ordet til englar eller liknande himmelske vesen. Dei færraste teologar har tolka bibelteksten som at Satan faktisk er Guds son, på linje med Jesus.

Skildringa av Satan i Jobs bok er like fullt interessant: Han har regelmessige møte med Gud, argumenterer for seg og ber om å få sette Job på prøve.

Satans kronargument er at Job truleg vil spotte Gud dersom han mistar all velstanden sin: «Det er vel ikkje utan grunn at Job fryktar Gud? Har du ikkje på alle vis verna om han og huset hans og alt han eig? Hans henders arbeid velsignar du, og buskapen hans breier seg i landet. Men rett berre handa ut og rør ved alt som er hans, så får vi sjå om han ikkje spottar deg rett opp i andletet.» Dette er eit frekt satanisk angrep på Gud: Satan impliserer at Gud i seg sjølv ikkje er verdig Jobs truskap, men at Job fryktar Gud berre fordi han får fordelar av det.

Tanken er slett ikkje så dum: Faren for at religion blir utnytta som lykkemiddel, er noko som har vore aktuelt frå gammaltestamentleg tid og fram til i dag. Meir overraskande er det at Gud går med på Satans opplegg: «Sjå, alt han eig, er i di makt, men han sjølv får du ikkje legge hand på!» Gud lar seg altså «lokke» med på Satans «veddemål» om Jobs truskap.

Sett i lys av korleis Bibelen elles skildrar forholdet mellom Gud og Satan, er veddemålet oppsiktsvekkande. I Det nye testamentet avviser Jesus djevelen fullstendig – ein avtale mellom dei er så godt som utenkeleg.

I Jobs bok lar Gud Satan ramme Job med den eine katastrofen etter den andre: Først døyr alle oksane, esla, sauene og kamelane til Job – fleire tusen dyr – og deretter fell huset saman og drep alle barna hans som er samla til fest.

Tragedien er eit faktum. Men Jobs respons er annleis enn den Satan har sett for seg: «Naken kom eg frå mors liv. Naken vender eg attende. Herren gav, Herren tok, velsigna vere Herrens namn!»

Heller ikkje når Satan får Guds løyve til å ramme Job med sjukdom for å teste han ytterlegare, spottar den sundslåtte mannen Gud. Full av vonde svullar frå topp til tå iretteset han kona si, som meiner at han like godt kan «spotte Gud og døy». Men etter at dei tre venene Elifas, Bildad og Sofar har kome på besøk og sørgd med han i sju døgn – utan å seie noko, sidan Jobs smerte er så stor – tek altså Job til orde og forbannar dagen han blei fødd: «Bort med den dagen eg vart fødd, den natta det vart sagt: ‘Ein gut er unnfanga.’ Den dagen – lat han bli mørker, så Gud i det høge ikkje spør etter han og dagslys aldri fell på han!»

Dette er den relativt korte rammehistoria (kapittel 1–2) i ei bok som for ein stor del (kapittel 3–31) består av samtalen mellom Job og dei tre venene hans. Deretter bryt den unge mannen Elihu inn i samtalen (kapittel 32–37) før Gud sjølv svarer Job frå eit stormvêr (kapittel 38–41). Det siste kapittelet (42) er ein epilog der Job underkastar seg Gud og får attende all rikdommen sin, i dobbelt mål, i tillegg til sju nye søner og tre døtrer som er dei vakraste i landet.

Så kva er det eigentleg som går føre seg i dei 39 kapitla med dramatisk dialog? Det byrjar som sagt med at Job forbannar sin eigen fødselsdag: «Bort med den dagen eg vart fødd» er eit tema som gjennom tidene har inspirert ei rad med kunstnarar og forfattarar. Job klagar over kvifor dagen gir «lys til den som lid, og liv til dei ulukkelege, til dei som ventar fåfengt på døden og søkjer døden meir enn løynde skattar, til dei som glade ville ha jubla og fryda seg om dei fann ei grav, til ein mann som ikkje finn veg fordi Gud stengjer for han». Sterkare er neppe den dødslengtande desperasjonen formulert i skjønnlitteraturen.

Venene hans prøver å tale Job til rettes med at han ikkje må bli motlaus no når ulykka rammar han sjølv, han som har hjelpt så mange andre som er blitt ramma av ulykke. Eit gjennomgåande trekk i det venene seier, er at Job må ha gjort noko gale, sidan han er ramma så hardt. Denne måten å tenke synd og straff på, som eit individuelt ansvar, er ein av hovudbodskapane til profeten Esekiel, som ifølgje Bibelen var aktiv under eksilet i Babylon på starten av 500-talet f.Kr. At straffa skal følgje syndaren, står også uttrykt i Moselova.

Job held likevel hardnakka fast på at han ikkje har synda mot Gud. Han oppfattar seg sjølv som rettferdig og meiner å kunne bevise det. Han klagar over at Gud ser på han som eit «sjøuhyre».

Jobs bok er som nemnt ein del av den bibelske visdomslitteraturen. For Job er visdommen å frykte Gud. Samtidig er det noko fryktlaust i korleis han framfører klagemålet mot Gud, der han varierer mellom å vere audmjuk og ganske så arrogant. Job innser at klaga hans er trassig, og at eit menneske ikkje kan ha rett mot Gud, men krev likevel å få vite kvifor Gud «fører sak» mot han: «Har du glede av å undertrykkja, av å vraka dine henders verk, medan du lèt sola gå opp over planane til urettferdige?» I det eine augeblikket spør han kvifor Gud ikkje kan tilgi syndene hans, mens han i det neste bryt ut at Gud veit han er uskuldig. I praksis stiller Job Gud på klagebenken: «Kvar er mi skuld og mine synder? Kunngjer mitt brot og mi synd!» Og: «Eg er uskuldig, det står eg ved til eg døyr.»

Job klagar Gud for å ikkje bry seg om urett, men for å utslette både skuldige og uskuldige. Jobs bok blir såleis også eit klagemål mot det gjengse historiesynet i kjerneforteljinga i Det gamle testamentet, der sorger og undergang i vesentleg grad kjem av manglande tiltru til Gud. Ei liknande anfekting kan finnast i Salmane: Kvifor går det den ugudelege vel?

Det vondes problem dreier seg om korleis Gud kan vere rettferdig og samtidig tillate liding og vondskap. Job rettar nokre ganske så kraftige klager mot Gud, som kan tillate så stor liding for sin – i Jobs eigne auge – rettferdige tenar.

Venene skuldar etter kvart Job for å vere ein pratmakar som kjem med ordflaumar, luftige meiningar og tomsnakk, og for å spotte utan skam: «Kan vel du måla Gud, kan du kjenna Den veldiges grenser?» Job slår tilbake med overraskande ironi: «Ja, de snakkar som folk flest, med dykk døyr nok visdommen ut!» Fleire stader i boka viser Job sine store satiriske evner, og han kallar venene sine for løgnarar, kvakksalvarar og elendige trøystarar som vil «knuse han med ord».

På eit tidspunkt bryt som nemnt den unge Elihu inn i samtalen. Han startar audmjukt med å seie at han har venta med å gripe ordet, ettersom han er så ung. Men han er så misnøgd med at venene til Job ikkje klarer å målbinde han, at orda sprenger seg på «som vin i nyfylte skinnsekker». Elihu refsar Job for å erklære seg fri for skuld, men kjem samtidig med ein nokså moderne tanke: «Kva gjer det vel Gud om du syndar? (…) Uretten din rammar medmenneska dine, berre menneske har gagn av rettferda di.» Elihu står elles for det same synet som dei tre venene til Job: Gud gir mennesket att etter gjerningane sine.

Fleire bibelforskarar har sett på Elihu-delen av teksten som eit seinare tillegg, for han stikk seg litt ut i samanhengen. Først etter denne delen kjem Guds svar til Job, og det merkar seg ut ved å vere svært opphengt i naturen og dyreverda.

Det står lite om korleis Gud tek del i samtalen, men at han svarer Job «ut av stormen». Gud tek i tur og orden for seg forhold knytte til universet, vêret og ulike dyreslag han har skapt. Det interessante med Jobs bok er at Gud ikkje står fram som den klokaste av dei som snakkar. På same måten som i Fjodor Dostojevskijs Brørne Karamasov er det ikkje den mest gudelege (Aljosja/Gud), men tvert om den mest kritiske (Ivan/ Job) som blir ståande att med dei sterkaste argumenta. I tillegg har også venene til Job, som får kritikk av Gud for ikkje å ha talt rett om han, visse gode poeng, nett som Elihu.

For Guds del kan dei naturvitskaplege bileta fortone seg mindre overtydande i dag enn dei må ha gjort i tidlegare tider: At jorda er lagt på pilarar, at snøen har eit kammer, og at Gud sparer på eit lager med hagl. Som bilete, ikkje naturvitskaplege innsikter, står dei seg likevel godt.

Rekka av fuglar og dyr Gud trekker fram for å demonstrere si allmakt, er like fullt ein smule finurleg: løve, ramn, fjellgeit, hjort, villesel, villokse, struts, hest, falk og ørn – i tillegg til ibisfuglen (fuglen som varslar flaum i Nilen) og hanen. Som klimaks bruker Gud mykje plass på å snakke om to dyr dei aller fleste i dag reknar for å vere mytologiske: Behemot og Leviatan. Skapningen Behemot kan minne om ein flodhest og blir i bibelteksten omtalt som «Guds fremste verk». Leviatan blir nemnd fleire stader i Bibelen, både i Salmane og hos profeten Jesaja, og er eit sjøuhyre som kan minne dels om ein slange, dels om ei krokodille og dels om ein eldsprutande drake.

Det sympatiske ved Job er at han legg seg flat når han høyrer Guds ord, sjølv om han antydar at emnet for samtalen er «så underfullt at eg ikkje fattar det». Job kallar sine eigne ord attende og får dermed full oppreising: Ikkje berre får han velstand og ny familielykke, han lever også i nye 140 år før han døyr gammal og mett av dagar.

Jobs høge alder gir ymt om at handlinga, som bør lesast som ei symbolforteljing og ikkje eit forsøk på historieskriving, er lagd til patriarkane si tid eller før. Abraham (175 år), Isak (180 år) og Jakob (147 år) er dei siste bibelske personane som lever over 120 år. Ettersom Job først har ti vaksne og festglade barn, får ti barn til etter ulykka (deriblant tre døtrer som blir skildra som dei vakraste kvinnene i landet), og deretter lever i 140 år til, skulle det tilseie at han blir godt over 200 år.

Korleis det går med Satan etter «veddemålet», får vi ikkje vite noko om. Men kombinasjonen av tragedie, duell, poetisk språk og djupe psykologiske og filosofiske innsikter sluttar aldri å gripe og forundre oss.

Artikkelen er oppdatert: 26. oktober 2017 kl. 12.32

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk