Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Søppelprat

Klassekampen er flinkare enn aviser flest til å sjå levestandard i lys av sosial klasse. Folk med dårlig råd og lav levestandard er vanlegvis ein del av arbeidarklassa. Det gjeld i Norge, og enda meir i USA. Difor er det skuffande at Tommy Olsson i Klassekampen 9. juli brukar det forslitne og fornedrande uttrykket white trash om fattige, kvite amerikanarar. At uttrykket er gjengitt på engelsk, og i kursiv, hindrar ikkje at lukta av søppel sprer seg i spaltene. Ein distansert bruk av fordomsfulle ytringar er også med å halde fordomane ved like.