Klassekampen.no
Torsdag 10. august 2017
Politiske pilegrimar: Norske og kristne verdiar sausast saman i valkampen, skriv Anne Kalvig. Her er Høgre-statsrådane Jan Tore Sanner og Linda Hofstad Helleland på Olavsleden med domprost Ragnhild Jepsen og Anita Krohn Traaseth. Foto: Vegard Wivestad Grøtt, NTB Scanpix
Når politikarar brukar kulturarv som salsargument, blir det fort klamt.
Verdikampen

«Erna varsler større vern av verdiarven vår», proklamerer avisa Vårt Land 2. august. Som dei fleste har fått med seg, har høgresida bestemt seg for å køyra på med «vår» kristendom, kulturarv og nå også verdiarv i valkampen, for å sikra seg regjeringsmakt.

Å snakka om «verdiar» som er vekselvis norske, kristne og våre, og ein «arv» som er vekselvis kultur- og verdilada, står høgare i kurs enn tydeleg formidling og forsvar av eit konkret partiprogram. Partiprogramma er rett nok tufta på verdiar og på tradisjonar, men dei representerer ulike politiske ideologiar, ikkje meir eller mindre sanne versjonar av «det norske» og eit slags metafysisk arvesylv.

Kulturarven blir klam og klistrande, i staden for noko viktig som kan drøftast seriøst i eit nasjonalt fellesskap av politisk usemje. Kva tid blei det forresten ein dyd å andektig arva og overta tidlegare generasjonar sine verdiar og oppfatningar? Var det ikkje «innovasjon» me skulle ha meir av? Jo, vent, innovasjon og endringskompetanse er sikkert norske, kristne verdiar, det og.

Likestilling blir framheva som norsk verdi og kultur. Men kvinneundertrykking og mannsdominans har jo vore langt meir rotfesta enn likestilling og likeverd. Kvinnerørsla sin protest mot nedarva kultur endra dette, med røystrett for kvinner i 1913, sjølvbestemt abort i 1975 og lov mot sexkjøp innført i 2009. Vanlegvis reknar me norske tradisjonar lenger tilbake enn som så. Men det er jo aldeles ope, kva tradisjonar ein meiner er norske, hevdvunne, gamle og gode.

Barnehage og skole er to av dei viktigaste, offentlege arenaene i Norge der visse verdiar blir fastsette og forventa aktualisert og vidareført. I Barnehagelova § 1, i Rammeplan for barnehagar og i Generell del av læreplan for grunnskolen heiter det at kristne og humanistiske verdiar ligg til grunn for det som skal gjerast her. Ein listar opp ei mengd verdiar generelt forstått som gode i vår tid, og finn det naudsynt å slå fast at dei er forankra i ein bestemt religion og ein bestemt filosofi, framfor andre. Kristne og humanistiske verdiar er såleis åndsfridom og likeverd, kritikk, fornuft og forsking, for å nemna noko.

I Generell del av læreplanen står det også: «Den kristne tru og tradisjon utgjer ein djup straum i vår soge – ein arv som sameiner oss som folk på tvers av trusretningar». Her klarer ein faktisk å hevda at kristendom er ein arv som lagar eit fellesskap av folk av ulike religionar. Det er gjerne å ta litt for hardt og høgstemt i? I alle fall ser det spøke ut for alle ikkje- og annleistruande, dei får vera folk takka vera kristendom. Norsk soge og arv begynner dermed heller ikkje før midten av 1000-talet.

Avsnittet etter «Kristne og humanistiske verdiar» i Generell del av læreplanen heiter «Kulturarv og identitet». I teksten blir ikkje kulturarv nemnt direkte, men kan tolkast som å vera «nedarva veremåtar, normer og uttrykksformer», samstundes som åndsfridom og toleranse blir framheva. Det er sjølvsagt vanskeleg å skriva klart og tydeleg om desse store, overgripande ideala og visjonane på kort plass i lover og statlege styringsdokument. Verre blir det når nokre politikarar forsøker bruka kulturarv, verdiar og «det norske» som sjølvforklarande salsargument for deira politiske program.

I barnehage og skole er ramme- og læreplanar forsøk på å skapa fellesskap og felles plattform, om enn ein kan meina at formuleringar og forståingar her har ein del å gå på. I politikken dreier det seg om kamp – om veljarar og makt.

Kamp om arv og identitet er sentralt også for nazistane som marsjerte ulovleg i Kristiansand nyleg. Antirasistar har foreslått at Tyr-runa, som er bokstaven T i futharken og symbol for Tyr, bør forbys. Heller enn å overgje norrøn kulturarv til valdelege grupper, kan ein jo ta i bruk eksisterande lovverk. Det seier seg sjølv at me ikkje kan forby ein bokstav. Torshammar-symbolet er til dømes også populært hos mange høgreekstreme. Men torshammaren er jo også eit kjært symbol for talrike andre! Mange fredelege folk har eit nært og levande forhold til både runer og andre norrøne symbol. Men det er kanskje ikkje så kjent og verdsett, og norrøn gudelære og verdssyn er heilt fråverande i læreplanen for KRLE.

anne.kalvig@uis.no

Lars Gule, Bjørn Olav Utvik, Eivor Oftestad, Mina Bai og Anne Kalvig skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.

Artikkelen er oppdatert: 15. august 2017 kl. 13.36

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk